Deportasjonen frå Tælavåg 30. april 1942 (ukjent, utlånt av Nordsjøfartmuseet.)

Deportations from Tælavåg 30 April 1942.

Deportasjonen frå Tælavåg 30. april i 1942 (ukjent, utlånt av Nordsjøfartmuseet.)

Tælavåg

Tælavåg har ein særskild plass i okkupasjonssoga. Den vesle bygda ved havet, der folket gjennom hundreåra hadde livnært seg ved fiske og jordbruk i fredeleg sameksistens med naturressursane, vart i 1942 offer for tyske represaliar som er utan sidestykke i norsk krigshistorie. På Nordsjøfartmuseet i Tælavåg, opna i 1998, får ein eit nærbilete av dei dramatiske hendingane.

Telavåg vart tidleg eit viktig utgangspunkt for den illegale trafikken vestover. I april 1942 låg to agentar frå Kompani Linge i dekning i Telavåg. På denne tida hadde Gestapo bygda under oppsyn i samarbeid med norske NS-politifolk. I grålysninga den 26. april omringa Gestapo og trengde seg inn i huset, der dei fann dei to agentane. Det kom til skotveksling, og Hauptsturmführer Johann Behrens og hans nestkommanderande vart drepne.

Dette utløyste represaliar. Reichskommissar Terboven kom til Telavåg i eigen person for å sjå til at bygda vart utsletta. Den 30. april vart alle husa i bygda sprengde framfor augo på bygdefolket. Etter dette vart alle vaksne, arbeidsføre menn, 72 i talet, sende til Bergen og seinare til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland. Trettiein av dei kom aldri heim att. Kvinner, born og gamle vart internerte på Storetveit skule før dei vart sende til Framnes folkehøgskule i Kvam. Her budde dei i to år.

Då bygdefolket kom heim våren 1945, låg Tælavåg i ruinar. Fire år etter var bygda atterreist med hjelp frå Krigsskadetrygda, Nasjonalhjelpa og Husbanken, saman med frivillige gåver. Seinare vart ei skadebot frigjeven frå Tyskland.

Josef Terboven i Telavåg 30. april 1942 (foto: ukjent, eigar: Nordsjøfartmuseet).

Oppslag (frå: Haga, A. (1979) Natt på norskekysten. Oslo, Cappelen.).

Englandsfarten tok til straks etter okkupasjonen av Noreg. I mai 1940 gjekk over 30 båtar vestover frå Norskekysten. I alt var det over 3000 menneske som på knapt 300 sivile farkostar kom seg over Nordsjøen under krigen; dei fleste frå Vestlandet. Englandsfarten er nær knytt saman med utviklinga av motstandsrørsla. Pionerane var amatørar og idealistar med stor handlekraft, men lita og inga røynsle.

 

Den illegale trafikken skaffa folk og materiell til oppbygging av profesjonelle norske motstandseiningar, som Kompani Linge og «Shetlandsgjengen». Etter kvart fekk englandsfarten meir og meir preg av å vera ein rømmingsveg for motstandsfolk og andre som var jaga av Gestapo. Dette var særleg tydeleg hausten 1941, med store opprullingar av motstandsgrupper i Bergen og i Ålesund. Gestapo snørte etter kvart nettet kring sentrale organisasjonar, og englandsfarten vart stadig meir risikabel. Dette skapte stor dramatikk og mange harde offer i kyststroka. At represaliane i Telavåg vart retta mot sivile, uskuldige menneske, kan òg illustrera det faktum at englandsfarten var eit uttrykk for «folkeleg», sivil motstand i mykje større grad enn militær verksemd. Med hendingane i Telavåg er ein viktig epoke i den norske motstandskampen over. Amatørane si tid i motstandsarbeidet var forbi, og militære einingar og organisasjonar tok over.

 

Hovuddelen av Nordsjø-trafikken gjekk føre seg på Vestlandskysten. Særleg var Bremnes på Bømlo eit viktig senter, med ein effektiv organisasjon som seint vart rulla opp.

Telavåg i dag (Svein Nord).

  • Birkhaug, K. (1946) Telavåg: fiskeværet som tyskerne slettet ut i 1942. Oslo, Gyldendal.
  • Haga, A. (1993) Aksjon Telavåg. Oslo, Cappelen.
  • Ulstein, R. (1967) Søkelys mot Bergen. Englandsfarten, bind 2. Oslo, Samlaget.

Sjå også

Andre stader i kommunen