1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, stortingsval og union med Sverige. - Leikanger prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong.
Særskild bededag – eidsavlegging og val
Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Leikanger brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå Prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.
Image
Prins Christian Frederik (1786-1848), dansk tronfølgjar, statthaldar i Noreg sommaren 1813, nekta å godta Kielfreden der Frederik VI avsto Noreg til kongen av Sverige, Noregs regent frå 16. februar, vald til konge i Noreg av riksforsamlinga på Eidsvoll, 17. mai, abdiserte 8. oktober.
Datering
Ukjend
Fotograf
Ukjend
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»
Image
Framside av brev til soknepresten i Leikanger 1814: «Velærværdige og Høylærde Provst Daae til Leganger»
Fotograf
faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «af Menighedens Agtværdigste Mænd».
Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.
Leikanger prestegjeld 1814
«Leganger Prestegjæld» omfatta i 1814 hovudsoknet (kalla «Leganger», i ein annan samanheng nemnt «Siøstrand») og annekssokna Fresvik (med Frønningen), Rinde (Feios), Vangsnes, Tjugum (Balestrand) og Fjærland. (Balestrand, med kyrkjesokna Tjugum, Vangsnes og Fjærland, vart eige prestegjeld 1849 og eigen kommune 1850). Reisemåten var båt, med årar og segl; ver og vind avgjorde reisetida. Det kunne bli ein lang bededag, særleg for fjærlendingane.
Image
Side i kyrkjeboka for Leikanger prestegjeld 1814. På dato 18. mars (markert) står innført om bededagen og eidsavlegginga.
Datering
1814
Fotograf
faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Leikanger prestegjeldet hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar av 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. Lov og rett vart ivareteke av lensmann, fut og sorenskrivar.
Våren 1814 budde amtmannen på eigedommen Askelund i Balestrand. Frå mai 1814 heldt futen i ytre og indre Sogn også til i Balestrand. Frønningen var postopneri i postruta Christiania – Bergen på sjøstrekninga Lærdal – Gudvangen. Brev til Nordre Bergenhus Amt frå Christiania hadde postadresse Frønningen.
Hovudkyrkja
Kyrkja på Leikanger var vallokale i det første valet på nasjonalforsamling i Noreg. Leikanger kyrkje er ei langkyrkje bygd av stein ca 1250. Etter ei omfattande restaurering i åra 1950-1955, framstår kyrkja i grove trekk slik ho gjorde frå 1600-talet og framover. Altartavla, preikestolen, døypefonten og triumkrusifikset er frå mellomalderen (1030-1536). Prestebustaden ligg tett attmed kyrkja. Ved kyrkjegardsgjerdet står ein minnestein med namna på alle prestane etter Reformasjonen (1536). Anders Daae er ein av dei.
Soknepresten i Leikanger
Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i 1814. Anders Daae (1758-1816) var sokneprest i Leikanger i åra 1789-1816, og prost i Indre Sogn prosti 1805-1816. I omtalen i boka Leikanger kyrkje står mellom anna:
«Anders Daae var ein prest med djupe røter i Leikanger si prestehistorie. Erik Nordahl, nesten 200 år før han, var tipp-tippoldefaren. Oldeforeldra var Ludvig Christophersen Munthe og Karen Leganger, prestefolk i Vik, (…) Biskop Johan Nordahl Brun heldt Anders Daae som ein av sine favorittar. Han vitja Leikanger fleire gonger ved innleiinga til 1800-talet og gledde seg like mykje kvar gong han kom til prestegarden under Halland.»
Prestebustaden «under Halland» var bygd av sokneprest Gert Geelmuyden i 1752. Den staslege bygningen vart riven i 1911, men frakta til hovudstaden og bygd opp att på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.
18. mars 1814 i Leikanger
Vi veit lite og ingenting om korleis valet føregjekk. I kyrkjeboka for Leikanger 1811-1835 står innført:
«18de Marts ved Leganger holdt Bededag ved Provst Daae over foreskreven Text Psalmen 62.8.9 i Anledning af Norges Adskillelse fra Danmark, hvorved de ganske Folk [alle frammøtte] aflagde høitidelig Eed at hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland.»
Image
Bustaden (prestegarden) til soknepresten i Leikanger i 1814, fotografert kring 1900. Huset stod orientert nord-sør, med langsida mot vest. Huset stod ferdig i 1752, vart rive 1911 og flytta til Norsk Folkemuseum.
Datering
Kring 1900
Fotograf
Ukjend
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Underskriven adresse og fullmakt
Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet og utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Leikanger prestegjeld har denne ordlyden:
Til Norges Regent, Prinds Christian Frederik!
I Følge Deres Høyheds naadigste Befaling af 19de Forriges, er her i Dag udi Legangers Præstegields Hoved-Kirke afholdt den paabudne Bededag i en Talrig Forsamling af Stædets Æmbedsmænd og Præstegieldets Beboere fra samtlige Sogner, med Fædrenelands Sind, som egner norskt Folk at ville hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskedes Fædreneland.
Af samtlige Tilstedværende bleve den personelle Capellan Hr. Ludvig Daae og Gaardemanden, Marchus Hovland valgte at møde paa det af Amtmanden bestemte Stæd Wiigøren den 30te Dennes, og hvad der disse blive enige om med de øvrige Menigheders Afsendte i Amtet, ere de fra os alle befuldmægtige til at udrette saavel i Henseende til de mest oplyste Mænds videre Valg til Mødet paa Eidsvold den 10de April, som om nogen af disse der blive utseete til Eidsvolds Mødet, da at maatte for dette Præstegield paa Nationens Vegne stemme Antagelsen af Norges Regjæringsform, saaledes som Deres Høyheds aabne Brev af 19de Forrige fastsætter, samt denne vor Adresse underdanigst at overleveres i Deres Høyheds egen Haand som fuldmagt for Valget, og til Bevaring i Rigets Archiv.
Leganger i Nordre Bergenhuus Amt den 18de Marti 1814
A. Daae, [-] Provst og Sognepræst til Leganger. P.B. Voss [-] Sorenskriver for Yttre Sogn Sorenskriverie. N. Boserup [-] resid. Capellan sammesteds. J.S. Bang [-] forhen. Foged Johan N. Thee T.C. v. Krogh Lars M. Hille S.H. Lem [-] Postexpediteur. Hans Olsen Henjum [-] Lensmand for Siøstrand. Lars Nielssøn Fosse Hermund Hermundsen Sveren O.J.S. Sjøthun Niels Olsen Traaen J.S.S. Bourlaug O.A. Etsun
Dei to valmennene frå Leikanger
Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Leikanger valde ein bonde og ein embetsmann, og dei to valmennene var:
Capellan Hr. Ludvig Daae. Han var fødd 1786 i Leikanger og var son til sokneprest Anders Daae og Anna Sofie Heiberg, fødd i Sogndal. Ludvig Daae gjekk ut frå latinskulen i Bergen 1807 og vart teologisk kandidat ved universitetet i København 1812. I 1813 vart han kapellan hjå faren og residerande kapellan i 1814. Ludvig Daae vart sokneprest i Lærdal 1823 og var i Lærdal til han døydde i 1831.
Gaardmand Marchus Hovland. Han finn me oppførd i folketeljing 1801 som Marcus Anfindsen, fødd ca 1763, «bonde og gaardbeboer» på garden Hovland i «Wangsness» teljekrins. Gudmund Balvoll er meir utførleg og presis i Gards- og ættesoge for Vik (2008): "Markus Anfinnson var fødd 1761 på Røysum i Leikanger sokn. Han gifte seg med Brita Perdotter Hovland, og tok med det som skikken var, Hovland, som etternamn."
Dei som skreiv under
Fullmakta er underskriven av tre embetsmenn (prest, sorenskrivar og to futar, den eine «forhenværende»), dessutan av ein «Capellan» (teolog), ein lensmann og ein postekspeditør. Resten er oppførde utan yrkestittel. Det er rimeleg å rekna med at dei var bønder. Kring halvparten (50%) av dei som skreiv under var bønder. Det er litt mindre enn amtet under eitt med kring tre fjerdeler (75%). Dei to valde valmennene skreiv ikkje under. Elles finn me namn frå nesten heile prestegjeldet; hovudsoknet, Fresvik, Feios og Balestrand.
Merknad: S.H. Lem, «postexpediteur»: Søren Hess Lem, Frønningen, fødd 1784, godseigar og den andre ordføraren i i Leikanger.
Amtsvalet
Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus i åra 1811-1814. Treschow budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:
" [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned. Treschow"
Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:
Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (Sogndal, Indre Sogn sorenskrivardøme).
Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler).
Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.
Image
Huset på Vange der det vart halde to amtsval i 1814, først 30. mars på tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll, og 23. september på fire representantar til omframt storting 7. oktober. Huset vart bygt kring 1715 av major Wilhelm Coucheron. Huset står framleis, og har namnet Lyche-huset etter kaptein Lyche som var i Vik frå 1845 til 1884.
Datering
1910
Fotograf
utsnitt av postkort, Stavanger forenede Fotografer.
Eigar
Lokalhistorisk arkiv i Vik
Ny amtmann
Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.
Image
Hovudhuset på Askelund i Balestrand, bustad for amtmann Treschow 1813-1814. Biletet er teke kring 1900. Seinare har det kome til nokre endringar; to små arkar, med skorsteinane og rundt vindauga i mønet på arken.
<p>Huset på Vange der det blei halde to amtsval i 1814, først 30. mars på tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll, og 23. september på fire representantar til omframt storting 7. oktober. Huset blei bygt kring 1715 av major Coucheron. Huset hadde namnet Lychehuset etter kaptein Lyche som var i Vik frå 1845 til 1884.</p>
Datering
kring 1900.
Fotograf
BKF
Eigar
Balestrand bygdebok
Val til omframt storting om hausten
Riksforsamlinga på Eidsvoll fastsette at det første «ordentlige Storting» skulle koma saman «første Søgnedag [yrkedag]» i februar 1815. Nederlaget i august skipla dette. Vi fekk eit storting hausten 1814, eit omframt storting (overordentlig eller ekstraordinært storting). Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august fastsette at eit storting skulle koma saman «den sidste Dag i September, eller (…) en av de første 8 Dage af October.» Reskript av 16. august fastsette dato og stad: Christiania, 7. oktober.
Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.
Representantar på omfram-stortinget
Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget.
Desse vart valde: 1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn. 2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn. 3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord. 4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.
Mobilisering og krig
Boka Syvårskrigen for 17. mai 1807-1814 (1914)av Henrik Angell, fødd i Luster, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 28. juli – 14. august 1814. Krigen enda med norsk nederlag og Konvensjonen på Moss, datert 14. august. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet.
Bygdebok for Balestrand. Bygd og ætter (1934) har eit kort kapittel «Dei som var ute i 1807-1814». Her står namn på fire «som ikkje kom heim att». Alle døydde på sjukehus i Fredrikstad:
Mikkjel Johannsson Midtun (Langeteig), fødd 1776, død 13. desember 1808.
Kjell Kjellson Bøyum, fødd 1780, 23 år gamal, død 21. desember 1808.
Ola Andersson Jordal, 23 år gamal, død 10. januar 1809.
Eirik Helgeson Vestreim, fødd 1787, død 16. januar 1809.
På 1814-minnesteinen i Fresvik står oppført 10 namn.
Image
Våpenkvile-avtalen mellom Norge og Sverige, Mossekonvensjonen av 14. august 1814, fastsette at eit storting skulle koma saman siste dato i september eller ein av dei første åtte dagane i oktober.
Datering
1814
Fotograf
faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Minnesmerke
Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. Indre Sogn har tilsaman 10 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814 og grunnlovsåret 1814, - åtte krigsminnesteinar og to minnesteinar over Eidsvoll-menn, dvs. representantar i riksforsamlinga på Eidsvoll. Dessutan står det ein sjømilitær minnestein ved Korskirken i Bergen med to namnet på to soldatar frå Sogn.
Den fyrste 1814-minnesteinen blei reist i Lærdal i 1902 som hundreårsmarkering for opprettinga av Det Lærdalske lette Infanterie Compagni og innsatsen i ufredsåra. Dei to neste vart oppsette i Årdal (1903) og Fresvik (1913). Dei andre vart reiste i jubileumsåret 1914.
Eggum, Terje: Leikanger kyrkje (…) 1999.
Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
Balvoll, Gudmund: Gards og ættesoge for Vik i Sogn. 2008.
Lyngvær, Roald: Leikanger bygdebok. Ættesoga. 1979.
Laberg, Jon: Lærdal og Borgund. Bygd og ætter. 1938