Utsnitt av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe sitt sommar-rutehefte 1913.
Datering
1913
Fotograf
Faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesbaatane – Ruter og rutehefte

Eldre ruter og rutehefte er ei kjelde til historisk kunnskap, - om fylkesreiarlaget Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (1919 namneendring til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) og om samferdsle-historie vidare i tyding. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane held på å byggja opp ei rutesamling. Pr. august 2020 omfattar samlinga nær 80 ruter/rutehefte. Det føreligg register (sjå lenger nede).

Trykte ruteopplysningar

I Sogn og Fjordane byrja regelmessig rutegåande trafikk i 1858/1859 med Fylkesbaatane sine to dampskip «Framnæs» og «Fjalir». Dei gjekk strekningane Bergen – Sogn, og Bergen – Sunnfjord/Nordfjord. Etter kvart auka trafikken. Det kom lokalruter og fleire langruter, andre trafikkselskap, båtruter på dei største vatna i fylket, og frå byrjinga av 1900-talet bil- og bussruter. Fylkesbaatane kunngjorde rutene i trykksaker, dei første åra på eitt ark, seinare i hefte, vanlegvis eit for sommarrutene og eit for haust- og vinterrutene. I tillegg kunngjorde Fylkesbaatane ruteopplysningar ved oppslag og rundskriv, og i aviser.

Kunngjering om ekstratur for DS «Balder» i annonse i Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, 24. august 1888. Søndag 9. september skal «Balder» gå ektstratur med «Valgmændene» (Stortingsval).

Viktig samferdsle-historisk kjelde

Rutehefta vart viktig folkelesnad både ved at alle som skulle reisa, eller senda varer, måtte ha kjennskap til når det gjekk båt eller bil. «Å bli kjend med ruteheftet var som ein studie i seg sjølv, med merknader for korrespondansar og rutetider,» skriv emissæren Einar Berstad i eit minnestykke. I ettertid er rutehefta ei viktig kjelde til kunnskap om den rutegåande samferdsla, enten ein no er interessert i ein einskild stoppestad, ei einskild rute, samferdsla i eit avgrensa område, eller om ein har vidare perspektiv for auga. (Sjå nærare omtale lenger nede av Fylkesbaatane sitt rutehefte for sommaren 1932 som døme på rutehefte.)

Hjå Fjord1 og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Rutehefte vert vanlegvis kasta etter kvart som det kjem nye. Såleis er det berre ein liten brøkdel av eldre rutehefte blitt tekne vare på, og det finst knapt noko samla oversyn over kva som finst og kvar. Einskilde spreidde eksemplar finst hos samlarar. Trafikkselskapet Fjord1, skipa 2001 som fusjon av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkesbåtar, har god dekning etter 1940. Fylkesarkivet har nær 80 ruter/rutehefte frå  perioden 1858/1859 - 1970, men det manglar mange fram til 1940. (sjå faktaboks nede under artikkelen).

Døme på rutehefte - 1932

«Sumar-Rutor», gjeldande «frå 17de juni 1932», har namnet på reiarlaget og bilete av flaggskipet som «overskrift»: - Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, adresse Bergen. Dessutan har framsida innhaldsliste: stoppestadoversyn, rutene Bergen – Sogn og Fjordane (Sogn, Sunnfjord, Nordfjord), lokalruter, båruter på vatn, bilruter, passasjertakstar, merknader, avstandstabell, restaurasjonsprisar og bryggjepengar. Heftet er på 36 sider og inneheld også eit ruteoversyn i storformat, samanbretta bak i heftet.

Framsida på FSF-ruteheftet sommaren 1932.
Datering
1932
Fotograf
Faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mange stoppestader

Stoppestadoversynet med sidetilvising viser at Fylkesbaatane sommaren 1932 hadde 216 stoppestader i det samla rutenettet sitt. Skatestraumen står til dømes oppførd med tre sidetilvisingar. Vi finn Skatestraumen i rute A2 Nordfjord. Her går det fram at denne langruta åleine hadde 41 stoppestader mellom Bergen og Olden. Båten gjekk frå Bergen onsdag kveld klokka 22 og var framme ved Skarsteinkaia i Olden etter nokså nøyaktig to døgn, fredag kveld klokka 21. Båten returnerte same kvelden klokka 23 og var attende i Bergen søndag kveld, klokka 18.

Båtruter på vatn

Ruteheftet har med båtruter på sju vatn: 1) Hornindalsvatnet (DS «Dølen»), 2) Strynevatnet (dampbåten «Frithjof Nansen»), 3) Loenvatnet (dampbåten «Lodølen» og motorbåten «Kjendal»), 4) Oldevatnet (dampbåten «Brixdal» og motorbåten «Alda»), 5) Breimsvatnet (motorbåten «Breim»), 6) Veitastrondvatnet (motorbåten «Veitestrand») og 7) Årdalsvatnet (motorbåten «Aardalsfjord»).

Bilruter

Elles har ruteheftet med hovudrutene til seks rutebilselskap: 1) Firda Billag (Sandane – Førde Vadheim). Torsdag gjekk til dømes bussen frå Vadheim om morgonen klokka 8.30 og var framme på Sandane klokka 15.30. Ved «Skjei» står det merknad 5): «Middag på Skjei», 2) Ottadalen-Geiranger-Stryn. Interkommunalt selskap, 3) AS/Nordfjord & Søndmøre Automobilselskap, 4) A/S Jotunheimen og Valdresrutens Bilselskap og 5) A/S Gol – Lærdal – Maristubilene og Indre Sogn Automobillag A/S (seinare Sogn Billag LL).

Oversynet omfattar 1) ruter som er oppbevarte i arkivmagasin hjå Vestland fylkeskommune og 2) ruter som har kome inn til aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake! som fylkeskommunen ikkje har i si samling. Fjord1 Fylkesbaatane, Florø, har ei stor rutesamling. I oversynet er teke med 1) årstal/årstala ei tid omfattar 2) frå - til, m.m., og 3) tittel som står på. Oversynet er sett opp 16. mars 2010 av Hermund Kleppa.

  • 1859,  frå 22. november 1859 inntil vidare (plakatformat 28x39 cm), Route mellem Bergen og Sogn, Sønd- og Nordfjord
  • 1862-1863, frå oktober 1862 (plakatformat, kopi), Vinter-Route for Nordre Bergenhus Amtscommunes Dampskibe
  • 1865, frå september, (plakatformat, manglar noko), . for Nordre Bergenhus Amts Dampsk.
  • 1866, Høst-Route
  • 1866, Vinter-Route
  • 1867,  frå 25. mars 1867 inntil vidare (plakatformat, 37x46 cm), Route for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 
  • 1870,  1. frå 1.januar til ”over Midten” av mars, Route 2.  frå 22. mars, ”under Doksætningstiden”, inntil vidare Route
  • 1877,  frå 3. april til utgangen av august (kopi), Route  
  • 1884-1885,  frå 4. november inntil vidare (hefte, bilag til Sogns Tidende), Vinter-Route
  • 1889-1890,  frå 2. september til 1. mai 1890, Høst- og Vinterruter
  • 1891,  frå 27. juni  til 7. september, Sommer-Ruter
  • 1895-1896, frå 31. august 1895 til midten av april 1896, Høst- og Vinter-Ruter
  • 1898-1899, frå 3. september 1898, til byrjinga av april 1899, Høst- og Vinter-Ruter
  • 1899, Sommer-Ruter
  • 1899-1900,  2. september, til byrjinga av april 1900, Høst- og Vinter-Ruter
  • 1901-1902,  frå 31. august til byrjinga av april 1902, Høst- og Vinter-Ruter
  • 1902,  frå 5. april til 1. juni, ”doksætningstiden”, Ruter (”doksætningstiden”), 2. Sommer-Ruter
  • 1903, Sommer-Ruter
  • 1908, endringar i jula
  • 1912,  frå 13. april til 8. juni, Ruter 
  • 1915-1916,  frå 4. september til byrjinga av april, Høst- og Vinterruter
  • 1916,  frå 2. september inntil vidare, Høst-Ruter
  • 1917,  frå 1. september inntil vidare, Høst- og vinterruter
  • 1920,  frå 25. juni inntil vidare, Sommar-Ruter
  • 1921-1922, frå 4. september 1921 inntil vidare, Vinterrutor
  • 1924, Sumar-rutor (frå 19. juni 1924)
  • 1924-1925, frå 6. september 1924 inntil vidare (teikning på framsida), Vinterrutor
  • 1925, frå 19. juni 1925, Sumar-Rutor
  • 1927-1928, frå 3. september 1927 inntil vidare, Vinterrutor
  • 1928, frå 15. juni 1928, Sumar-Rutor
  • 1931, frå 13. juni 1931 (bilete av fleire båtar),  Sumar-Rutor
  • 1932-1933,  frå 3. september 1932 inntil vidare, Vinterrutor
  • 1938-1939,  frå 29. august 1938 inntil vidare, Vinterrutor
  • 1941, frå og med 12. juni 1941, Sumar-Rutor
  • 1941-1942, frå og med 25. august 1941, Vinter-Rutor
  • 1942, frå 9. februar 1942, Krise Vinter-Rutor 
  • 1945,  frå og med 27. februar 1945 inntil vidare, Krise-Ruter
  • 1945-1946, frå og med 19. november 1945 inntil vidare, Vinterruter
  • 1948,  frå og med 19. juni til og med 29. august (hjå aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!, innkomne frå Rune Holen, Kyrkjebø, 2009.), Sumarruter
  • 1949,  frå og med 12. september inntil vidare, Haustruter
  • 1950,  frå og med 2. januar til og med 2. juni, Vinterruter
  • 1950,  frå og med 3. juni til og med 10. september, Sumarruter
  • 1950-1951,  frå og med 11. september 1950 inntil vidare (hjå aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!, innkomne frå Rune Holen, Kyrkjebø, 2009.), Haust og vinterruter
  • 1951,  frå og med 8. januar til og med 1. juni (hjå aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!, innkomne frå Rune Holen, Kyrkjebø, 2009.), Vinterruter
  • 1951-1952,  frå og med 10. september inntil vidare (hjå aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!, innkomne frå Rune Holen, Kyrkjebø, 2009.) Haust og vinterruter
  • 1952,  frå og med 7. juni til og med 31. august (hjå aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!, innkomne frå Rune Holen, Kyrkjebø, 2009.) Sumarruter
  • 1953, frå og med 8. juni til og med 30. august (hjå aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!, innkomne frå Rune Holen, Kyrkjebø, 2009.) Sumaren 1953
  • 1953-1954,  frå og med 31. august 1953 til ”sommarrutene 1954 tek til”, Hausten og Vinteren
  • 1954,  frå og med 9. juni til og med 5. september, Sumaren 1954
  • 1955,  frå og med 6. juni til og med 4. september, Sumaren 1955
  •  1955-1956,  frå og med 5. september 1955 til sommaren 1956, Vinterruter
  • 1960,  frå og med 30. mai til og med 28. august, Sumaren 1960
  • 1959-1960,  frå og med31. august til og med29. mai 1960, Vinterruter
  • 1960-1961,  frå og med 29. august 1960 til og med 28. mai 1961, Vinterruter
  • 1963-1964,  frå og med 16. september til og med 17. mai 1964, Vinterruter
  • 1964,  frå og med 18. mai til og med 13. september (hjå aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!, innkomne frå Rune Holen, Kyrkjebø, 2009.) Sommaren 1964
  • 1964-1965,  frå og med 14. september til og med 16. mai 1965
  • 1966-1967,  frå og med 12. september 1966 til og med 14. mai 1967, Vinterruter
  • 1967-1968,  frå og med 18. september til og med 14. mai 1968, Vinterruter
  • 1968,  frå og med 15. mai til og med 15. september, Sommaren
  • 1968-1969,  frå og med 16. september 1968 til og med 13. mai 1969, Vinterruter
  • 1969,  frå og med 14. mai til og med 14. september, Sommaren 
  • 1969-1970,  frå og med 15. september 1969 til og med 14. mai 1970, Vinterruter
  • 1970,  frå og med 15. mai til og med 20. september, Sommaren 1970
  • 1970-1971,  frå og med 21. september til og med 14. mai 1971, Vinterruter
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-95068 - Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Rutesamling. 
  • Førsund, Finn B: Dampen og kaia. Selja forlag 1998. (Digital utgave)