Gruvedrift frå 1908
Det heile starta i gruva på Le i 1908. Gruva der var i drift heilt til 1956, då det var slutt på førekomstane. Gruva på Dale byrja ein å utvinna i 1942. På Dale vart ein ny førekomst funnen i 1960 ved hjelp av diamantkjerneboring. Ståpelskår-førekomsten varte til 1984.
Taubane
Sjølve mølla låg nede ved sjøen i Framfjorden. Gruvene var på Le og Dale, og det måtte difor lagast ei 800 m lang taubane for å frakta talken ned til fabrikken.
Arbeidet i gruvene
Talken vart i byrjinga heist opp or gruvene med hestevandring, då ein stor sterk hest gjekk i ring og drog vognene opp etter wire. Seinare vart det skaffa ein bensinmotor og sist overtok el-kraft. Det samla seg vatn i gruva og, som fyrstundes vart bore opp i bøtter. Seinare vart det røyrledning med hevert, før ein fekk pumpe. Transportvognene som vart nytta i gruvene gjekk på skinner. Dei fleste vognene lasta 1 tonn.
All boring var handboring dei fyrste åra, og det var eit stort framsteg då pressluftborane kom. Det vart då mindre slit for arbeidarane, som slapp å banka på borane heile dagen.
Løn og arbeidsmiljø
I gruvene var det dårleg med luft sjølv om det vart slege avtrekkshol opp gjennom taket. Særleg var gassen frå sprengstoffet ei stor plage. Hovudverk og magesjuke var heilt vanleg blant gruvearbeidarane. Fleire av dei som hadde arbeidd lenge i gruvene, fekk silikose (steinstøvlunge) og vart svært kortpusta.
I 1933 var timeløna 90 øre, framover mot 1937 auka løna til 1 krone timen. Borarane og minerarane hadde 20 øre i tillegg. Arbeidsdagen var frå kl. 0730 til 1630 eller 1700 på 1930-talet. Laurdag var full dag.
Nye førekomstar i Stølsheimen
Etter 1984 er det førekomstane i Stølsheimen ein set sin lit til. Der er det store førekomstar, men dei ligg høgt til fjells. Det er lang transport om talken skal fraktast med lastebil til Framfjorden. Eit anna alternativ er tunnel frå Arnafjorden til Stølsheimen, men det vert kostbart. Eventuell utvinning i Stølsheimen er ikkje avklara i 2000.
Gruver som har vore i drift
Gamlegruva 1908 -
Kalvaskår
Skrehamrane
Kleivane
Heggeflåten
Dale:
Dalegruva 1942 -
Ørnereiret
Katlaberg I og II
Johelleren
Ståpelskår 1961-1984