Tilkomst
Turen med dyra var lang, dei måtte gå opp lia til Torheimstøylen, så austover under Skavegga. Turen tok heile dagen. Stølsvegen som ein brukar å gå er kortare, men bratt og ein må krysse elvane tre gonger. Med hylke på ryggen og spann i handa kunne det vere vanskeleg mange gonger å hoppe frå stein til stein i elva.
Bruk av stølen
Dyra gjekk i heimeutmarka frå slutten av mai. I slutten av juni var som regel heimebeitet oppbrukt og dyra vart flytta til stølen. Aud og Jostein Bergheim fortel:
Utpå sommaren hende det at kyrne hadde gått heilt innover mot Svartebotn. Då måtte dei hentast og det kunne bli seine kvelden før arbeidet var ferdig. Heimreisa var barsokdag, 24. august, slik at huldra kunne flytta inn i husa.
Frå bygdeboka:
På stølen hadde hovudbruka kvar si kvie, der dei heldt gjerde kring. Høyet vart lagt inn på fjøslemmen og drege heim på snøføre. Stølsjentene bar som regel mjølka heim kvar dag, om lag 4 km. Etter siste krigen vart stølsdrifta lagt ned av fleire grunnar. I 1951 slutta siste budeia på stølen, Reia-Brite. Etter dette overtok kulturbeita i heimemarka.
Nokre fakta
Sanddalen, gard nr. 95, Breim sokn, hadde fem bruk i 1890. Sandalsætra er det offisielle namnet på stølen. Bygdefolket kallar han Sandalsstøylen.