Tilkomst
Til Rongkleivstøylen er det i dag 2,5 km skogsbilveg. Det var og rimeleg lett stølsveg tidlegare, truleg kjerreveg til Langevatnet.
Bruk av stølen
I stølsoversikta til Instituttet for sammenlignende kulturforskning frå 1930-åra, som er publisert på Digitalarkivet, er det nemnt at fram til kring 1865 hadde begge bruka støl der Rongkleivstøylen ligg no. I same stølslista er og nemnt "Gamlekjellen" som skulle vere ein vårstøl som var nedlagt kring 1910. Den skulle ligge ca 1 km vest for garden i høgde ca. 350 m o.h. og skulle ha vore ein tidlegare tjørehjell.
Stølsdrifta var som vanleg på mjølkestølar på Vestlandet. Stølsjentene gjekk til støls om kvelden, mjølka om kvelden og om morgonen og bar rømmen heim. Vårstølen låg så nær garden at dei truleg gjekk heim både kveld og morgon. Kring stølane var gode fiskevatn og gode jaktmarker slik at stølane var sentrale ved jakt og fiske. Dette er dei framleis.
Nokre fakta
Rongkleiv, gard nr. 21, Hyen sokn, hadde 2 bruk i 1890. I 1865 var det 24 personar på garden. Dette talet hadde auka til 27 i 1900.