Omgangsskulen og skulevegane
Skulelova av 1741 krov ei ordning med skulestellet. Dette året sette dei opp ein "skulefundats", med lover og reglar for korleis skulestellet i bygda skulle ordnast. Det viktigaste i denne Placat og nærmere Anording angaaende Skolerne paa Landet i Norge var at det einskilde prestegjeldet sjølv skulle ordna med skulestellet. Presten skulle ta initiativet til eit møte for å få til ei ordning. Kommunen vart delt inn i krinsar, og ein lærar skulle reisa rundt og undervisa borna, 8 til 16 veker i året. Ute i grendene samlast dei på gardane, ofte i bolkar på 14 dagar. Utkantar med høgdagardar hadde gjerne omgangsskular. Skulen gjekk på omgang, og læraren "flytte på seg". Borna vart på denne måten sparte for dei lengste og farlegaste skulevegane.
Skulekrinsar og skulestader
Aurland kommune har hatt desse skulekrinsane:
- Vangen
- Flåm
- Berekvam
- Myrdal
- Undredal
- Dalen
- Vassbygdi
- Nærøydalen (Dyrdal, Bakka og Skjerpi).
Det vart halde skule på desse stadene:
- Urvik og Nesbø (Aurdalen i Aurlandsdalen)
- Sinjarheim
- Stondalen
- Bjørgo og Turli
- Skjerdal
- Berekvam
- Otternes og Ytreli (Bakkane krins for dei to sistnemnde).
Skulehusa
Med skulelova av 1860 kom eit strengare krav om opplæring og om bygging av skulehus.
Dei første skulehusa:
- Flåm 1862
- Vassbygdi 1866
- Undredal 1871
- Dalen 1876
- Vangen 1879. Frå 1848 vart huset til forbruksforeininga på Vangen (Skjerdalsbutikken) nytta.
- Skjerpi 1882
- Berekvam 1899
- Dyrdal 1901
- Bakka 1908
- Myrdal 1921
Seinare nybygg:
- Flåm 1914 og 1986
- Undredal 1921 og 1998 (tilbygg)
- Vangen 1933 og 1974
- Vassbygdi 1952
- Dalen 1970
- Skjerpi 1973