Lysøen (Helge Sunde).

Lysøen, Os

Truleg er det stadskonduktør Conrad Fredrik von der Lippe som har teikna Lysøen (Helge Sunde).

Lysøen

Lysøen, dette eventyrslottet med den russisk-inspirerte løk-kuppelen på hjørnetårnet, står som eit minne om historismens mangfald og eit monument over ein mangfaldig kunstnarperson; ein sentral skikkelse i den norske nasjonalromantikken.

Ole Bull kom til Lysekloster første gong i 1826, og han vart alt som 16-åring fascinert av staden. I 1872 kjøpte han Lysøen av barndomsvenen sin, antikvar Nicolay Nicolaysen, for 600 Spesiedalar. Året etter, i 1873, stod «Villa Lysøen» ferdig. Då tok han huset i bruk som sommarbustad. Sikkert er det at det må vera Ole Bull sjølv som har samla inntrykk og impulsar på sine reiser til denne fabelvillaen med det store musikkrommet i maurisk stil. «Mitt lille Alhambra» kalla Ole Bull Lysøen. Øya er i seg sjølv eit uttrykk for nasjonalromantikkens naturkjensle. Kvitgrusa spaserstigar fører opp til den høgaste toppen, med vidt utsyn over fjordlandskapet.

Ole Bornemann Bull var fødd i 1810. Apotekarsonen frå Bergen som vart nasjonalhelt. Det var musikar han ville verta, og alt som niåring spela han offentleg for første gong. I 1830 reiste han til Paris for å skapa seg ei framtid som fiolinist. Etter ein konsert i Bologna fire år seinare kunne han ta det honoraret han ville. Han hadde plassert seg som kanskje den fremste fiolinvirtuosen i verda. I heile sitt vaksne liv reiste Ole Bull svært mykje på konsertturnear, særleg i Europa og USA. Ole Bull var barn av si tid; nasjonalromantikken. «Ole Olsen, norsk nordmann fra Norge» kalla han seg. Han ville gjera Noreg kjend i utlandet, og ingen nordmann var så verdskjend som Ole Bull i hans tid. Kring 1850 skipa han Det Norske Theater i Bergen; det første teatret i Noreg som bruka norsk språk. I tur og orden sette han Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson til instruktør og leiar for teatret. Frå 1850-åra og resten av livet budde Ole Bull for det meste i USA. I 1872 kjøpte han Lysøen. Her budde han kvar sommar, og her døydde han i 1880.

Ole Bull var levande oppteken av dei folkelege kulturtradisjonane, ikkje berre folkemusikken. Då Lysøen var ferdigbygd, tilkalla han ein god målarmeister, Annanias Tveit (1847-1924) frå Hegglandsdalen i Os. Han var samstundes ein dugande rosemålar; ein av dei mest sentrale mellom Osmålarane i andre halvdel av 1800-talet. Han utvikla Os-stilen til sitt høgdepunkt, med fargerike roser og arkitektur på lys botn. Då han var ferdig på Lysøen, tok han motivet av den maleriske villaen med seg og brukte det på sine fargeglade kister; ein sjeldsynt kontakt mellom nasjonalromantikken og det folkelege kulturmiljøet og eit eineståande verk i europeisk folkekunst.

  • Gjesdal, C. O. G. (1972) Lysøen: variasjoner over et vestnorsk tema. Bergen, Bergens tidende og J.W.Eides boktrykkeri.
  • Madsen, S. T. (1975) Ole Bulls hus på Lysøen. I: Vern og virke: årsberetning fra Riksantikvaren og den antikvariske bygningsnemnd. Oslo, Riksantikvaren, s. 34-47.

Sjå også

Andre stader i kommunen