Det var ikkje berre Høyanger som fekk industriutvikling tidleg på 1900 talet. Vadheim hadde med grunnlegginga av A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 1907 også ei vesentleg utbygging. Den fekk likevel aldri den storleiken som aluminiumsverket i Høyanger. Her ser vi Vadheim sentrum avbilda på eit kort nytta som julehelsing, truleg i 1908.
Datering
1907-1908.
Fotograf
Stavanger forenede fotografer.
Eigar
Fylkesarkivet. SFFf-100109.118271

Vegsamband mellom Høyanger og Vadheim

Trass i etableringa av ei viktig industribedrift (NACO) i Høyanger i 1915, var Høyanger utan vegsamband heilt fram til 1937. Først då det var råd å køyra til Vadheim. Fylket prioriterte i fleire år vegen frå Vadheim til Guddalen før vegen Høyanger-Vadheim.

Høyangsfjorden

I 1900 budde det 121 menneske i Høyanger, eller Høyangsfjorden, som den vesle, isolerte grenda med fem matrikkelgardar gjerne vart kalla. Fjorden var den einaste vegen til og frå omverda. Høyanger kom med som fast stoppestad i Fylkesbaatane sine ruter Bergen-Sogn hausten 1913, med stogg ein gong i veka på inngåande og på utgåande. Men då var Høyanger i ferd med å endra seg frå ei fredeleg jordbruksbygd til ein travel industristad.

Vasskraft og industri

Det var vassdraga som gav gav grunnlag for storstilt kraftutbygging og industrireising fyrst på 1900-talet. Oppkjøpet av vassrettar byrja i 1890-åra, og i 1914 søkte konsul Harald Larsen og hans interessentselskap om å få løyve til å gå i gang med utbyggjing. Tanken var å framstilla stål. Stortinget gav konsesjon, men planane vart endra frå stål til aluminium. Under leiing av direktør Sigurd Kloumann vart det skipa to selskap, A/S Høyangerfaldene og Norsk Aluminium Company (NACO).

Frå grend til industristad

Utbygginga av vasskrafta og industrien byrja i 1915. Det omskapte heile det vesle bygdesamfunnet. Ein heil liten by steig gradvis fram. Høyangsfjorden "er nå under forvandlingens tegn" kan ein lesa i avisa Sogningen. Etter kvart auka arbeidsstokken til rundt 1000 arbeidarar. I 1917 stod fabrikken klar, men produksjonen kom ikkje i gang med det same. I 1930 budde det 2218 menneske i Høyanger, og produksjonen gjekk då for fullt.

Telefon før veg

Høyanger vart etter kvart ein god marknad for jordbruksvarer. Det vart snart eit krav om å få vegsamband til Vadheim og hvoudvegnettet. NACO ville fyrst ha telegraf og telefonsamband. Verksemda forskotterte anleggskostnaden og telefon- og telegrafsambandet vart teke i bruk i 1917.

Omprioritering

I trafikkkomiteen si innstilling av 1919 står strekningane Høyanger-Vadheim og Vadheim-Lavik grense (Ullebøvegen) oppførde som prosjekterte hovudvegar. Vadheim-Lavik grense var prioritert før Høyanger-Vadheim. I 1925 gjorde kommunestyret i Kyrkjebø, med tilslutnad frå fylkestinget, vedtak om å byggja Vadheim-Lavik grense som bygdeveg, og å setja Høyanger-Vadheim opp som nummer ein av hovudvegane. Kommunen ynskte å koma i gang med vegarbeid snarast råd, og fylkestinget tilrådde at kommunen fikk høve til å setja i gang byggjinga med forskotsmidlar.

Vegarbeidet

Heile strekninga Høyanger og Vadheim var 24,5 km. Det gjekk bygdeveg mellom Bergsvika/Nordeide og Klævold, men det måtte byggjast heilt ny veg på strekningane Høyanger-Bergsvika og Vadheim-Klævold. Anlegget byrja i 1927, og den fyrste parsellen, Høyanger-Sandvika, vart offisielt avlevert 8. oktober 1929. Strekninga Høyanger-Nordeide (8 km) var ferdig i 1934. Då det i periodar var ein god del arbeidsløyse i Høyanger, kom vegarbeidet som kjærkome sysselsetjingsarbeid for mange arbeidslause.

Anleggsarbeidet på strekninga Vadheim-Klævold nådde ein historisk "milepel" i 1937. I årsmeldinga til fylkesingeniøren for 1937 står: "Arbeidet fortsatte utover vinteren og våren til det veiløse parti blev gjennembrudt i juni måned fra hvilken tid Kyrkjebøstranden og Høyanger har vært tilsluttet landets veinett." Seinare vart det utført etterarbeid og utbetringsarbeid i fleire år. Det vart halde offisiell avlevering av strekninga Vadheim-Nordeide i 1951.

 

Image
Vegen mellom Høyanger og Vadheim var fleire stader sterkt utsett for ras. Her ser vi ein buss som har blitt teken av snøras.
Vegen mellom Høyanger og Vadheim var fleire stader sterkt utsett for ras. Her ser vi ein buss som har blitt teken av snøras.
Eigar
Firda Sjåførforening.
  • Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
  • Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
  • Engesæter, Aage: Høyanger. Utviklinga av industristaden fram til om lag 1945. Sogn og Fjordane Distrikshøgskule, Sogndal 1979.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}