"Lyster kirke og prestegård, Sogn", måla av Philip H. R. Barlag (1840-1913) kring 1867.
Datering
kring 1867.
Fotograf
RAA.
Eigar
Ukjend. (I boka "Dale kyrkje i Luster 750 år").

Dale kyrkje

Bygning og innbu i Dale kyrkje gjev eit mangfelt vitnemål om ei 750 år lang soge. Klebersteinsportalane åleine set kyrkja på kartet, og mellom høgdepunkt elles er etter-reformatoriske kalkmåleri.

Mellomalderkyrkja

Dale kyrkje er vigsla til St. Nikolaus. Kyrkja er oppført rundt midten av 1200-talet av kistemur med kleberinnfatta hjørne, portalar og vindauge. Ho har rektangulært skip og smalare, rettavslutta kor. Det er framfor alt dei rikt dekorerte portalane vest og sør i skipet som gjer at kyrkja merkjer seg ut mellom dei norske steinkyrkjene frå mellomalderen. Impulsane kjem truleg frå det engelske ung-gotiske området. Det er avdekt delar av kalkmåleri frå omkring 1300 i koret. Av innbu frå mellomalderen kan nemnast altarfrontale, krusifiks, Olavs-figur, kapitél-løve, del av altarplate, klokke og lysskip. Noko av dette er på Bergen Museum.

Kyrkjebygning og veggmåleri i tidleg etter-reformatorisk tid

Ein del endringar skjedde med kyrkja dei første hundreåra etter reformasjonen. Den kjende tårnbyggjaren Verner Olsen frå Gudbrandsdalen bygde tårnet på kyrkja i 1634-35. Det første våpenhuset kom truleg i 1646-48, dette vart fornya på 1660-talet, og fullført med tønnekvelv i 1683. Henrik murmeister sette inn større vindauge i kyrkja i 1696-98. Omfattande endringar skjedde også inni kyrkja etter reformasjonen. Det vart tidleg måla ein stor biletserie på veggene i koret. Bileta er tidfeste til 1560. Også våpenhuset har måleri, men desse må vera noko yngre.

 

Image
Dale kyrkje, sørfasaden. Kyrkja står i hovudtrekk slik ho vart oppført rundt 1250. Tårnet vart bygt på 1630-talet og dei to store vindauga i kor og skip er mellomalderkopiar frå 1903.
Datering
2000.
Fotograf
Svein Nord.
Eigar
Luster kommune (brosjyre).

Etter-reformatorisk innbu

Preikestolen kom i første halvdelen av 1600-talet. Rundt 1700 vart det utført større snikkar- og målararbeid i kyrkja. Snikkaren laga korskilje, benker, og truleg også det private pulpituret, "Fugleburet", nordaust i skipet, og sakristiet i koret. Alt dette vart så måla. Altartavla frå 1708 er laga av Jørgen Christopher Schauer og måla av H. Sager. Kyrkja har tre epitafium, over futane og brørne Anders og Søren Lauritsen (1630 og 1654) og over presten Reutz (1683). Av etter-reformatorisk utstyr elles kan nemnast dåpsfatet og lysestakane i messing, antependiet, og ein skipsmodell. Under kyrkjegolvet ligg eit rikt kistemateriale frå 16- og 1700-talet.

 

Image
Interiør i kyrkja sett mot koret i aust.
Datering
1907.
Fotograf
Schøien.
Eigar
Riksantikvaren/Det antikvariske arkiv.

Etter 1800

Det første orgelet var bygd før 1850 av P. N. Kvarme. Det var truleg også det første kyrkjeorgelet i Sogn. Kyrkja forfall utetter 1800-talet og vart restaurert under leiing av arkitekt J. Z. Kielland i 1903. Tårnet og våpenhuset vart då for ein stor del oppattnya og vindauga frå 1600-talet vart bytte ut med mellomalderkopiar. Innvendes vart golvet lagt om, benkene og benkedører og -vangar skifte ut med nye benker, galleriet vart flytta høgre og det kom oppvarming i kyrkja. Seinare kom det også elektrisk lys og varme. I 1950 vart kalkmåleria i kyrkja avdekte under tilsyn av Riksantikvaren. I pinsehelga 2000 feira kyrkjelyden 750-årsjubileum for kyrkja.

  • Hoff, A.M., m.fl.: Dale kyrkje 750 år. Luster/Bergen 2000.
  • Aaraas, Margrethe Henden, m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bind 2. Sogn. Selja forlag. Førde 2000.