Tilkomst
Riksvegen går rett ved sida av stølen. Denne vegen kom i 1889.
Bruk av stølen
Frå Bygdeboka:
I nær sagt uminnelege tider har her vore til dels skarp strid om støl, beite og slåttemark i Våtedalen, med fleire gardar i området som partar. --- Vi ser fleire gonger i gamal tid at hovudpartane var Bergheim, Hjelle og Egge på eine, og Klakegg i Jølster på andre sida (m.a. i 1563). Men i fleire høve vart her teke rettsavgjerder som einast galdt Bergheim og Egge.
I semje og bruksavtale i 1651 og 1693 fekk Egge såleis bruksrett til beite fram til 8 dagar før botolvsdag (17. juni) og etter barsok (24. august) - seinare endra slik at beitetida for Bergheim vart 17. juni til 10. august. Egge sine beiterettar vart avgrensa til anmark (storfe). I dette hundreåret hadde stølen veg. Brukarane samarbeidde om å køyre med hest, kvar sin kveld inn på stølen. I fjøset hadde dei hestebås der hestane stod om natta, før turen gjekk tilbake neste morgon. Alle dei gamle bruka hadde fjøs, men samarbeidde om sel. Fleire av bruka slutta stølsdrifta i 1930-40 åra, men Inngardsbruket heldt fram heilt til 1965.
Som nemnt står det no att eit sel.
Nokre fakta
Bergheim, gard nr 105, Breim sokn, hadde 3 bruk i 1890.