Gamle Strynefjellsvegen, riksveg 258, slynger seg opp fjellsida i krappe svingar med eit panoramautsyn mot Stryn og fjellheimen der. I si tid var vegen sett på som eit meisterverk innan vegbygging. Karakteristisk for vegen er dei mange bevarte stabbesteinane.
Datering
1997
Fotograf
Kurt Skagen
Eigar
Statens vegvesen, Region Vest

Gamle Strynefjellsvegen

Gamle Strynefjellsvegen mellom Grotli og Viderseterkrysset går gjennom eit landskap med mange kulturminne, og ikkje minst er vegen eit eineståande kulturminne i seg sjølv. Vegen er sett på som svært verneverdig og har fått status som turistveg.

Strid om veglina

Så tidleg som i 1821 skreiv oberstløytnant Thodal ein petisjon (bøneskriv) til styresmaktene og føreslo ein meir framkommeleg veg over fjellet frå Nordfjord, men landet var på ingen måte i stand til eit slikt økonomisk løft. Først midt på 1800-talet vart det sett på som ei viktig nasjonal oppgåve å byggja ut landevegs kommunikasjon i Noreg. På den tida hadde sambandet mellom Lom, Skjåk og dei næraste vestlandsbygdene auka, og varetransporten var stor.

Image
Turistskyss like ovanfor Videseter. I hesteskyssen sine dagar rakk turistane berre eit lite stykkje inn over fjellet. Det var først når bilane tok over at den såkalla overlandkøyringa tok til, der turistane kom med turistskip til Stryn og vart frakta med bil over fjellet og ned til Geiranger der skipet venta på dei. I ein rapport året etter at vegen stod ferdig skreiv fylkesmannen i Nordre Bergenhus Amt: "Den nye rute Visnes-Hjelle-Grotlien-Merok frembyder store naturskjønheder av forskjelligste art, og spesielt er de såkalte flytende hoteller begynt at utnytte denne rute".
Datering
1910
Fotograf
Truleg J. K. Maursæth, Stryn
Eigar
Statens vegvesen

I 1867 tok Stryn kommune for alvor opp framlegget om veg over fjellet til Skjåk. I 1869 løyvde Stortinget pengar til ein rideveg, men alt vart oppbrukt til vegar i Oppland. Det same skjedde i 1877. I 1880 var ridevegen til Grotli ferdig frå aust. Så vart det strid om kvar vegen skulle gå vidare. Skulle den gå til Geiranger, til Hjelle eller til Tafjord? Tafjord trekte seg av di bygda var redd for at ein ny veg kunne dra med seg slusk som ville øydeleggja det trygge miljøet. Kampen om vegmidlane sto difor mellom Stryn og Geiranger.

Image
Vegen var bygd som kjerreveg, men like før første verdskrigen tok bilane over. Vegen hadde i utgangspunktet alt for dårleg standard til den aukande bil- og buss-trafikken, då svingane var for krappe og vegen for smal. Køyrebreidda var 3,75 m med innskrenkingar til ei minstebreidd på 2,5 m. Etter kvart vart det opparbeidd møteplassar. I 1930-åra vart det innført timekøyring med politi til å passa på at bilane køyrde til rett tid.
Datering
1930-1940
Fotograf
Ukjend
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Geiranger vart vald

Vegdirektør Hans Hagerup Krag gjekk inn for at begge "Lomsvegane" skulle byggjast, men han gjorde det tidleg klart at han ville velja alternativet til Nordfjord dersom Stortinget ikkje gjekk inn for begge vegane. Krag hevda at veg til Nordfjord ville gi austlandsbøndene større avsetning på korn og andre varer, og at veg til Nordfjord ville gi vegutløysing til fleire bygdesamfunn. Men departementet hella mot Geiranger-alternativet, som dei meinte var lettare å opparbeida og lettare å halda vedlike. Saka vart drøfta i fleire år, men i 1880 gjekk Stortinget inn for eit kompromiss. Det vart løyvd 50 000 kroner til kvart av veganlegga mot at både Kristians Amt (Oppland fylke) og Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) forplikta seg til å betala 1/10-del av kostnaden. Fylkestinget i Sogn og Fjordane prioriterte vegen høgt, men det skapte vanskar at interessa ikkje var like stor i Oppland. Det vart difor inga framdrift i saka, og til sist vart det eit krav at ei av linene skulle prioriterast. Det vart Geiranger. Vegen mellom Grotli og Geiranger sto ferdig i 1889.

Image
Vegdirektør Hans Hagerup Krag (1829-1907) vart Kommandør av St. Olavs Orden for sin innsats for å byggja høgfjellsvegar i Noreg. Han såg at Strynefjellsvegen ville bli ein viktig turistveg. Krag hadde vore i Sveits og studert høgfjellsvegar. Han såg likskapen mellom norsk og sveitsisk natur og hevda difor at vi, slik som Sveits, burde satsa på utanlandske turistar. Krag var mellom stiftarane av Den Norske Turistforening i 1868.
Datering
Ukjend
Fotograf
Ukjend
Eigar
Statens vegvesen

Strid om vegstandarden

Det var ikkje berre linevalet som var eit langvarig stridsspørsmål, vegstandarden var óg omdiskutert. Det rimelegaste ville vera å byggja ein rideveg og ikkje ein kjerreveg. Før ein gjekk til det endelege valet, vart det i tiårsperioden 1870-80 sett i gang eit forsøk med ein rullekjerreveg i Skjåk. Ein slik veg skulle vera noko smalare enn ein kjerreveg, og i staden for hjul hadde vogna trommel. Forsøksvegen var 2 m brei og gjekk 4-5 km vestover frå Dønnfoss. Utprøvinga i 1867 vart ein fiasko. Det merkelege var at denne type køyretøy aldri hadde vore prøvd før. Med vegdirektør Krag og presten Ottesen i kjerra vart vegen utprøvd. Men hesten var lite van med ein slik køyredoning, og enden på visa var at både prest og direktør hamna i grøfta. Dette vart også slutten på begrepet rullekjerreveg, og då det endelege vedtaket kom i 1880, gjekk Stortinget inn for kjerreveg.

Strynefjellsvegen blir bygd

Arbeidet med Strynefjellsvegen byrja med det same vegen til Geiranger sto ferdig i 1889. Vegen vart forøvrig kalla "Lomsfjeldsveien" i kostnadsoverslaget av 1882. Etter 1. juli 1894 vart vegen teken i bruk for lettare køyretøy. Men vegen var eigentleg ikkje heilt ferdig. Midtvegs langs Langvatnet var det enno ein kilometer som ikkje var opparbeidd, slik det og var ved "Tystig Vand". Dei hadde óg vanskar ovanfor Jølbrua ved Napen. Her måtte traséen leggast om etter at ras hadde øydelagt vegen fleire gonger i anleggsperioden. Først den 1. juli 1895 var vegen heilt ferdig. Til saman kosta vegstykket mellom Videseter og Grotli kr. 247 905,23. Vegen vart bygd for hest og kjerre, men det tok berre nokre få år før bilane tok over.

Image
Vegarbeidarane budde i brakker medan dei jobba på fjellet. Dei fleste av desse er rivne eller tekne av ras, og berre ei står att. Ho ligg ved vestenden av Langvatnet. Langvassbrakka var eit enkelt byggverk som opphavleg vart flytt oppover frå Folven i Stryn rundt 1890. Vegarbeidet på denne strekninga tok til i 1891. Brakka tente som vegbrakke til ut i 1970-åra. I 1993 byrja restaureringsarbeidet med Langvassbrakka. Ho vart sett i stand som eit minne om vegarbeidet på fjellet, og er nytta til velferdstiltak for folk i vegvesenet.
Datering
1970-80
Fotograf
Rasmus Værn
Eigar
Statens vegvesen
Image
Av andre brakker kan nemnast Vegaskilsbrakka ved Grotli og Storbrakka som ligg 11,5 km frå Grotli. Vassvendbrakka låg på vegens høgste punkt, 1139 moh. Ved Tystigen låg Tystigbrakka og hestestallane. Steinhuset ved Videsæter vart og nytta av arbeidarane. Her ser vi Tystigbrakka som vart øydelagd av ei snøfonn i 1984.
Datering
Ukjend
Fotograf
Sigmund Hagen
Eigar
Statens vegvesen

Gamlevegen blir turistveg

Strynefjellsvegen tente som den viktigaste ferdselåra mellom aust og vest heilt fram til heilårsvegen stod ferdig i 1978. Etter det var det ikkje alltid like enkelt å få vedlikehaldsmidlar til gamlevegen. Likevel vart vegen oppretthalden som riksveg, mykje grunna det turistpotensialet som vegen skapte. I 1997 vart Gamle Strynefjellsvegen omklassifisert til turistveg. Vegen var ein del av Statens vegvesen si satsing på næringsliv og turisme, i lag med kommunane langs vegen. Eit av måla var å gi turistane ei oppleving av både natur og kultur. Det var ikkje ønskeleg med store inngrep midt oppe på fjellet, så vegen fekk ei forsiktig oppussing, i tillegg til informasjon om kultur og fjellturar, rasteplassar og utsiktspunkt. Kostnaden var på 10 millionar kroner. Statens vegvesen har og vurdert vegen som verneverdig fordi den representerer dei første høgfjellsvegane som vart bygde i landet.

  • Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
  • Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.:Sogn og Fjordane Fylkeskommune gjennom 150 år. Det Norske Samlaget 1988.
  • Ese, Kristin: Den gamle Strynefjellsvegen. I Vegstubben, s. 22, nr. 6-1991.
  • Strynefjellsvegen 100 år. Statens vegvesen 1994.
  • Handeland, Olav: Gamle Strynefjellsvegen opna. I Vegstubben, s. 12, nr. 4-1994.

See also