I 1981 vart samlinga flytta til bygdetunet på Rød. Våningshuset er ei 1700-tals røykstove med tilbygd lemstove, eit stabbur, ei smie og ein stall. I dag står det òg ei kvern i tunet, flytta frå Døssland.
Rød har vore i eiga til Baroniet i Rosendal. Til garden høyrde òg tre husmannsplassar. Bøndene på Rød har frå gammalt av hatt ulike attåtnæringar: fiske og jakt, notbruk, tønneproduksjon og fraktefart. Brigt Holgerson Rød (1864-1943) var ein dugande smed, og Rødsknivane var kjende vidt omkring.
Tunet ligg vakkert til, omkransa av gamle, freda eiketre, og med utsyn mot Snilstveitøy og Hardangerfjorden.