På kyrkjegarden i Davik
Minnesteinen står tett attmed kyrkjegardsmuren ved det søraustre hjørnet av kyrkja. Steinen er laga til av eit emne dei fann i ein mur på fødestaden til ein av dei falne, Ingvald Elias Bøen. Han er kring 62 x 25 cm i firkant, kring 1 m høg, og er festa i eit rektangelforma fundament som går ca. 15 cm over bakken.
På steinen står skrive:
INGVALD ELIAS
KRISTENSON BØEN
31.8.1905 - 14.5.1942
SIGVALD KRISTIAN
MARTINSSON HØYLAND
9.2.1925 - 14.5.1942
ERLING MYRLIE
20.3.1916 - 20.1.1940
STEINEN ER REIST TIL MINNE
OM DEI TRE FRÅ DAVIK SOM
MISTE LIVET UNDER DEN
2. VERDSKRIGEN
DAVIK SOKN
2000
Minnesteinen vart avduka 17. mai 2000, og varaordførar Roar Førde heldt avdukingstalen.
The Davik "sokn" council took the initiative to erect the memorial stone. The stone was found at the birthplace of Ingvald Bøen, one of the three who died.
Biografiar i bokverket Våre Falne
HØILAND, SIGVALD KRISTIAN, lagerarbeider, Davik. Født 9. februar 1923 i Davik, s. av Marthinus P. Høiland, f. 1875 i Davik og Oline f. Bøen 1886, s. st. Arbeidet på lageret ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S på Svalbard. Kom til Skottland fra Svalbard september 1941 og tjenestgjorde i Hæren. Omkom 14. mai 1942 på en ekspedisjon til Svalbard da skipet ble angrepet av tyske fly.
Sigvald Høiland was one of the youngest in the Fritham expedition, only 19 years old. He served in the Army, but he was wearing a naval uniform on the raid to Spitsbergen in May 1942.
BØEN, INGVALD ELIAS, stuert, Davik. Født 31. august 1903 i Davik, s. av Kristen P. Bøen, f. 1859 i Davik, d. 1905, og Ane Iversdatter f. Dombestein, f. 1859 i Davik. Gift 1934 i Davik med Marie Kristofine Svendsen, f. 1909 i Haram. 1 barn. Stuerteksamen. Proviantforvalter ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S Svalbard. Kom til England fra Svalbard i september 1941 og gikk inn i Hæren. Omkom 14. mai 1942 ved Svalbard under en ekspedisjon fra England da skipet ble angrepet av tyske fly.
MYRLIE, ERLING, kokk, Davik. Født 20. mars 1916 i Oslo, s. av Elise Myrlie. Var kokk på d/s Miranda, og omkom 20. januar 1940 da skipet sank etter en eksplosjon, ca. 30 n. mil av Peterhead i Skottland, på reise fra Blyth til Oslo.
Erling Myrlie, born 1916, died when his ship went down in the North Sea on 21 January 1940.
Fritham-ekspedisjonen
Tyskarane heldt seg unna Svalbard etter okkupasjonen i april/mai 1940, og sambandet med fastlands-Noreg var nokolunde som før. Men i august 1941 skjedde ei dramatisk endring. For å hindra Tyskland å dra nytte av kolproduksjonen, vart Svalbard evakuert. Den russiske befolkninga vart skipa til Murmansk, den norske til Storbritannia (mellom dei var ungdomane Bøen og Høiland frå Davik). Ved evakueringa sette dei fyr på eit enormt kollager, og gjorde vitalt produksjonsutstyr ubrukande.
Tyskarane vart raskt kjende med evakueringa, og utnytta situasjonen. Dei utbetra ei landingsstripe og sette opp eit par vêrvarslingsstasjonar. Dei sende og ei ekspertgruppe for å sjå nærare på kolgruvene, men dei hadde få folk og lite materiell på overvintring.
Britane forstod snart at evakueringa var eit feilgrep, og våren 1942 vart ein ekspedisjon på 82 mann sendt avgarde på to skip, isbrytaren "Isbjørn" og fangstskuta "Selis" for å "okkupera" øygruppa og halda oppsyn med gruveanlegga. Ekspedisjonen, som hadde namnet Fritham, kom fram 13. mai. Den næraste kystlina var islagt, og medan "Isbjørn" braut seg fram det siste stykket, blei skipa påtekne av 4 langtrekkjande bombefly frå Banak i Finnmark. Begge skutene gjekk ned og 14 mann miste livet, mellom dei Høiland og Bøen. Dei attlevande greidde å koma seg til lands og berga seg til det kom hjelp. The icebreaker "Isbjørn" and the sealer "Selis" went to Spitsbergen with the Norwegian/British expedition force in May 1942. They were only a few hundred metres away from reaching land when they were attacked by four German bombers. Both ships sank and 14 men lost their lives.
Leiaren fødd i Solund
Leiaren for Fritham-ekspedisjonen, Einar Sverdrup, direktør ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, var fødd i Solund. Han var son til Johan Edvard Sverdrup som var sokneprest i Solund i åra 1893-1898. Sverdrup var ein av dei 14 som omkom i flyåtaket, og i verket "Våre Falne" står det om han:
SVERDRUP, EINAR, direktør, Bærum. Født 18. desember 1895 i Solund, s. av professor Johan Edvard Sverdrup, f. 1861 i Balestrand, og Agnes f. Vollan, f. 1866 i Norderhov. Gift 1923 i Trondheim med Dagny Lorck, f. 1899. 3 barn. Krigsskolen, bergingeniør N.T.H., studier i U.S.A. Var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, og kom til England i september 1941 da Svalbard ble evakuert. Tok straks opp arbeidet for å få utrustet en ekspedisjon som skulle besette Svalbard og verne om anleggene. Ble leder for ekspedisjonen og fikk oberstløytnants gard. Omkom 13. mai 1942 da ekspedisjonens skip "Isbjørn" ble senket av tyske fly i Grønfjorden. Krigskorset. Omtalt i Teknisk Ukeblad nr. 17, 1945."
D/S "Miranda"
Erling Myrlie var ein av nordmennene som vart offer for krigshandlingar til sjøs f ø r Norge kom med i krigen 9. april 1940. Skipet han var på, D/S "Miranda" på 2 100 tdv tilhøyrande reiarlaget J. M. Johannesen, var på veg frå Blyth på den engelske austkysten til Oslo då skipet vart torpedert av ein tysk ubåt. Av mannskapet på 17 vart berre 3 berga og tekne inn til Kirkwall på Shetland.