Hovemadonnaen frå 1200-talet
Maria sit på ei trone under ein baldakin og med sonen, Jesusbarnet, sitjande på moras venstre kne. Både mor og barn ber krone og kostbare kler dekka av bladgull. Maria har ei hermelinskappe over skuldrene. Ho er kledd som Himmeldronninga men er også sjølv ei trone for sonen Kristus Kongen, som er det eigentlege midtpunktet i framstillinga. Kyrkjerommet skulle i mellomalderen avspegle himmelens herlegdom, og den opphøgja Himmeldronninga og Himmelkongen inngjekk i denne framstillinga. Men for menneska i mellomalderen har nok Maria-framstillinga også (mellom anna) kunne formidle ei mors (oppofrande) kjærleik til barnet sitt. Marias stirande, tenksame blikk framstiller det mest som om ho kjende den lidande skjebnen guten hennar skulle få.
Hovemadonnaen. Foto: Adnan Icagić, Universitetsmuseet i Bergen.
Hovemadonnaen er den bevarte delen av eit Maria-skap der mor og son utgjorde midtpartiet. På kvar side har der vore fløydører med 12 mindre apostelfigurar i relieff, seks på kvar side fordelte på to høgder. Fløydørene er no tapte, men skriftlege omtalar frå 17- og 1800-talet fortel at også apostelfigurane var forgylte. Fløydørene var toledda, slik at dei kunne lukkast rundt baldakinen og skjule Maria, Kristus og apostlane. Korleis Maria-skapet framstod i Hove kyrkje når dørene var lukka veit me ikkje sikkert, men slike fløydører var på 1200-talet gjerne enkelt dekorerte og fargesette på utsida, kanskje i raudt og grønt. Når skapet i Hovekyrkja stod lukka, som det i alle fall gjorde i fastetida og adventstida, var det såleis svært enkelt. Men når skapet til jul og påske vart opna i si nærare 2 m. breidde, stod det i all si gullbelagde prakt. Då såg dei i Vik inn i all himmelsk herlegdom, der altarlysas skjær gav ekstra liv til biletet av Kristus og mor hans der dei sat, omkransa av skinande apostlar.
Skapet med Hovemadonnaen vart truleg laga ca. 1240, enten i det engelske eller det fransk-flamske området rundt Den engelske kanalen. (Det vart venteleg importert til Vik via Bergen.) Det har vore ei stor investering dei på Hove gjorde ved dette kvalitetskjøpet om lag 50 år etter at steinkyrkja deira var blitt ferdigbygd. I kyrkja stod Hovemadonnaen så i om lag 600 år. Då sjølve madonnafiguren vart sendt til Bergens Museum i tiåra før eller etter 1840 var både fløydørene og baldakinen fjerna frå Hovekyrkja. Baldakinen var komen til nabokyrkja på Hopperstad i Vik og kom først inn til museet i 1960-åra.
Hovemadonnaen frå 2010-talet
Slik folk i mellomalderen kunne oppleve det originale Maria-skapet i Hove kyrkje, slik kan me i dag oppleve den gjenskapte Hovemadonnaen på same høgaltaret, med unnatak av at fløydørene med apostelfigurane ikkje er rekonstruerte. Den originale Hovemadonnaen ber etter gode 750 år fleire skader, som at Marias fotparti er saga av. I den gjenskapte versjonen er dei øydelagde delane nyskapte, slik at den nye Hovemadonnaen framstår slik den originale kan ha sett ut som ny. Nyskapinga av dei øydelagde delane er gjort etter vitskapelege vurderingar, og alt handverk er utført med høgst mogeleg fagleg kvalitet. Den nye Hovemadonnaen avspeglar nok i hovudsak korleis folk i Vik har møtt den originale på 1200-tallet.
Den nyskapte Mafonnaskulpturen slik ho står i Hove kyrkje i dag. Foto: Alf Tore Hommedal, Universitetsmuseet i Bergen.
Den nye Hovemadonnaen vart skapt 2017 – 2020 etter lokalt initiativ og langvarig førebuing i Vik. Prosessen vart innleia ved laserskanning av originalen (Kulturhistorisk Museum, Oslo) slik at originalens bevarte former heilt kunne overførast til den nye figuren. All nyskaping, og all treskjerarkunst og fargesetting (polykromering) vart gjennomført av Treskjærerverkstedet A/S i fagleg samråd med Universitetsmuseet i Bergen og Fortidsminneforeininga, alt under leiing av «Hovemadonnakomitéen» i Vik.
Skulpturen er i dag eigd av Fortidsminneforeininga, som også eig kyrkja.
Kjelder
Alf Tore Hommedal 2021a: “Gjenskaping – Hovemadonnaen i ny form. Å forma ein mellomalderskulptur på nytt.” I: Fortidsvern 2021 (3) s. 54-59. Digital versjon Fortidsminneforeningen
Alf Tore Hommedal 2021b: “Hovemadonnaen – skapt på 1200-talet. Gjenskapt på 2000-talet.” I: Høyer, Jo & Knut Olav Aslaksen (red.) Årets Museum, Universitetsmuseet Årbok 2021, (26. årg). Bergen 2021: Universitetsmuseet i Bergen. S. 97-101, 141-142.
Justin Kroesen og Stephan Kuhn 2022: Middelalderens kirkekunst. Universitetsmuseet i Bergen. Regensburg: Schnell & Steiner.