Linda som står på Bleiklindneset no er om lag 115 år gammal og skal vera komen opp som stubbeskot frå treet som amtmann G. P. Blom såg her i 1823. Sommaren 1996 var Bleiklindi 22 m høg. Stammen, som er delt om lag 50 cm over bakken, har omkrins i brysthøgd på 175 og 105 cm.
Datering
27.05.1996.
Fotograf
Knut Nedkvitne.
Eigar
I boka "Lind i norsk natur og tradisjon".

Bleiklindi i Nærøyfjorden - botanisk merkeleg kulturtre

Inst inne i Nærøyfjorden, eit kort stykke frå sjøen rett over fjorden frå Bakka, står Bleiklindi. Eit merkeleg tre som i 1910 vart freda ved kongeleg resolusjon. Bleiklindi er eit godt døme på tre ein kan kalla kulturtre, tre som gjennom lang tid har fått eit særleg rom hjå fleire menneske.

Kulturtre

Eit tre kan vera meir enn eit fenomen i snau botanisk forstand. Det kan ha eit kulturhistorisk aspekt ved seg. Det kan ha vorte planta av menneske, vorte styva, fått eit eige namn, som òg kan fungera som stadnamn. Det kan ha gjeve namn til lokalitet i nærleiken, hatt funksjon som tuntre, som leiketre, vore nytta til å setja oppslag på, fått historier (munnleg tradisjon) knytta til seg, vorte foreviga av målarkunstnarar (Slinde-birken), hatt funksjon i folketrua (Slinde-birken), ja, jamvel vorte freda ved kongeleg resolusjon.

Eit godt døme på eit slikt kulturtre er Bleiklindi i Nærøyfjorden. Grunnen til at Bleiklindi har vorte eit vidgjete kulturtre, er at bladverket er gult om våren og grønt om hausten, stikk imot det vanlege for lauvtre.

 

Image
Slindebjørka er eit av dei mest kjende, "heilage" trea i Noreg. Ho stod på Hydneshaugen på Slinde i Sogndal. Etter segna låg det ein skatt i haugen og ein linnorm vakta på han. Det vart ofra til bjørka, og Welhaven skreiv eit dikt om Slindebirken. Både I. C. Dahl og Fearnly måla bjørka. Ho bles over ende i 1874. Dette er eit fotografi av Dahl si Slindebjørk. Bautasteinen til venstre er òg borte no.
Slindebjørka er eit av dei mest kjende, "heilage" trea i Noreg. Ho stod på Hydneshaugen på Slinde i Sogndal. Etter segna låg det ein skatt i haugen og ein linnorm vakta på han. Det vart ofra til bjørka, og Welhaven skreiv eit dikt om Slindebirken. Både I. C. Dahl og Fearnly måla bjørka. Ho bles over ende i 1874. Dette er eit fotografi av Dahl si Slindebjørk. Bautasteinen til venstre er òg borte no.
Fotograf
J. C. Dahl: Slindebirken (Målarstykke).

Omtale i 1934

Lærar Per Hatlelid skreiv for 60 år sidan om Bleiklindi i Sogns Tidend. Det er eit interessant stykke, som er like aktuelt i dag som den gongen. Hatlelid skriv mellom anna:

"Inne i Nærøyfjorden midt for Bakka kyrkje på hi sida av fjorden stend ei merkeleg lind. Folk kallar henne til vanleg Bleiklindi. Det rare er nemleg at når bladi kjem um våren, so er dei gule på farge. Difor merkjer denne eine lindi seg godt ut frå den andre skogen attmed som då sjølvsagt er grøn. Denne gule fargen varer so utyver ei tid, men etterkvart byrjar bladi å verta grøne. Når so all annan skog stend gul um hausten, då er Bleiklindi heilt grøn, og bladi fell av grøne.

Alt i 1823 høyrer me denne lindi umtala av Gustav Peter Blom, som då var amtmann i Buskerud. Han hadde ved eit visst høve fare innetter Nærøyfjorden, og botanisk interessert som denne mannen var, so hadde han merka seg sersynet Bleiklindi og skreiv um henne i boka han gav ut um plantorne. Men i den botaniske literaturen elles frå denne tid er ikkje lindi nemnd. Korkje Schübelers store verk som er so rikt på upplysningar um merkelege tre, eller Axel Blytts utgreiding um plantelivet i Sogn nemner Bleiklindi.

Tradisjonen derimot kan fortelja at lindi som stend no, ikkje er same treet som stod for 110 år sidan. Den funnest og finst ikkje i heile verdi. Difor vert Bleiklindi i Nærøyfjorden eit sersyn, og professor Holboe set henne upp som ei ny original art millom plantorne under namnet Tilla cordata Mill."

Fredningsordlyden

Bleiklindi vart freda ved Kongeleg Resolusjon av 26.mai 1933 saman med fleire andre tre på Vestlandet. Ordlyden er som fylgjer:

(..)"I samhøve med pgf 1 i lov um naturfreding frå 25. juli 1910, (..) skal etternemnde tre vera freda mot skade eller øydeleggjing av alle slag: (..) 4. "Bleiklindi" på Bleiklindneset på Hatle-Styve, gnr. 2 bnr. 58 i Aurland herad. (..) Fredingsvedtaket skal kunngjerast med uppslag på fredingsstadene.(..)".

 

Image
Skilt om offentleg fredning. Dette er eit varselskilt på eit tre ein annan stad i fylket.
Skilt om offentleg fredning. Dette er eit varselskilt på eit tre ein annan stad i fylket.
Datering
1997.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Danna stadnamn

Me legg her merke til at i 1934 har Bleiklindi - i fredningsordlyden - gjeve namn til neset like ved der ho står. Det stadnamnet er enno i hevd. Ein liten stubb av den eldste postvegen mellom Bergen og Oslo går frå Bleiklindneset til Styve lenger ute i Nærøyfjorden. Statens Vegvesen nyttar Bleiklindi som stadnamn i ei kulturminneliste Bleiklindi - Styve.

 

Image
På bryggja i Styvi. Herifrå gjekk ein liten stubbe av postvegen Christiania - Bergen innover Nærøyfjorden til Bleiklindi rett over frå Bakka, innom inste neset på biletet. Vegen vert i dag nytta som turveg.
På bryggja i Styvi. Herifrå gjekk ein liten stubbe av postvegen Christiania - Bergen innover Nærøyfjorden til Bleiklindi rett over frå Bakka, innom inste neset på biletet. Vegen vert i dag nytta som turveg.
Datering
1995.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • Hatlelid, Lars: Stykke om Bleiklindi i Sogns Tidend. 1934.
  • Norsk Lovtidend. 1933.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Andre stader i kommunen