Gravminnet på grava til Thorvald Johannessen. Grava har status som krigsgrav og vert kranslagt kvar 17. mai. På gravsteinen står: Kaptein * THORVALD JOHANNESSEN * (teikn for fødd) 16/9 1889 (teikn for død) 25/4 1940
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Krigsgrav på Leikanger - kaptein Thorvald Johannessen

Den 25. april 1940 var D/S "Kommandøren" på veg inn Sognefjorden med kring 100 mobiliserte som blei sette på land på Leikanger. Straks etter, medan båten låg til kai, gjekk tyske bombefly til åtak. Mannskapet rømde på land og kapteinen vart dødeleg såra av ein bombesplint. Han vart gravlagd på Leikanger kyrkjegard. Grava er ei krigsgrav.

Biografi i bokverket Våre falne

"JOHANNESSEN, THORVALD KORNELIUS, skipsfører, Åsane. Født 16. september 1889 i Bergen, s. av Hans Johannessen, f. 1842, og Kari f. Flekke, f. 1847 i Fjaler. Gift 1915 i Bergen med Valborg Andersen, f. 1889 s. st. 1 barn. Styrmanns- og skipperskole. Var skipsfører på d/s Kommandøren som etter krigsutbruddet i Norge 1940 gikk i troppetransport i Sognefjorden. Da skipet lå ved Leikanger, ble det angrepet av tyske bombefly, han ble såret av en granatsplint og kjørt til Lærdal sykehus hvor han døde 25. april 1940. Gravlagt s. st."

Image
Kaptein Thorvald Johannessen (1889-1940). Portrett-teikning i jubileumsboka til Fylkesbaatane som kom ut i 1958.

Gravlagd på Leikanger

Thorvald Johannessen vart gravlagd på kyrkjegarden på Leikanger. Einar Svartefoss (1910-1999), redaktør i avisa Sogn og Fjordane, fortel i boka si "5-årsnatta, Leikanger i krigsåra 1940-1945" korleis det bar til.
Fylkesbaatane sitt ruteskip D/S "Kommandøren" gjekk i troppetransport etter mobiliseringa 9. april. Den 25. april, på veg innover fjorden med kring 100 mobiliserte, var båten oppunder Leikanger der soldatane gjekk i land og vart beordra innover mot Hermansverk. Kort tid etter kom tyske bombefly og gjekk til åtak.

Svartefoss var sjølv vitne til det som skjedde. Han såg kaptein Thorvald Johannessen og to andre av mannskapet springa oppover mot Husabø. Då bombinga var over, fann dei Johannessen liggjande oppe ved vegkrysset sterkt skadd i eine foten. Ei bombe hadde falle ned midt i krysset. Han og to andre såra vart straks førde ombord på den uskadde "Kommandøren" som gjekk for full fart mot sjukehuset i Lærdal. Johannessen døydde på vegen. Han vart gravlagd på Leikanger 29. april.

Image
Einar Svartefoss fortel om bombeåtaket på Leikanger 25. april 1940 og det fatale utfallet for kapteinen, Thorvald Johannessen, i boka si om Leikanger i krigsåra 1940-1945. Boka vart utgjeven av Systrond Sogelag i 1994.

Takksemd frå Fylkesbaatane

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er ei fylkeskommunal verksemd med Fylkestinget som øvste forvaltningsorgan. Straks etter krigen gjorde samferdslenemnda framlegg om å be styret om å heidra alle trugne mannskap ombord i båtane med ei takkeadresse eller eit diplom, og at alle enkjer eller born etter mannskap som hadde mist livet ved krigshending skulle få hjelp. Fylkestinget vedtok dette på tingseta i Stryn, 3.-8. september 1945.

Svartefoss, Einar: 5 årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-1945. Leikanger 1994.
Våre falne. Oslo 1949.  (Digital utgave)
Sogn og Fjordane Fylkesting året 1945. Leikanger 1945.
Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. Bergen 1958.