Frå attraksjon til konsesjon
Engelskmannen Edgar Allen Ashcroft kom til Noreg på feriereise rundt år 1900. Kjemikaren og oppfinnaren Ashcroft vart fascinert av naturen, men han såg meir enn naturopplevinga. Ashcroft la merke til Dyrneslifossen i Vadheim og vasskrafta der. I løpet av nokre få år vart ide til røyndom. Ashcroft fekk konsesjon på rettar og eigedomar i Dyrneslivassdraget i 1906. Same året kom anleggsarbeidet i gang.
Fabrikken vert reist
Under anleggsarbeidet hausten 1906 fekk Ashcroft problem med sine engelske investorar. Det vart skipa eit norsk selskap for å overta anlegget frå Ashcroft våren 1907. Ashcroft stod då som personleg eigar. A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker vart etablert med stort sett norsk kapital i botn. Eigenkapitalen var på 315000 kroner. Forretningsmenn frå Oslo og Bergen gjekk inn med mesteparten. Ashcroft sjølv skaut inn 80 000 kroner.
Drift og produksjon sidan 1907
Drifta ved fabrikken har så og seie gått døgnkontinuerleg sidan skipinga i 1907. På det meste hadde fabrikken 85 tilsette. I 1999 har verksemda om lag 25 personar i arbeid. Eigar i 1999 er familien Horn i Bergen.
Dei første åra gjekk produksjonen for fullt. Fabrikken laga natrium, og marknaden var tilfredsstillande. Så melde vanskane seg. Den første verdskrigen vart starten på ein tung og turbulent periode for fabrikken ved Sognefjorden. I kortare periodar var den og stengd. Først i 1934 vart drifta stabil. Då byrja ein å produsera natriumklorat. Ved årtusenskiftet var dette framleis hovudproduktet. Natriumklorat vert mellom anna nytta til klorbleiking i treforedlingsindustrien og som ugrasmiddel.