«den bondeflåaren»
Fut og futedøme kom i «dansketida». Futen var skatteoppkrevjar. Mange futar var frå Danmark. I folketradisjonen er futen ein fiende av folket, hardhendt og urettferdig. I eventyret «Fanden og futen» møter futen og fanden to bønder: «… Så gjekk dei eit stykke til. Då møtte dei to bønder. "Der ser du futen vår", sa den eine. «Gje fanden hadde han, lys levande, den bondeflåaren….»
Sette futen på stein
Til Håmannesteinen knyter det seg ei segn. Då futen ein gong kom for å krevja skatt, tok dei han, og for med han i robåt på Hornindalsvatnet midt på natta. Dei lempa «danskefuten» opp på ein stein i vatnet. Og der, «på den bratte ville strand / var kje godt å gå i land». I 1930 stod segna i Fjordabladet, på vers, signert «E». Versemakaren fortel om steinen; kvar han ligg, at det er brådjupt rundt han og stupbratte berget attmed:
Håmannesteinen
Hev du set Håmannesteinen
som i Honndalsvatnet ligg,
og høyrt segni um den sveinen
som vart sett på denne pigg?
Enno denne segni gjeng
um den vonde fute dreng,
som dei gjorde ei prette
at dei han på steinen sette.Kjem du inn i Skredestranda,
kan du sjå den steinen sjølv;
for han ligg litt i frå landa [der det bur folk]
noko inn for Mara-jøl.
Rundt han plaskar båra djup,
lendet kring er bratte stup.
Vart du sett på denne karen,
blei du mødd og ille faren!So vert sagt at danskefuten
eingong kom og kravde skatt,
og han fekk seg skjuss den guten
yver vatn i myrke natt.
Ingen lika denne mann,
det eit hat imot han brann.
Skatten drjug han av deim kravde,
ribba til seg det dei havde.Då dei framom steinen rodde,
treiv dei futen som ei fjør,
kasta han på denne odde,
og frå steinen snøgt dei rør [rodde].
På den bratte ville strand
var kje godt å gå i land,
slik at futen då dei skoda
i ei vand og farleg stoda.Enno stend han som eit minne,
denne gamle gråsteinsgut.
Det hjå mange brann eit sinne
mot den vonde danskefut;
og dei meinte det var rett
at han vart på steinen sett.
Når han vart for heisen skatten,
var dei ikkje nett for katten.