Havrane, Leikanger.
Datering
13.07.2019
Fotograf
Randi Melvær

Havrane, Hafstad og Havresteinen

Fjellskora Havra i Flåm i Aurland skal ha vore ei skor for bukkane – ei bukkaskor. Det er sikkert rett forklaring, her møter vi nemleg det gamle norrøne ordet for husdyret «bukk». Det norrøne ordet var «hafr m», frå latin «caper» = bukk eller geit. Dette ordet er for lang tid sidan gått ut av bruk, men vi finn det framleis i ein del gamle stadnamn i fylket vårt. Ukjende ord gjer stadnamna uforståelege.Vi finn meir enn 300 stadnamn med «bukk» i bygdene våre, langt færre med «hafr/havr». Det interessante er at dette husdyret er opphavet til ordet «havre» = kornsorten. Og Hafr kunne og vere eit mannsnamn. Meir om det nedanfor.

Havren som fjellnamn - liknar på ein bukkerygg

Ola Stemshaug skriv at Havren er brukt som fjellnamn mange stader i landet vårt. Det vert brukt om langvorne, høge fjell og fjellparti, og er såleis eit samanlikningsnamn. Ein bukkerygg er gjerne smal og bein. Vi finn fjellet Havren (1230 moh) i Høyanger i Sogn. Fjellet Havren (1064 moh) har dei også i Framfjorden i Vik. Under dette fjellet har fjellsida namnet Havrehalsen. Endå høgare er Havrakollen (ca.1400 moh) i Fjærlandsfjorden. I Leikanger ligg også Havrane, eit høgdedrag til fjells (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Frå Havravatni renn Havragroi (= Turligroi) ned ved Fadnastølen, og frå vasskiljet oppe i fjellet ei anna Havragroi ned mot Sogndalsdalen. Eit langstrakt høgdedrag i Fjaler heiter Havreheia.

Hafslo, Luster
Datering
25.07.2005
Fotograf
Peter John Acklam
Eigar
Kjelde: Wikimedia Commons
Lisens
CC BY-SA

Hafslo, Hafsås og Hafstad – gardsnamn med bukkenamn eller mannsnamn

Fleire gardsnamn har «hafr» i føreleddet: Hafslo i Luster var opprinneleg gardsnamn og prestegard. I år 1271 er namnet skrive «Hafrslo», på 1300-talet «Haferslo». «-lo» = slette. Det same gjeld garden Hafsås på Eid, i år 1335 skrive «Hafsaase», norrønt «*Hafràss». Men det finst to alternative tolkingar. Føreleddet kan tyde «bukk», eller mannsnamnet Hafr. Når det gjeld gardsnamnet Hafstad i Førde, norrønt «*Hafrsstadir», er ein rimeleg sikker på at det er mannsnamnet som er brukt. Gardsnamn på -stad er som regel samansett med namnet på mannen som tok opp garden. Hafstad finst også i Steinkjer og Nannestad. Ein er meir usikker på tolkinga av gardsnamnet Haveland i Gulen – eldre form «Haffrelandt». Her er kanskje tydinga «land brukt til dyrking av havre».

Hafstadfjellet i Førde.
Datering
18.04.2008
Fotograf
Harald Oppedal
Eigar
Kjelde: Wikimedia Commons
Lisens
CC BY-SA

I namnet Hafrsfjord ved Stavanger har dei halde på den arkaiske skrivemåten, sikkert av historiske grunnar. Professor Magnus Olsen trur at fjordnamnet kjem av at Presteskjeret, som ligg midt i det smalaste innløpet, har heitt Hafren. Det er likevel usikkert. Andre namn er gardane Havro i Valdres,
Hafsal i Vang, Hedmark og elva Havrå på Osterøy.

Havre
Datering
28.06.2006
Fotograf
Andreas Trepte
Eigar
Kjelde: Wikimedia Commons
Lisens
CC BY-SA

Bukken og havresekken – kornsorten havre betyr «bukkefor»

Som nemnt ovanfor har kornsorten havre fått namnet sitt frå «hafr» - bukk. Ordet «havre», som først berre vart brukt til dyrefor, betyr altså «bukkefor». Det er vel derfor vi har uttrykket: «Ikkje la bukken passe havresekken». Den tida hestar fanst på alle gardar i landet vårt, var havre hestefor. Første del av 1900-talet var nesten halvparten av kornarealet havreåkrar. Havren kom til Europa for ca. 2500 år sidan, i Norge er havre omtala frå vikingtida. Det norrøne namnet var «hafri», frå latin «caper» = bukk, geit.

Havramyri, Havringen og Havrane fortel om korndyrking

Det er derfor å vente at dei fleste stadnamna med «havr-» viser til at det her vart dyrka havre. Sjølvsagt gjeld ikkje dette fjellnamna. Namn som Havramyri, Havradokki, Havringen og Havresteinen i Luster er teigar som fortel om korndyrking. Steinen i Luster må ha vore både stor og flat, sidan dei kunne dyrke havre på den (blir fortalt). Det same gjeld Havreåkeren i mange bygder, Havramyri og Havragjerdet i Sogndal. Havrane i Lærdal er namnet på ein flat innmarksteig ved elva. I same kommunen er Havretun namnet på ein husmannsteig i nokre skorar oppe i fjellsida.

Havresalså er åkerland på garden Dræge i Aurland. Ved Lusterfjorden ligg to gardsbruk med namnet Havraberg, som Oluf Rygh meinar har namn etter korndyrking.

Havraberg i Luster, gardsnummer 56
Datering
Ca 1913
Fotograf
Samson Brathole
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bukkane vart sende på beite til avsidesliggande plassar

Øyane Havrøya og Litle Havrøya i Nordalsfjorden kan vise til at her gjekk bukkane på beite. Bukkane vart helst sende på beite til avsidesliggjande plassar. Ein måtte ha ein viss kontroll med dei. Blant dei meir enn 300 stadnamna med «bukk» finn vi mange Bukkøya, Bukkeskora og Bukkholmen. Her viser det nok til kvar bukkane heldt til. Men i fylket vårt finn vi og «bukk» i fjellnamn som Storebukken (1583 moh) og Bukkabreen i Veitastrond, Bukkenibba (1520 moh) i Ålfoten og Bukkeaksla (471 moh) i Selje. Fleire mindre høgdedrag eller steinar heiter Bukken, og i Bremanger ligg Bukkehaudet.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
Frøysadal, Øystein (1968): Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane. Artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden, Per: Namn i fjellet. Oslo, Det norske Samlaget (Digital utgave)
Sandnes, Jørn (1968): Fjellnamn frå Trøndelag. Artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden, Per: Namn i fjellet. Oslo, Det norske Samlaget (Digital utgave)
Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget
Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo, Fonna forlag (Digital utgave)
Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug (Digital utgave)
Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok. Oslo, Kagge forlag
Rygh. Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S (Digital utgave)
Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo, Det norske Samlaget
Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon, 2.utg. Oslo, Det norske Samlaget