Tilkomst
Til Rognekleivstøylen er det i dag 2,5 km skogsbilveg. Til Oppitunsstøylen er det same vegen og i tillegg 1,5 km rås vest og oppover. Det var og rimeleg lett stølsveg tidlegare, truleg kjerreveg til Langevatnet.
Bruk av stølen
På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett), er ei stølsliste frå 1930-åra. Der er nemnt at fram til kring 1865 hadde begge bruka støl der Rognekleivstøylen ligg no. I same stølslista er og nemnt "Gamlekjellen" som skulle vere ein vårstøl som var nedlagd kring 1910. Den skulle ligge ca 1 km vest for garden i høgde ca. 350 m o.h. og skulle ha vore ein tidlegare tjørehjell.
Stølsdrifta var som vanleg på mjølkestølar på Vestlandet. Stølsjentene gjekk til støls om kvelden, mjølka om kvelden og om morgonen og bar rømmen heim. Vårstølen låg så nær garden at dei truleg gjekk heim både kveld og morgon. Kring stølane var gode fiskevatn og gode jaktmarker slik at stølane var sentrale ved jakt og fiske. Dette er dei framleis.
Nokre fakta
Rongkleiv, gard nr. 21, Hyen sokn, hadde 2 bruk i 1890. I 1865 var det 24 personar på garden. Dette talet hadde auka til 27 i 1900.