Sommaren 2014 hende noko uvanleg på eit veganlegg i Sogn og Fjordane. Ein katolsk prest heldt messe. Han velsigna arbeidet og plasserte ein vernehelgen-figur ved tunnellopninga. Statens Vegvesen deltok i seremonien. Byggherren har ikkje vanskar med å knytta vernehelgen-saka til HMS-tenkinga; - arbeidet for å førebyggja arbeidsulukker. Men ikkje alle tykkjer det er greitt med ein «religiøs seremoni» ved eit offentleg vegprosjekt.
Rassikring ved Bjørnabakkane – norsk/tsjekkisk entreprenørfirma
Veitastrondvegen har mange rasfarlege parti og har ofte vore stengd i kortare eller lengre periodar av snøras. Rassikringsarbeidet ved Bjørnabakkane omfatta mellom anna ein tunnell på 1560 meter. Fleire partar var med i prosjektet; - Sogn og Fjordane fylkeskommune som vegeigar, Statens Vegvesen som byggherre, Region Vest, og det norsk/tsjekkiske entreprenørfirmaet Havnen/Metrostav som utfører arbeidet. Både norske og tsjekkiske ingeniørar og bergverksarbeidarer var i arbeid ved Bjørnebakkane.
Tradisjon med religiøst innhald
Det er vanleg praksis i Tsjekkia å setja opp ein figur av helgenen St. Barbara ved store arbeid som inkluderer sprengstoff. St. Barbara skal verna mot ulukker. Tradisjonen førekjem også i andre katolske land. I Noreg hadde vi lenge mange stader ein tradisjon med liknande innhald. Krossmerket vart brukt som vern mot øydeleggjande krefter, sjå t.d. «Bremnes Heradsstyre 1837-1937»
Som berging mot trollty og vonde makter, brukte ein gjerne kross på fjosdøri, stål i mjølkebytta, 3 steinar i båsen når kui vart teki derifrå. Krossmerket vart elles mykje nytta på kjerald, reidskap og garnkaggar.
St. Barbara – vernehelgen
Barbara skal ha levd på 200-talet og var dotter til den velståande ikkje-kristne Dioscorus. Ho vart kristen. Det likte ikkje faren, og det enda med at ho leid martyrdøden. Barbara vart seinare dyrka som helgen, og står som vernehelgen (skytshelgen) for bergarbeidarar, artillerimenn og andre som held på med eksplosiv, sprengstoff, o.l.
Ynskte same tradisjon
Dei tsjekkiske tunnellarbeidarane ynskte at det også blei ordna vernehelgen når dei var på oppdrag i eit anna land, attmed tunnellopninga på Veitastrondvegen. Det hadde ikkje byggherren, Statens Vegvesen, noko i mot. Og det vart halde seremoni ein yrkedag midt i arbeidstida. Alle ved anlegget møtte fram, dei norske tilliks med dei tsjekkiske. I fjellveggen på sida av tunnellopninga var det laga til nisje med installert lys for helgenfiguren. Den katolske presten Piotr Gasior stod føre den høgtidlege handlinga. Han velsigna arbeidet og sette helgenfiguren på plass. Ein journalist frå Sogn Avis la merke til at mange krossa seg. Statens Vegvesen var representert ved ingeniør Eivind Yttri som og sa nokre ord. Vegeigaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune, var ikkje tilstades.
Oppslag i riksavisa Vårt Land
Riksavisa Vårt Land hadde oppslag om saka 1. september. Journalisten hadde henta inn synspunkt frå seks personar: 1) Eivind Yttri, seksjonsleiar, Statens Vegvesen, Region Vest, 2) Astrid Bolstad, organisasjonssekretær i Humanetisk forbund, Sogn og Fjordane 3) Stein Dyngen, prosjektleiar, Satens vegvesen, Region vest, 4) Ronny Berg, stortingsprepresentant, Framstegspartiet 5) Sunniva Ørstadvik, likestillings- og diskrimineringsombod, og 6) Sturla Stålsett, leiar for utgreiingsarbeidet NOU Det livssynsopne samfunn, 2013. Desse kan de lese i faktaboks under.