Bygda utan kyrkje
Årdal kyrkje er reist i teglstein og plassert på skrå i høve til sentrumsgatene i Øvre Årdal. Slik ønskte arkitekten å markere den sjølvstendige rolla kyrkjebygget er meint å ha i samfunnet. Og sidan kyrkja står i ein slik mektig natur med dominerande byggverk like ved, var det på sin plass å gi henne eit tårn som verkeleg ruva. Heile 30 meter reiser tårnet seg over inngangen til Farnes kyrkje.
Kyrkja skulle eigentleg ha vore bygd på staden hundre år før det skjedde, om berre folket hadde fått det slik dei ville. I 1867, då den gamle stavkyrkja på Årdalstangen vart riven, ønskte både presten og biskopen at materialane skulle nyttast til kapell på Farnes. Dei fekk avslag frå kommunestyret, og saka vart liggjande. I 1898 lukkast det bygdefolket å få til ein eigen gravstad. Dei tenkte vel at det då i neste omgang skulle bli lettare å få eit kapell på Farnes. Men det skulle gå over 70 år før bygda fekk eiga kyrkje. Dei hadde fleire mellombels løysingar. Frå 1918 vart kjellaren i det nye skulehuset nytta til kyrkjeleg bruk, og frå 1954 vart Ungdomsheimen interimkyrkje.
Bygging av kyrkje
Den 20. mars 1966 vart det kalla inn til soknemøte på Farnes. Då hadde kyrkjeplanane vore arbeidde på ei tid. På tidlegare soknemøte hadde det komme fram ønskje om ei kyrkje i tradisjonell stil, med tårn og spir. Kyrkjelyden vedtok samrøystes at dei ville nytta teikningane frå arkitektfirmaet Arnstein Arneberg. Fleire lag, mellom dei heile fem kyrkjeforeiningar i Øvre Årdal, hadde i fleire år samla inn pengar til kyrkje. Like over nyttår i 1967 vedtok kommunestyret ei løyving på nærare 3,5 millionar kr, og kyrkjesaka fekk fyrsteprioritet. Den 10. juni året etter starta bygginga. I mellomtida var det bestemt at kyrkja likevel ikkje skulle byggjast i sognegranitt slik planen var, men i raud teglstein. Det var rimelegare, og dessutan var raudfargen meir praktisk i høve til sot og støv frå aluminiumsindustrien.
A/S Årdal og Sunndal Verk gav ikkje pengar til sjølve bygget, men kosta dei tre kyrkjeklokkene og orgelet, til ein samla verdi på vel 200 000 kr. Kyrkjeforeiningane hadde samla inn om lag like mykje pengar, og i tillegg kom private gåver som gjekk til utsmykkinga av kyrkja.
Utforminga av kyrkja
Kyrkjerommet er tredelt med eit hovudskip, eit sideskip og ei kyrkjestove som er frådelt med lettvegger. Sjølve kordelen i kyrkja er open, men med eit heva skifergolv som markerer skiljet. Austveggen er trekt litt tilbake og på kvar side er der smale vindauge som går like i golvet. Det firkanta preget på bygningen går også att i inventaret, som t.d. døypefonten på sørsida av koret. Sørveggen både i midtskipet og sideskipet har smale, høge vindauge som gir utsyn mot dei mektige fjella. Særleg mykje lys inn i rommet gir dei likevel ikkje, og difor har kyrkja innvendig eit heller mørkt preg.
Farnes kyrkje har rikeleg med rom til ulike føremål. Her er preste- og kyrkjelydskontor, og ei peisestove like ved inngangen, som vert nytta av ymse lag i bygda. På sørsida av skipet finn ein dåpssakristiet. Like ved er kyrkjelydssalen, som vert nytta både til øvingslokale for kor, konsertar og kyrkjelydsfestar. Kyrkja har to kjøken, og dessutan eit kvardagskapell innreia i tårnet, som vert nytta til vigslar.
Altertavla
Altertavla frå 1970 er eit originalt og symbolrikt kunstverk av Victor Sparre, ei gåve frå Sigvald Øvstetuns legat og Utladalen kyrkjering. Ulike materialar er tekne i bruk: slitne skigardsplankar, speglbitar, knust porselen, kopar, messing og aluminium. Kunstverket er direkte montert på den høge mursteinsveggen. Biletet er tredelt: Øvst eit auge, som symbol på at Gud Fader ser alt, og i midten dua som symbol på Den Heilage Ande. Nedst er hovudbiletet: Kristus har triumfert på krossen, men er sjølv frigjort frå krossen. Naglane står framleis i trevyrket. Under krossen dominerer mørke fargar. Her er også tornekrona, laga av piggtråd. Slik vert Jesu liding, død og siger knytta til moderne erfaringar av krig og hat, og forkynt inn i denne tida.