Frodige rhododendronplantar i furuskogen (foto Bjørn Moe)

Frodige rhododendronplantar i furuskogen.   

Møt våren i Rex Garden

Køyrer ein E39 mellom Bergen og Stavanger, kan Førde i Sunnhordland sjå ut som ein tettstad lik mange andre på denne strekninga: truleg sjarmerande, men etter alt å dømma utan noko som lokkar ein til å leggja inn ein pause her. Og dessutan er det alltid ei ferje ein lyt hasta vidare til, og då er Førde med si 60-kilometers fartsgrense heller å rekna som eit irritasjonsmoment for travle bilkøyrarar. Dette har no endra seg radikalt. Med naturparken Rex Garden som opna i 2014, har Sveio fått ein ny attraksjon.