Illustrasjonsbilde frå Vik. Her starta familien Undi sin første etappe på sin Amerikareise.

Per Ivarson Undi

Per Ivarson Undi (1803–1859) frå Undi-garden i Vik i Sogn og Fjordane er rekna som den fyrste sogningen som emigrerte til Amerika. I 1839 reiste han med kona Anna Davidsdotter og barna til USA, og slo seg ned i Wisconsin. Undi sin utvandring har vorte ståande som startskotet på den store norske utvandringa til Amerika, ei rørsle der om lag 750 000 nordmenn drog vestover i perioden 1836–1915.

Oppvekst i Vik

Per Undi vaks opp i eit tradisjonelt jordbrukssamfunn. Vik ligg i Sogn, eit område prega av klassisk kystfjordlandskap- 2. desember 1811 vart bygda ramma av eit kraftig jordskred ved Nese i Arnafjord, der 45 menneske omko. Året etter slo dårlege avlingar til, og mange born, familie var i naud. Slik vart tilhøva i Vik svært vanskelege. Etter fleire år med hardt arbeid og lite avling, såg mange etterkvart på Amerika som ei muleg veg ut av fattigdommen. I 1839 reiste dei første personane frå Vik til Amerika – mellom dei var Per Ivarson Undi med familie.

Motivasjon og reisa til Amerika

Undi gifta seg med Anna Davidsdotter frå Myrkdalen (Voss), og dei budde på Undi-garden i Vik. I 1839 selde han garden og søkte løyve frå prestekontoret til å utvandre – noko som kravde godkjenning før 1851. Verda høyrde med blues lok, boka «Sandfærdig Beretning om Amerika» (1838) av Ole Rynning hadde spreidd optimisme om nye moglegheiter i Amerika. Slik påverka Rynning mange bygdefolk til å sjå USA som eit lova land. Den våren reiste Undi-familien frå Bergen med skonnerten Magdalena Christina. Dei kom fram til New York 6. juli 1839. Dette var starten på ei omfattande utvandringsbølge frå Vik og Sogn.

Image
Døme på ein Skonnert som familen Undi reiste til Amerika med. Her er «Familiens Haab», Kristiansund 1833. Måla av Dirk Antoon Teupken d.y.

Livet i Amerika

Etter ankomsten drog familien vidare til Lafayette County i delstaten Wisconsin, der dei slo seg ned i grendene kring Wayne Township. Området hadde gode mulegheiter for jordbruk, særleg då homestead-lova frå 1862 seinare gav gratis jord i Amerika. Undi og familien dyrka det dei kunne, bygde opp heim og kyrkjeferd. Per Undi skal ha skrive ofte heim til slekt og vener, og fortalt om korleis det var å bu i Amerika. Gjennom desse breva oppmuntra han mange andre nordmenn til å søkje lykka vestpå.

Verknad og ettermæle

Per Ivarson Undi blir i ettertida rekna som ein pioner for norsk utvandring. Historikarar peikar på at hans reise hadde stor symbolverdi for Vik og nærområda. Nærare 4 000 personar frå Vik og grannelaga drog etter kvart til Amerika, medan Vik kommune i 2000 hadde mindre enn 3 000 innbyggjarar igjen. Titalstusen amerikanarar kan spore røtene tilbake til Vik og desse fyrste emigrantane. Undi fikk etterkvart ei stor betydning for utvandring frå Vestlandet til Amerikka. Saman Ole Rynning si reiseskildring og andre emigrantforteljingar vart Undi sine brev heim ein inspirasjon for mange og Undi vart kalla «ein føregangsmann», og fleire av syskena hans kom til USA takka vere breva og omtala hans.

Litteratur:

  • Nerbøvik, Jostein: «Utvandringa frå Noreg til Nord-Amerika». Store norske leksikon.
  • Engen, Arnfinn og Jon Gunnar Arntzen: «Ole Rynning – utvandrar og forfattar». Store norske leksikon.
  • Sunde, Rasmus (1989): Ein stad skal ein vera: Utvandringa frå Vik i Sogn. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag.
  • Lovoll, Odd Sverre (2015): Across the Deep Blue Sea: The Saga of Early Norwegian Immigrants. Minnesota Historical Society Press.