Julehygge hjå familien Sigdestad. T.v Magna (f.Synstnes) Sigdestad si fyrste jul på Davik.  Ho var forlova med Johan, dei gifte seg i 1955, og fekk 8 born saman. T.h. Gustav og Elisa Sigdestad. Teke med snorutløysar av Audun som sit heilt til venstre.
Datering
1954
Fotograf
Audun Sigdestad
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Måltid i jula

Mat og måltider var ein viktig del av julefeiringa i tidlegare tider, slik det er i dag. Eg har plukka fram nokre smakebitar frå kopiane våre av Norsk Etnologisk Gransking, frå spørjelista «Høgtidsmat ved dei gamle års- festane». Som de ser kunne skikkane variera frå stad til stad.

Image
Juleselskap i Hope, Hyen (Stryn) i 1908. I jula måtte alle som kom innom trakterast, elles "bar dei jula ut". Personane på biletet er frå venstre Simon Hope, ei ukjend tenestejente, Olina og Elias Hope og tilslutt Berta Hope med barnet Karolina, fødd 1907.
Datering
1908
Fotograf
Simon Hope
Eigar
Johanna S. Målfrid

Artikkelen er henta frå Kjelda: nytt frå arkivarbeidet i Sogn og Fjordane. 1996 Vol 5. Nr. 4. 

Kjøtmølje før jul

På Kyrkjebø i Sogn brukte dei kjøtmølje til frukost veka førjul. «Dei tok flatbrød og braut det sunt i småe molar som dei hadde i eit fat og so varma 

dei opp kjøtkraft som dei hadde oppå brødet i skåla og rørte dette om og på slutten varma dei feitt oppå. Feittet var sauetalg. Dei siste åra dette vart brukt hadde dei kvar sin tallerk» (Anders H. Berge). Dei åt mykje mølje i desember månad.

Grisehovud og flatbrød

Frukostbordet skulle vera dekka til kl. 6 julafta. På Kyrkjebø åt dei kjøtmølje, i Gulen grisehovud og flatbrød. I Jølster hadde dei gode pølser, flatbrød og suppe. Til dette måltidet tende dei eit lys. Det gav ganske sikkert ei kjensle av høgtid hjå dei som sat ved bordet. Dersom folk ikkje åt mølje, brukte dei ofte kjøtribbe med poteter til frukost. Sidene av sauen blei nytta, og kjøtet blei steikt på panne.

Flatbrødbakst på Øvre Haugland (Gulen). Flatbrød blei brukt heile året, også i jula. Det var vanleg til dei fleste måltida. Personane på biletet, frå venstre: Ingeborg H. Haugland, ukjend tenestejente og Marta K. Haugland.
Datering
1928
Fotograf
Anton Haugland
Eigar
Marie B. Wergeland

Kjøtmølje til middag

Klokka 12 var det middag. Folk bada seg anten før middagen eller før kveldsmåltidet. På Veiteberg i Jølster bada dei seg før nonsmaten og tok på seg «reine, nye underklær.» Til middag serverte dei kjøtmølje att på Kyrkjebø. Dette brukte dei og på Kjellevold i Gulen.

Kaffimaten var ymse kaker

Frå Midttaklestølen i Gulen. Budeiene, som me ikkje har namna på, har sett gamalostane til tørk i sola. Dette var ein lekk i mogningsprosessen. På julebordet skulle alltid den osten stå som gutane hadde fått hjå budeiene på stølen. Osten måtte varmast, slik at han vart mjuk å skjera.
Datering
1925-1930
Fotograf
Ukjend
Eigar
Astrid G. Haveland

På Kyrkjebø serverte dei kaffi og ymse sortar kaker kl. 17. Dei hadde lefsekling som var «kneka kvit» med kveitemjøl og råmjølk. På Veiteberg la dei potetkaker inni svelene før dei smurde. Dette gjorde det lettare å smøre kakene og gjorde smaken betre. Kan hende vart dette gjort for å dryge maten?

Kveldsmaten var høgtidsmåltidet

Kveldsmaten åt dei frå klokka 20, nokre stader seinare, kl. 22-23. På Veiteberg åt dei kjøt og mjukt brød. Matkorga stod no på bordet, og kvar hadde fått fyllt eit staup eller ei øskje med smør som dei skulle ha sjølve. På Kyrkjebø hadde dei smør og flatbrød, ost og alltid fisk, viss dei hadde det i huset, og steikt juleribba. I jula vart ikkje maten tilmålt til den einskilde slik dei gjorde til dagleg. Dei fekk ete så mykje dei ville. I Gulen brukte dei «god brosme, poteter, smør og ferskt havreflatbrød. Attåt fisken åt dei mjølkesuppe av søtmjølk og byggmjøl. (Fresvik) Dei som ikkje hadde fersk fisk brukte ofte lutefisk.

Julegeiter eller smalesider steikt i omnen

Frukosten første juledag vart servert på senga. I Gulen var det far som kom rundt med mat som husmora hadde sett fram i ei korg om julekvelden. Kvar fekk «minst 4 skiver, og dessutan potetkaker eller lefse». Av og til hadde ein kjøpt «julegeiter». Dette var kaker med «horn» og «hol» i. Alle skulle få ei skive av eit rundt julebrød med ei rosin i midten. Til drikke fekk dei mjølk eller øl. Seinare kom kaffien i bruk. I Jølster steikte dei smalesider i omnen slik at feittet «rann ned på flatbrødleiven som låg i gruesteinane».

Øl og dram høyrde til

Heimebryggja øl høyrde jula til. I mange bygdelag i fylket vårt er det framleis mange som bryggjer til jul. På biletet ser vi Kristian Tveit som tappar øl i gamlehuset på Nedre Tveit (Hyllestad).  
Datering
1947
Fotograf
Ukjend
Eigar
Arnold Tveit

Det var vanleg å bryggja øl til jul. På Veiteberg i Jølster var det vanleg å bryggja så nær oppunder jul at dei hadde oppskoka på sjølve julafta. Nokre hadde oppskoke vetlejulafta. «...på Veiteberg bar dei oppskoka julaftan, og dei for frå gard til gard og møttest alle til slutt hos same mannen til moro for drengene...» Juledrammen sytte og husbonden for. Litt før århundreskiftet begynte dei å kjøpa brennevinet. Før dette brende husbonden julebrennevinet sjølv. «Du lyt no smaka juleflaska mi», sa dei i Balestrand.

 

Born og tenarar

Born og tenarar fekk gøyma mat og eta han når dei sjølv ville. Mat dei løyvde frå måltida gøymde dei og. Borna fekk små øskjer til å ha denne maten i. Tenarane fekk ei ekstra julekake så dei kunne halde gjestebod for venene sine. Dei fekk og ei drammeflaske av husbonden så dei kunne skjenke venene sine. Gjestebod heldt tenarane i uthusa (Kyrkjebø).

 

Stoffet er plukka frå NEG svar på spørjeliste 37 skrivne av Anders H. Berge, Ivar Kleiva etter John J. Kjellevold fødd 1864, A.K. Veiteberg, Hans O. Hov, A. Skaasheim.