Plastlandskap
Den stranda småhovudkvalen, kanskje betre kjend under namnet gåsenebbkval, fekk internasjonal pressedekning. Magen til kvalen var mellom anna fylt med 30 plastposar i tillegg til store mengder anna plastavfall. Hendinga har vore ein vekkjar og har gitt folk flest ei påminning om at plastureining i havet er eit miljøproblem med vidtrekkande konsekvensar. Forskarar i Bergen har no sett i gang eit prosjekt der målet er å forstå kva plastavfallet gjer med kysten vår. Kor mykje plast er det, kvar kjem han frå, og korleis påverkar han dyr, plantar og kystlandskap?