Prestebustaden "Herresalen" ved sjøen midt i biletet og kyrkja. Til høgre for uthuset øvst på biletet ser me litt av den store steingarden (muren) rundt innmarka på prestegarden. Den keltiske steinkrossen står like ved kyrkjegardsporten til venstre for kyrkje, den angliske i bakken under uthuset. I følgje ei segn skal det ha vore tre steinkrossar i Eivindvik, ein for kvar pil Olav den Heilage skaut frå tingstaden. Sokneprest i Gulen 1927-1937, Øysten Hovden, var i 1936 på synfaring saman med medlemmene av "Gulen Studiering" for å finne restane av denne krossen. Den 70 år gamle skomakaren Ole Ellingsen påstod at han hadde sett krossen siste gong i 1899, og viste staden der krossen hadde stått. Også Bernt Austgulen, som var over 100 år, mintest krossen. Dei fann likevel ikkje restar etter han. I 1983 kunne synske Anna Elisabeth Westerlund skildre krossen, som skal ha vore litt mindre enn dei to andre, og dessutan peike ut ei trapp i Eivindvik der ein rest av han var brukt som byggjemateriale.
Datering
1916.
Fotograf
G. Einan.
Eigar
Fylkesarkivet.

Den keltiske steinkrossen i Eivindvik

To steinkrossar i Eivindvik har truleg opplevd både Gulatinget og innføringa av kristendommen. Den eine av krossane har rette, enkle former og står ved porten til kyrkjegarden.

Frå dei britiske øyane

Krossen er 2,85 m høg, 1,15 m brei og 6-15 cm tjukk. Han er laga av såkalla Hyllestad-stein, ein glimmerskifer med isprengde granatar. Han har glatt overflate utan dekorasjon, rette sider på krossarmane og runde armholer.
I alt 54 av 60 steinkrossar i Noreg står på Vestlandet, og mellom desse hamnar den enkle krossen ved kyrkjegardsporten i Eivindvik i ei lita gruppe kalla "norsk-keltiske". Tradisjonen med å sette opp steinkrossar kom frå dei britiske øyane. Den keltiske krossforma kan tyde på eit kyrkje- eller misjonssamband med den keltiske delen av dei britiske øyane, - t.d. Wales, øya Man og Irland.

 

Image
Den keltiske steinkrossen utanfor kyrkjegardsporten i Eivindvik. Eivindvik sin kjende prost Niels Griis Alstrup Dahl var interessert i krossane og hadde si oppfatning om deira opphav. I "Budstikken" i 1824 skriv han: "Det Kors der staar ved Kirken, og som synes ældre og simplere udhugget end det andet nordenfor staaende, giver utvetydigen tilkjende at dette har været reist før Kirken blev bygget, for at indvie Stedet til et gudstjennesteligt Forsamlingssted, eller kun at christne selve Stedet. Som b...
Den keltiske steinkrossen utanfor kyrkjegardsporten i Eivindvik. Eivindvik sin kjende prost Niels Griis Alstrup Dahl var interessert i krossane og hadde si oppfatning om deira opphav. I "Budstikken" i 1824 skriv han: "Det Kors der staar ved Kirken, og som synes ældre og simplere udhugget end det andet nordenfor staaende, giver utvetydigen tilkjende at dette har været reist før Kirken blev bygget, for at indvie Stedet til et gudstjennesteligt Forsamlingssted, eller kun at christne selve Stedet. Som bekjendt vare saadane Kors i Middelalderen meget almindelige, især hvor man ikke havde endnu Tid eller Leilighed til at bekoste Kirker opbyggede". Døypefonten som vart funnen på eit ukjend tidspunkt, vart i prost Dahl si tid flytta bort til den keltiske krossen. I 1905 vart døypefonten flytta inn i kyrkja, der han framleis nyttast i 2001.
Datering
2001.
Fotograf
Gunnar Ellingsen.
Eigar
Fylkesarkivet.

 

Image
Den andre steinkrossen i Eivindvik, nemnd som "den angliske", står eit stykke nordafor den keltiske ved kyrkja. Denne typen er prega av runde former i motsetning til dei rette linene i den keltiske.
Den andre steinkrossen i Eivindvik, nemnd som "den angliske", står eit stykke nordafor den keltiske ved kyrkja. Denne typen er prega av runde former i motsetning til dei rette linene i den keltiske.
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Knytt til Olav

Krossane i Eivindvik er truleg sette opp i samband med kristninga av Noreg. Ei segn seier at Olav reiste krossane for å vigsle grunnen til gudsteneste, og at han baud folk å byggja ei kyrkje på staden. Ei anna segn går ut på at Olav skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden og sette opp ein kross der kvar pil landa. Steinkross-granskaren Fridtjov Birkeli (1906-1983) meiner det er sannsynleg at det var Olav Tryggvason som reiste krossane, før kyrkja i Eivindvik vart bygd.

Gulatinget

Kristninga av landet skjedde mellom anna gjennom vedtak på tingsamlingar, og begge krossane i Eivindvik kan ha vore reist i samband med eit slikt vedtak. Steinkrossar andre stader er òg reiste nær tingstader, som på Tinghaug og Krosshaug på Fosen og Thingvellir på Island. På denne måten har krossane opp gjennom åra vorte knytte til drøftinga om kvar Gulatinget låg. Det har vore peika på fleire stader for Gulatinget, mellom anna Eivindvik, Midtunvågen, Flolid og Stemnebø. Krossane har vore brukte som argument for at Gulatinget låg i Eivindvik, i alle fall i ein periode.

I staden for kyrkje?

Den tidlegaste skriftlege skildringa av krossane er frå 1626, og skildrar krossane omtrent slik vi ser dei i dag. Ei segn seier at den keltiske krossen opphavleg stod ved stranda, truleg saman med ein døypefont av same steinsort. Ein hypotese går ut på at døypefonten og krossen vart laga til ein massedåp som Olav Tryggvason heldt. Men det finst ikkje noko i skriftlege kjelder som tilseier at krossen har stått nokon annan stad enn ved kyrkjegardsporten. Den kjende prosten i Eivindvik, Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852), var oppteken av krossane og meinte at krossen ved kyrkjegardsporten vart reist som eit kristent samlingspunkt før kyrkja vart bygd.

 

Image
Dette biletet er teikna etter fotografi og står i "Illustreret Nyhedsblad", 20.05.1886. Døypefonten til venstre for krossen vart flytta inn i kyrkja i 1905 og er framleis i bruk.
Dette biletet er teikna etter fotografi og står i "Illustreret Nyhedsblad", 20.05.1886. Døypefonten til venstre for krossen vart flytta inn i kyrkja i 1905 og er framleis i bruk.
Datering
1886.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Eivindvik - før og no.

Krossen idag - 2001

Ein tilstandsrapport frå 1994 peikar på sterk vitring, avskaling og sprekkdanningar i steinkrossen. Det vert òg nemnt at krossen ved kyrkjegardsporten er sterkt utsett for fare for påkøyring. Eit minnesmerke som vart reist på Flolid i samband med at Gulatinget vart valt til Sogn og Fjordane sin tusenårsstad, er tydeleg inspirert av krossane. Dei to krossane i Eivindvik er òg avbilda i kommunevåpenet til Gulen kommune.

 

Image
Våpenet og flagget til Gulen kommune vart stadfesta i statsråd  9.2.1990. I resolusjonen står: .. <b>våpenet skal vera på blå grunn to utbøygde sølv krossar</b> ..
Våpenet og flagget til Gulen kommune vart stadfesta i statsråd 9.2.1990. I resolusjonen står: .. våpenet skal vera på blå grunn to utbøygde sølv krossar ..

2012 - «forferdelig tragisk»

Fredag 27. april 2012 blei steinkorset slege tvert av rett under armane. Det skjedde då folk frå Gulen skyttarlag heldt på å fjerna eit tre på innsida av kyrkjegardsmuren. Fellinga var tinga av det kyrkjelege fellesrådet. Dei var redde for at treet skulle detta overende og skada korset. Men så skjedde det likevel, trass vinsjar og andre tiltak for å sikra kulturminnet. Ei stor grein brotna og trefte steinkorset med voldsom kraft.

«Dette er forferdelig tragisk og alvorlig», uttalte kyrkjeverje Trude Brosvik til BT (Bergens Tidende). Ho opplyste elles at fellesrådet hadde valt å politianmelda saka for å få alt kring fellings-tiltaket klårlagt, og at dei venta på fagfolk til å synfara åstaden.

  • Midtun, Magnor: Eivindvik før og no. Eivindvik 2001. Birkeli, Fridtjov: Norske steinkors i tidlig middelalder: et bidrag til belysning av overgangen fra norrøn religion til kristendom. Oslo 1973.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Sjå også