Måløy ved den gamle hurtigrutekaia. Den store buda er Lembuda, og huset bak var Ulf og Sofie Lem sin bustad. Båten t.h. var Ulf Lem sitt fiskedampskip "Ruth II".
Datering
1916
Fotograf
Ukjend
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Ulf Lem (1860-1934) - "Gudfaren" og grunnlegjaren av Måløy som fiskeriby

Ulf Lem (1860-1934) var i si tid den fremste forretningsmannen i Måløy, og har vore rekna som «gudfaren» og grunnleggjaren av Måløy som ein framsynt og eksportorientert fiskeriby. Han var ein av dei sentrale drivkreftene bak utviklinga av staden.

Storbuda til Ulf Lem, med huset hans like bak. Marinebåten Hval som ligg framfor kaia, låg i Måløy på nøytralitetsvakt under fyrste verdskrig.
Datering
1918
Fotograf
Ukjend
Eigar
Vestland fylkeskommune

Ulf Lem vart fødd på Trollebø ved Måløy og var son av Arnoldus Hess Lem, lensmann i Selje og Vågsøy, og Anna Elisabeth Paasche. Han var gift med Sofie Cappelen, dotter til distriktslækjar og dampskipsekspeditør Johan Cappelen.

Lem starta karrieren som forretningsmann med læretid i ei krambu i Luster før han reiste vidare til Bergen, der han dreiv eit agentur i nokre år. I 1882 fekk Lem handelsbrev og tok til med landhandel på Nedre-Skram. I 1887 fekk han skøyte på eit stykke som var skilt ut frå Nedre-Skram, som fekk namnet Solheim. Her bygde han bustadhus og kontor etter kvart som verksemda voks med landhandel, agentur, dampskipsekspedisjon, trelasthandel med meir. I 1897 gjekk Ulf Lem i gang med import og eksport, der han førte heim salt og kol og eksporterte sild og fisk. Ved sidan av dette dreiv han med bankfiske med dampskip. Lem var og ekspeditør for Det Vesteraalske Dampskibsselskab og Hamburgruta. Kaia som Lem bygde vart kalla Lemkaia eller Hurtigrutekaia, og var ekspedisjonsstad for hurtigrutene fram til 1957.

Innbyding til aksjeteikning for dampskipet "Vesteraalen", som vart underskriven av Ulf Lem 9. desember 1889. Dokumentet viser planar om rutetrafikk frå Nordfjord til Bergen, og ei liste over dei fyrste aksjonærane.
Datering
1889
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Nordfjord Dampskibsselskab

Ulf Lem var med på å opprette Nordfjords Dampskibsselskab i 1890, som dreiv privat rutefart mellom Bergen og Nordfjord i konkurranse med amtsbåtane. Amtsbåtane var seinare kjende som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Selskapet vart oppretta i Måløy, men hadde kontoret sitt i Bergen. Nordfjord Dampskibsselskab kjøpte dampskipet Vesteraalen og døypte det om til Nordfjord. Dette skipet var også kjent som «Gamle Nordfjord» eller «Treskoen» og var bygd i 1864. Skipet gjekk langs kysten fram til slutten av 1960-åra. 

Nordfjord Dampskibsselskab avslutta verksemda etter berre eit års drift på grunn av hard konkurranse frå amtsbåtane. Eit døme på denne konkurransen var at amtsbåtane sette inn ekstraruter kvar gong Nordfjord skulle gå frå Bergen. Det hjelpte ikkje at Nordfjord flytta avgangen til ein annan dag, då flytta amtsbåtane ekstraavgangane sine til same dag.

Måløy voks med Ulf Lem

Det har vorte sagt at Måløy utvikla seg med Ulf Lem. Han var tidleg ute med å kjøpe nye fiskebåtar og var ein av dei største fiskeeksportørane på staden. Han var den fyrste som starta med bankfiske, fyrst med fiskeskøyter og etter kvart med dampskip. Dette gav grunnlag for ein heilt ny måte å drive fiskeri på. I 1885 skaffa Ulf Lem den første store bankskøyta til Måløy, og i 1899 kjøpte han fiskedampskipet Ruth. Seinare kjøpte Lem også andre fiskedamparar, som til døme Bjørnulf og Ruth II. Desse skipa vart brukte til sommarfiske på bankane med line etter kveite, lange og brosme, og vinterfiske med garn etter torsk og sild.

Ulf Lem dreiv også med trelasthandel, salthandel, sal av fiskereiskapar og anna forretningsverksemd. Han skaffa arbeid til mange, og dei fleste handelsmenn og eksportørar som starta eiga verksemd i åra kring fyrste verdskrig hadde vore i teneste hjå Ulf Lem før dei starta for seg sjølv. Ulf Lem var også med i styre og stell i Måløy, der han var med i heradsstyret, hamnestyret og andre kommunale verv i Sør-Vågsøy. 

Konkursen

I 1920-åra gjekk Ulf Lem konkurs på grunn av stor gjeld til Ulvesund Kreditbank, som var nær konkurs og skulle avviklast. Før Lem rakk å få orden på finansane sine kjøpte Jakob A. Myrestrand i 1928 heile firmaet med alle eigedomane som høyrde til. Dottera til Ulf Lem, Karen Tomter, skildrar dette slik: 

«Mitt inntrykk er at han var en av de første som øynet Måløys muligheter og blåste liv i den handelsvirksomheten som senere er blomstret opp der. Det var som om Måløys trivsel og vel besjelet ham helt. For å hjelpe distriktets folk til bedre fiskebåter og mere moderne redskaper kausjonerte han bl.a. for store summer. Da nedgangen kom i 20-årene var det disse kausjonsforpliktelsene som knekket ham, slik at han gikk konkurs. Det verste var kanskje at mine foreldre måtte flytte fra eiendommen Solheim, som da hadde vært i familien i 50 år. Senere bygget min bror, Bjørn Cappelen Lem, huset Sjøstrand, hvor min mor levet til sin død.»

Ulf Lem døydde i 1934, 74 år gamal. Trass i konkursen mot slutten av livet vart Ulf Lem ståande som ein av dei viktigaste pionerane i utviklinga av Måløy, både som næringsdrivande og samfunnsbyggjar.

  • 1882 - Fekk handelsbrev
  • 1885 - Skaffa den fyrste bankskøyta til Måløy
  • 1887 - Fekk skøyte på Solheim
  • 1890 - Var med på å opprette Nordfjord Dampskibsselskab
  • 1899 - Kjøpte fiskedampskipet Ruth 
  • 1897 - Gjekk i gang med import og eksport

Arkivmateriale:

Fylkesarkivet i Vestland, Nordfjord Dampskibsselskab, Korrespondanse/sakstilfang, 09.12.1889.

Avisartikler:

«Ulf Lem.» Fjordenes Tidende. 26. november 1934.

Bøker:

Flo, Olav. Måløy i gamle dagar. Sandane: Nordfjord sogelag, 2009.

Starheim, Ottar. Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal og Solund, band 3 av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Oslo: NRK aktivum, 2009. 

Aaland, Jacob. Selje og Vågsøy: Bygdene og bygdesamfunnet, band 5/I av Nordfjord frå gamle dagar til no, redigert av Edvard Os. Oslo: Selje herad, 1957.