Den norske bokbyen har mange støttespelarar og eldsjeler. Dei to fremste er ekteparet Claus og Kari Kvamme, som har lagt ned eit umåte stort arbeid for bokbyen.
Datering
2007
Fotograf
Per Olav Bøyum

Bokbyen i Fjærland

I juni 1996 opna kulturminister Åse Kleveland Den norske bokbyen i Fjærland, den åttande i Europa og den fyrste i Norden. Den vesle tettstaden Mundal blei med det eit eldorado for bokormar og bibliofile på litterær skattejakt.

Bakgrunn

Bokbyen var eit svar på dei utfordringane kommunikasjonsforbetringar hadde skapt for tettstaden Mundal. Fjærland fekk vegutløysing mot Jølster i 1986. Snaue ti år seinare blei det opna vegsamband til Sogndal, og Fjærland vart med eitt ei gjennomfartsåre i fylket. Biltrafikken gjennom Mundal forsvann, og den turisttrafikken som bygda i hundre år har hatt som del av næringsgrunnlaget, stod i fåre for å døy ut.

Bygdeutvalet sette i 1994 ned ei styringsgruppe for å sjå på nye aktivitetsområde for Mundal. Gruppa, som bestod av Kari og Claus Kvamme, Nils Paulsen, Marit Orheim Mauritzen og Barbra Vangsnes, kom opp med ein spanande idè: Kva med å etablere ein bokby i Fjærland? Handling erstatta snøgt tanke, og i 1995 blei det sett i gang to forsøksvise utsal. Året etter vart bokbyen sett i ordinær drift med 11 utsalsstader.

Image
Bokbyen blei offisielt opna 23. juni 1996 av kulturminster Åse Kleveland.
Datering
1996
Fotograf
Borgtor Bøyum
Eigar
Borgtor Bøyum

Bokbyar

Bokbyar er tufta på fleire idèar. Eit viktig føremål er å halde litteratur i sirkulasjon. Sidan boktrykkarkunsten blei oppfunnen, har det på verdsbasis blitt gjeve ut om lag 100 millioner boktitlar. Jamvel om 90% av dei har blitt trykte etter 1960-talet, kan det ofte vere vrient å få tak i bøker som er meir enn nokre få år gamle. Av økonomiske omsyn er det sjeldan bøker blir liggande på lager lenger enn eit par år.

Nærings- og distriktstiltak er også eit viktig fundament i bokbykonseptet. Då Hay on-Wye blei etablert som den fyrste bokbyen i 1961, var det som eit tiltak mot fråflytting og urbanisering. Difor vert bokbyar ofte lagt til litt avsidesliggjande plassar.

Landsbypreget har også ein annan føremon. I ein bokby er det bøkene som skal dominere, helst i eit fredfullt sentrum der folk kan rusle fritt omkring utan å bli sjenert av støyande trafikk. I tillegg er det naudsynt å ha godt med ledige lokale. Dette hadde Mundal i rikt mon, og nedlage fjøs, naust og fryselager blir no nytta til bokbutikkar. Slik tek ein vare på bygningane, og - like viktig - dei blir fylte med liv.

Image
Natur og kultur: I Fjærland er kombinasjonen kraftfull. Omgjeve av fjord og fjell gjev Mundal ro og kontemplasjon for bokelskarar.
Datering
2007
Fotograf
Per Olav Bøyum
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bøker og bokutval

Bokbyen i Fjærland har eit stort utval av litteratur. Her er både fag- og skjønnlitteratur, nye og gamle bøker, norske og utanlandske titlar. Per september 2007 utgjer bokstamma heile 250 000 bøker, eller ei bokhylle på fire kilometer, for å setje talet i eit større perspektiv. I tillegg kjem blad og tidsskrift.

Mange av bokladene er spesialiserte på nokre få litteraturområde. Til dømes har bokkafèen Onkel Mikkel konsentrert seg om krim, medan Seriesalget har funne ein nisje i teikneseriar. Bokbyen har dessutan mellom dei største samlingane i landet av barnelitteratur og bøker med kristent innhald.

Image
Bokbyen i Fjærland er ei samling av store og små antikvariat og bruktbokutsal, spreidde over ei strekning på 300 meter. Frå Odin, som er lokalisert ved den nedlagde ferjekaien, til Kaffistova vis-avis aldersheimen, står det oppstilt 250 000 bøker som ventar på å få ein lesar.
Eigar
Den norske bokbyen i Fjærland.

I 2007 er det fire sjølvstendige bruktbokhandlarar som utgjer Den norske bokbyen. Grunnlaget for bruktbokhandel er det store og umissande verdet gamle bøker representerer, og her er kundane sitt møte, ikkje berre med gamle bøker, men med slik mengd av bøker, viktig for å halde oppe interessa for tidlegare tiders litteratur.

Den norske bokbyen er open for besøkande frå april til september, og heile året for handel over internett, telefon eller e-post.

Image
Bibbi Bokkens magiske bibliotek kom ut i 1993, og er skriven av Jostein Gaarder og Klaus Hagerup. Handlinga krinsar om eit magisk bibliotek som ligg i Fjærland. Det spesielle med biblioteket er at det inneheld alle bøker som har blitt skrivne, og alle som vil bli skrivne i framtida. Slik sett vart Bibbi Bokkens magiske bibliotek mest eit profetisk skrift for bokbyen, som blei etablert nokre få år etter at boka kom ut.

Mauritzen, Hilde: Fjærland. Førde 2007.
Den norske bokbyen : idègrunnlag. Fjærland 1995.
Sogndal Lokalhistoriske Arkiv: SFF-2006020 Den Norske Bokbyen.
Munnleg informasjon frå: Kari og Claus Kvamme.


CC BY-SA 4.0