Sauabreen med ein nyleg tappa bredemd sjø. Hausten 2016 trekte brefronten seg så langt tilbake at innsjøen vart senka med omlag 10 meter. Heile innsjøen vil truleg snart vere historie. Jostein Bakke)

Sauabreen med ein nyleg tappa bredemd sjø. Hausten 2016 trekte brefronten seg så langt tilbake at innsjøen vart senka med omlag 10 meter. Heile innsjøen vil truleg snart vere historie.

Kartlegging av landskapet under Folgefonna

Eit nyleg starta forskingsprosjekt tek sikte på å førebu norske kraftprodusentar på framtida. Kraftprodusentar som nyttar vatn som drenerast under brear må ta omsyn til eit meir dynamisk klima påverka av global oppvarming og med brear i stadig endring. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bjerknessenteret, Sunnhordaland Kraftlag og Statkraft.