Noreg – eit reisemål for dei dristige
Fram til 1870-åra kom dei fleste turistane til Noreg frå den engelske overklassen. Desse vert ofte kalla karjolturistar, fordi dei reiste rundt med hesteskyss frå skysstasjon til skysstasjon, etter eige opplegg. Andre kom som tindebestigarar, som W.C. Slingsby, eller som såkalla lakselordar, som kom for å fiske i lakseelvane. Kvinner reiste i selskap med andre, av omsyn til tryggleik og sosiale normer. Reisa gjekk med seglskip, hesteskyss eller til fots. Overnatting føregjekk på skysstasjonar og prestegardar. Informasjon om reiseruta fekk ein av kjentmenn. Alt i alt medførte kravet til eigen organisering av reisa til at Noreg var sett på som eit reisemål for dei få og dei dristige.
Transportrevolusjonen – dampen som demokratiserte reisa
Utviklinga av dampmaskina under industrialiseringa bidrog til at dampskipa revolusjonerte reisa til Noreg og innover vestlandsfjordane. Med etableringa av reiarlag som Det Bergenske Dampskibselskap – BDS (1851) og Nordre Bergenshus Amts Dampskibe (1858), seinare Fylkesbaatane, voks det fram ein organisert rutetrafikk. BDS gjekk i rute mellom Bergen og Hamburg, medan Fylkesbaatane trafikkerte Sogn og Sunnfjord-Nordfjord. Dei to første båtane, Framnæs og Fjalir vart bygde i Skottland og kunne ta til saman 377 passasjerar. Dampskipa gjekk i faste rutetider, uavhengig av straumar og vind. Dei reisande visste kva tid ein reiste og kva tid ein kom fram. Vestlandsfjordane vart knytte saman gjennom regelmessige båtruter i post-, gods- og passasjertrafikk, og bygdene fekk kontakt med omverda på heilt ny måte. Langs rutene voks det fram stoppestadar, og dampskipskaien vart viktige knutepunkt i mange bygder. Særleg Fylkesbaatane fekk ei sentral rolle for lokalsamfunna på Vestlandet.
Det var òg etablert turistruter som vart trafikkerte av dampbåtar. Ruta Lærdal-Gudvangen fekk ein oppsving etter opninga av jernbana mellom Bergen og Voss i 1883. Turistane drog vidare frå Voss med hesteskyss heilt til Gudvangen, der dampbåten venta. Ruta var populær og i perioden 1886-1891 var båtane så fulle at det kom klagar over manglande kapasitet. Båtane Balder og Lærdal som gjekk i turistruter i Indre Sogn hadde i snitt 22 personar på 1. klasse i 1891. Lenge var Gudvangen den største stoppestaden i Sogn, før Balestrand tok over i 1893. Turistbygda Fjærland kom seint med: i 1877 var det stopp kvar fjortande dag og først i 1890-åra vart bygda knytt til turistruter i sommarhalvåret.
Rutetrafikken skapte ein marknad for overnatting og fleire lokale entreprenørar greip sjansen til å skape eit levebrød av reiselivet. I Fjærland vart Hotel Mundal opna av Olaus og Brita Dahle og hotelleigarane vart viktige pådrivarar for vidare reiselivsutvikling i bygda.
Dampskipa la òg grunnlaget for cruisetrafikken på Noreg, også kalla dei flytande hotella. Kong Oscar II si kroningsreise til Nordkapp i 1873 vert gjerne rekna startskotet. Den fransk-amerikanske oppdagaren Paul du Chaillu deltok og formidla reisa i aviser over heile verda. Noreg vart eit ettertrakta reisemål og norske og utanlandske reiarlag sette inn skip i turistruter langs kysten og på vestlandsfjordane. Resultatet vart ein markant cruisefeber blant europearane og i 1906 utgjorde cruiseturistane over ein fjerdedel av dei 30 000 sommarturistane til Noreg.
Dampskipa gjorde samstundes reisa enklare: Turistane kunne gå om bord i heimlandet og pakke ut kofferten i lugaren. Etter kryssinga av Nordsjøen kunne turistane setje seg på dekk og la landskapet gli forbi – som ein revy av isbrear, som ein britisk turist skreiv etter ei reise med Bergenske Dampskibsselskap sitt skip Venus i 1894.
Den økonomiske revolusjonen – fleire fekk råd til reise
Med industrialiseringa vaks det òg fram ein mellomklasse, som no fekk tid og råd til å reise på ferie. Det var ikkje lenger berre adel og overklasse som drog på danningsreiser i Europa. I tillegg representerte dampskipa ein prisrevolusjon og kan sjåast som ein første form for masseturisme, der rimelegare turar vart tilbydde.
I pionertida til turistskiptrafikken på Noreg var det britiske og norske reiarlag som frakta turistar til Noreg. B&N Line var eit samarbeid mellom Bergenske og Nordenfjeldske Dampskibsselskap som starta cruiserute frå Trondheim til Nordkapp i perioden 1889-1912. Reisa kosta 12,5 pund eller 200-300 kroner, og inkluderte alle måltid, kaffi og te, halv flaske vin til middag og drikkepengar. Til samanlikning var månadsløna til ein fabrikkarbeidar i Kristiania på om lag 60 kroner.
Frå 1890-åra, då turistskiptrafikken til Noreg vart meir internasjonalisert, tok tyske reiarlag til å drive cruisetrafikk med større luksusskip for velståande turistar. Billettprisen i 1900 for eit cruise med HAPAG-skipet Prinzessin Victoria Louise frå Hamburg til Nordkapp kom på 2400 tyske Mark for rom med salong, soverom og baderom med WC. I Frankfurt levde 70 prosent av familiane på 18-24 Mark i veka, noko som fortel oss at HAPAG-cruisa var for dei velståande.
Den sosiale revolusjonen – organiserte pakketurar vart lanserte
Ei anna viktig endring som bidrog til demokratisering av reisa var etablering av reisebyråa. Briten Thomas Cook opna verdas første reisebyrå i London i 1841 og utvikla pakketurkonseptet, der alt var ordna på førehand. Han lanserte òg eit kupongsystem, der turistane førehandsbetalte utanlandsreisa, noko som reduserte språk- eller valutaproblem.
I Noreg opna Bennetts Reisebureau i Kristiania i 1848 og kupongsystemet vart teke i bruk. I 1890 etablerte Cooks Verdensreisebureau seg i Bergen, og etter kvart oppretta reiarlaga filialar i fleire norske byar. Dermed vart det enklare, rimelegare og tryggare å reise. Kvinner kunne no reise utan anstand, og passasjerlistene frå cruisa viser at det var mange kvinner blant cruisepassasjerane.
Reisehandbøker høyrde òg til denne utviklinga. Frå 1827 gav tyske Karl Baedeker ut reisehandbøker og ein Baedeker vart eit synonym for uunnværleg reiseguide.
Dragninga mot nord
Det romantiske natursynet danna eit viktig bakteppe for framveksten av det moderne reiselivet i Noreg. Den ville naturen – det storslagne landskapet med høge tinder og aude fjellvidder –vart lovprisa, og storslagen natur representerte noko friskt, reint og opphøgd. I det gamle jordbrukssamfunnet var det kultiverte jordbrukslandskap – åker eller vedaskog, bonden sin arbeidsarena. Den ville naturen vart oppfatta som eit magisk rom, befolka av overnaturlege vesenar, som herska over naturen. Med industrialiseringa byrja dette førestilte landskap å forsvinne, og nye yrkesgrupper – jernbaneingeniørar, skogmeistarar og fabrikkherrar – såg landskapet med nye auge. Med naturvitskaplege nyvinningar vart ein no i stand til å manipulere og kontrollere naturen.
Det oppstod nye måtar å reise på. Jernbanelinjene skar seg gjennom skogar og marker og dei reisande opplevde landskapet som eit panorama gjennom togvindauga. På same måte erobra borgarskapet naturen gjennom vandringar og tindebestigningar. Mennesket sin kamp mot naturen stod sentralt i det romantiske natursynet, som tidlegare hadde ført europeisk overklasse på danningsreiser, «The Grand Tour», til klassiske reisemål i Europa. Alpane vart omtala som «The Southern Playground», eit eldorado for fjellvandrarar, og Mont Blanc vart eit viktig turmål. Etter kvart som masseturismen følgde etter til Sveits, Italia og Frankrike, mista danningsreisa sin eksklusive karakter. Overklassen byrja difor å orientere seg etter nye reisemål, mellom anna Noreg, omtala som «det høge nord». Den norske fjellheimen svara godt til romantikken sine ideal om storslått natur.
Keisar Wilhelm II sine årlege Noregsreiser frå 1889 til 1914 bidrog til å styrke interesse for Noreg, særleg blant tyske turistar. Keisaren sitt romantiske forhold til Skandinavia kulminerte i overrekkinga av den 26 meter høge statua «Fridtjof den frøkne» på Vangsnes ved Sognefjorden, i 1913. Statua skulle minne om diktaren Esaias Tegnèr si Fridtjofsaga (1835), som skildrar kjærleikshistoria mellom bondesonen Fridtjof og kongsdottra Ingeborg.
Dei nasjonalromantiske kunstnarane spela òg ei viktig rolle i å skape merksemd om norsk natur. Johannes Flintoe si reise til Kroken i Luster i 1819 var rekna som starten på romantikken sine landskapsmaleri, medan J.C. Dahl vert rekna som den fremste landskapsmålaren på 1800-talet. Eitt av dei mest kjende maleria er Frå Stalheim (1842).
Avslutting
Utviklinga av det moderne reiselivet på 1800-talet bidrog til at Vestlandet vart eit internasjonalt reisemål, der dampskipstrafikken spela ei avgjerande rolle. Særleg Fylkesbaatane knytte fjordane og bygdene saman og la grunnlaget for både turisme og lokal næringsutvikling. Dampskipa og dei nye reiselivstenestene bidrog til å senke terskelen for å reise, både økonomisk og praktisk. Reiselivet vart slik opna for ein breiare mellomklasse, og gjekk frå å vere eit elitefenomen til å få karakter av tidleg masseturisme. Dampen bidrog såleis til demokratisering av reiselivet.