Ferjekaia på Hella 1957. Ferja "Sogn" held på å leggja til. Leigeferja "Leif" ligg i den andre ferjestøa. Ferjesambandet Hella-Dragsvik opna 16. oktober 1956.
Datering
1957.
Fotograf
Nordmann.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik

I 1939, etter at Gaularfjellsvegen var opna, vart det ferjesamband mellom Grinde på Leikanger og Vetlefjorden. Dette gav sommars tid raskare vegsamband mellom indre Sogn og Sunnfjord. Men ferjestrekninga var svært lang. Det kom tidleg planar om eit kortare samband.

Hella-Dragsvik-Balestrand

Vegen frå Leikanger til Hella var ferdig i 1956. Då kunne ferjestrekninga Grinde-Vetlefjorden kortast inn til Hella-Dragsvik, der det vart bygd moderne ferjekaier. Opphaveleg var det planen at ferjekaia skulle liggja i Holmen (Balestrand sentrum), men uvilje frå grunneigarane gjorde at vegsjefen i staden valde Dragsvik.

Image
Vegarbeid ved Vestrheimsanden på anlegget Leikanger-Hella i 1954. Det var ein god del sprengjingsarbeid mellom Eitorn og Hella. Etter ei salve salva reiste denne steinen seg på ende. I bakgrunnen ser vi Balestrandsfjella.
Datering
1954
Fotograf
Ukjend
Eigar
Odd Sværen
Image
Vegarbeid på strekninga Vetlefjorden-Tjugum. Her ser vi frå venstre Erling Farnes, Johannes A. Sjøtun, Magnus Lunde og Erling Dale. Bak står Ivar Hjelseng. Biletet er frå 1940.
Datering
1940
Fotograf
Bjarne Farnes
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Veg over Vikafjellet

Samstundes kunne ein venta at Voss-Vik-vegen ville komma i brukbar stand, slik at bilar kunne nytta denne vegen, sjølv om han offisielt ikkje vart opna før i 1958. Denne vegen gav samband med tog til Bergen. Ei heilt ny ferje vart sett inn på det nye sambandet. Frå 1957 rekna vegsjefen med to ferjer i Balestrandsområdet. Ei ferje som gjekk Hella-Dragsvik og ei som gjekk Vangsnes-Hella-Dragsvik med anløp i Balestrand av og til.

Ferjene i trekantsambandet

Ferjesambandet Hella-Dragsvik vart opna 16. oktober 1956. Den første ferja i sambandet var den nybygde ferja "Sogn". Ho var svært enkelt utstyrt utan lugarar og med ei lita bysse/messe. Det var heller ikkje noko serveringstilbod til folk. "Sogn" frakta 61 bilar på tre turar dei første dagane. Sommaren 1957 vart ferja "Vangsnes" sett inn som suppleringsferje. I 1960 overtok "Losna" som hovudferje.

Gaularfjellsvegen - ein sommarveg

Både Gaularfjellsvegen og Vikafjellsvegen var sommarvegar. Berre Filefjellsvegen og Hemsedalsvegen vart haldne opne om vinteren. Når Gaularfjellet stengde, gjekk ferjene mellom Hella-Dragsvik-Vangsnes og Nordeide. Turen tok 2,5 time kvar veg, og ferja gjorde to turar fram og tilbake om dagen. Drøftingane om eit tverrsamband Balestrand-Kongsnes-Høyanger for å få heilårssamband, hadde då alt teke til.

Uvestad-Tjugum

Trafikkplanen av 1919/1921 har strekninga Tjugum-Vetlefjorden som samanhengjande prosjektert bygdeveg. I vegbudsjettet for 1937 var det opplyst at vegen skulle vera ein lekk i hovudsambandet Balestrand-Sogndal. (Tanken då var å leggja ferjekai i Balestrand sentrum). Det måtte byggjast ny veg mellom Tjugum og Farnes og gjerast utbetringsarbeid fleire stader på strekninga Farnes-Vetlefjorden. Arbeidet byrja i 1938. Vegen var ferdig i 1951.

Arbeidsløyse

Dei fleste vegarbeidarane på vegen mellom Vetlefjorden (Ulvestad) og Tjugum var frå distriktet. Mange av arbeidarane på Gaularfjellsvegen frå Balestrand. Då Gaularfjellsvegen var ferdig, kravde fagforeininga, som hadde stor oppslutning mellom vegarbeidarane, at veganlegget Farnes-Tjugum skulle setjast i gang, og at ein skulle prioritera arbeid til dei som alt var vegarbeidarar.

  • Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896, Kristiania 1899.
  • Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919, Bergen 1921.
  • Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940, Bd III, Oslo 1950.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
  • Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.