Ivar Lykke Falch Lind (1870-1951). Til høgre svogeren hans, bakarmeister Claus Andreas Hansen, gift med Hanna Birgitte Lykke Falch. Biletet er teke medan Falch Lind var på Stortinget.

Ivar Lykke Falch Lind (1870-1951). To the right his brother-in-law, the master baker Claus Andreas Hansen, married to Hanna Birgitte Lykke Falch. The picture was taken while Lind served at the Storting.

Datering
1903-1906
Fotograf
L. Szacinski, Christiania.
Eigar
Hans Falch

1905 - Stortingsmann Ivar Lind

I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Ivar Lind frå Florø.

Kort biografi
I boka Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814 - 1970 står denne biografien:

"Ivar Lykke Falch Lind, fødd i Førde 27. februar 1870, son åt lensmann Edvard Mathias Falch og Birgitte Julie Neerland. Can. jur. 1893, adj. lensmann i Kinn og Vevring same år, utnemnd som lensmann i same distrikt frå 1902, politimeister i Fjordane frå 1921 til 1940. Konstituert fylkesmann 1926-1928. Ordførar i Kinn 1923 til 1928. Med i direksjonen i Kinn sparebank og for Ulvesund Kreditbank. Døydde i Bergen 2. juli 1951. Gift med Sigrid Skridshol.

Image
Politimeister Ivar Lind (1870-1951), 1905-stortingsmann frå Florø, valperioden 1903-1906.

Chief of police Ivar Lind (1870-1951), "1905 Storting representative" from Florø for the term 1903-1906.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Hans Falch

Representerte Høgre. Var 3. representant frå Nordre Bergenhus amt 1903-1906, og vararepresentant frå Kinn krins 1910-1912."

Florø - "mit egentlige hjem."
I boka "Florø 100 år", 1960, står denne omtalen:

"Politimester Ivar Lind (1870-1951) var en av stortingsmennene i 1905. Han var lensmann i Kinn, seinere politimester i Fjordane. I Florø fikk han legge ned det meste av sin lange arbeidsdag, og han var gjennom alle år en god mann for byen og distriktene.

Han kjente det slitsomme folket her ute ved havet, og gjennom sitt embete oppnådde han på sin fine måte å bli avholdt som få. 33 år gammel ble han valgt til stortingsmann, og satt på Tinget i perioden 1903-1906. Fra 1926 til 1929 tjenestegjorde han som fylkesmann i Sogn og Fjordane i Christensens statsrådstid. Han var en tid redaktør av Nordre Bergenhus Amtstidende.

Image
Torggata i Florø på 1890-talet. Husa på venstre sida står framleis.

The street Torggata in Florø in the 1890s. The houses on the left side are still there.

Datering
1890-talet.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Flora-minne. 2002.

Politimester Ivar Lind hadde 7de juni-medaljen og Haakon VII's jubileumsmedalje.
De siste år av sitt liv bodde han i Bergen, men at tankene hans ofte var i hjembyen, går tydelig fram av følgende avslutning på hans artikkel i Kjenn Ditt Land's Florø-hefte, i 1950:

"Jeg ønsker en lykkelig fremtid for byen som har skjenket mig så megen glede gjennem hele livet, og som jeg føler mig så knyttet til, at jeg alltid vil tenke på den med stor takknemlighet og som mitt egentlige hjem."

Florø bystyre oppkalla ei gate etter den utflytte bypatrioten, Ivar Linds gate.

Biografiske opplysningar frå Danmark
Ivar Lykke Falch Lind var grandonkel til Hans Falch i Danmark. Han sende eit fotografi av Ivar Falch Lind og utfyllande biografiske opplysningar.
"Ivar Lykke Falch (Lind), født 27.02.1870 i Førde Sunnfjord, død 02.07.1951, gravlagt 05.07.1951 ved Korskirken i Bergen. Kom til opfostring i 1872 ved lensmand Olaus M. Lind, født 1824 død 1902, søn af prokurator Andreas Gunnerus Lind, født 1787 død 1851, gift med Maria Caspara Berg, født 1803 i Fjaler død 1882 datter af sognepræst i Holmedal Ole Berg og hustru Andrea Birgitte Preus, født 1776 død 1834, gift med Dorothea Kristine Magnusine Høst, født 1832 død 1906, datter af slotsforvalter i Oslo Ude Jocob Høst og hustru Barbra Fougner."


Thingnæs, Magnus, red.:Florø. Norges vestligste by. 100 år. 1960.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Nordfjord Sogelag. 1973.

Informasjon frå:
Hans Falch, Danmark.