Haukelandstunet på Romsa i 1930-åra (foto: ukjent, i privat eige)

Haukelandstunet på Romsa i 1930-åra (foto: ukjent, i privat eige).

Romsa

Dei tre Romsaøyane høyrer til naturperlene i Sunnhordland. Dette har mange av dei som ferdast med fritidsbåt, oppdaga. På øyane finst mange gode landingsplassar og lune vikar.

I dag er øyane dekte av skog. Dette er eit resultat av verksemda ved Romsa Frøplantasje som vart driven av «Det norske skogforsøksvesen» i tretti år, frå 1958. I den tette skogen ligg spora etter ei lang soge om liv og levemåte på Romsa. Frå kaien kan du følgja den gamle vegen innover. Du passerer ein port, du ser steinmurar og tufter mellom trea, og best det er, står du midt i tunet på eit fråflytta bruk. Skogen stengjer for det som før var inn- og utmark, og for ei soge som fekk sin ende kring 1960. I 1865 budde det 77 menneske her på øyane. Bruka var små og barneflokkane store. Frå skriftlege kjelder veit vi at det budde folk her på 1500-talet. Romsa skal ha stått sentralt når det gjeld skottehandelen, og kjeldene fortel at det var mykje skog her på den tida.

Folket livnærte seg av gardsbruk og fiske. Samarbeid og felleskap var naudsynt. Det har òg vore båtbyggjarverkstad på Romsa, og i førre hundreåret var fleire Romsafolk jekteskipparar i Nordlandsfarten. Kristtornskogen har òg representert ei god attåtnæring. I 1920-åra vart det bygt skulehus, og midt på 30-talet fekk Romsa dampbåtstopp og brevhus. I 1958 var det ni bruk på øyane, men etter kvart flytte folket inn til fastlandet.

Det gamle eldhuset på Haukelandstunet på Store-Romsa (foto: Knut-Arild Sørensen).

See also