Espevær kring 1915, ved «Biekronå» (Sev. Kannelønning).

Espevær around 1915, at “Biekronå”.

Espevær kring 1915, ved «Biekronå». Her låg den eldste handelsstaden (Sev. Kannelønning).

Espevær - handelsstaden

I havet vest av Bømlo ligg Espevær, ein halvtimes rotur over sundet frå Vespestadvågen. Eit velorganisert og velstelt lokalsamfunn, bygt opp på det rike sildefisket i 1850-åra. Det er fiskarane, skipperane og handelsmennene som har prega kulturen i Espevær, med god kontakt sørover mot Haugesund og over Nordsjøen, til Dei britiske øyane.

I 1725 fekk Jon Torkelsen kongeleg privilegiebrev på å driva handel og gjestgjevarstad i Espevær. Når vårsildfisket var slutt for sesongen, kom hollendarane på hamna i Espevær og lasta inn levande hummar. I 1849 kjøpte Hans Jacob Baade frå Stavanger Kjeholmane. Han fylte ut mellom holmane, slik at det vart ein stor holme; Baadeholmen. Han sette opp saltebuer og bygde eit nytt stort handelshus på murane frå det gamle steinnaustet frå 1690-åra. Baadehuset vart ei administrasjonssentrum i det rike sildefisket på midten av 1800-talet. Her vart det telegrafstasjon alt i 1857, sidan Espevær låg så sentralt i vårsildfeltet. I Baadehuset låg doktorsalen, sjefssalen og dommarsalen på rekkje, og på loftet var det losji for fiskarar som låg «flolagde» på golvet i dei store sildeperiodane. Baadehuset er i dag vakkert restaurert av det lokale husmorlaget og er ope for vitjing.

Det gode vårsildfisket kring midten av 1700-talet på «Sørafeltet» skapte gode tider.

 

I 1753 kom det forbod mot å føra fersk vårsild lenger enn 6 mil frå fangstfeltet. All silda måtte saltast ved fiskeplassane, og det skaut opp store saltebuer mest i kvar vik. Vårsilda vart borte kring 1780, men ho kom att i naudsåra 1808-1810. Årvisst fram til 1870 støytte silda under land i svære stimar; stundom tett som eit berg i sjøen. Espevær og Bømlalandet låg midt i innsiget av gyteferdig sild. I eit par månader på etterjulsvinteren var det samla ein fiskeflåte på mange tusen mann frå heile Vestlandet. Mange var innlosjerte i Espevær.

 

Det vart salta store mengder sild, og fiskarane leverte fangstane rett inn på saltebuene. 30 store saltebuer vart bygde i Espevær og 30 i vågane på søre Bømlo, i åra mellom 1820 og 1860; dei fleste tilhøyrande kjøpmenn i Bergen og Stavanger. Det kunne vera 20-30 ganejenter i kvar saltebu, sjauarar og bøkkarar som laga sildetønner i store mengder.

Handelsmann Knut Iversen i Bømlahamn tente gode pengar på sildesalting. I eit arveskifte i 1696 hadde han liggjande 3 lester gamle tønner og 12 lester nye (ein lest = 12 tønner), dessutan 16 tønner fransk salt. Han hadde også pengar tilgode hjå Peder Pedersen i Engesund i Fitjar for 2 lester og 9 tønner vårsild. Knut Iversen hadde bygt seg røykstove, naust og saltebu i fiskeværet Espevær. Stova og saltebua vart seinare flytta då vårsilda vart borte, men det store naustet på Kjeholmen, med sine tjukke gråsteinsmurar, vart ståande. Knut Iversen hadde tre færingar, ein seksæring og ein åttring, med «Sejl og tilbehør», så det trongst god plass i naustet.

  • Hovland K.S. (1967) Fiske på Bømlo i gamle dagar. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 37-53.
  • Hovland K.S. (1984) Gamle naust og sjøhus på Bømlo. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 77-86.
  • Hovland K.S. (1988) Eit skifte i Espevær 1779-81. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 113-134.

Sjå også

Andre stader i kommunen