Sjølve osten
Magrare ost enn gamalosten får ein ikkje. Han inneheld berre 0.5 % feitt. Osten er fri for tilsetjingsstoff og inneheld heller ikkje salt. Mange et gamalost til medisinsk bruk og meiner han er helsefremjande.
Gamalosten vert og rekna for å vera den eldste ostesorten vår. Njålssoga, forfatta kring 1280, omtalar surmjølkost, som truleg er gamalost. Fyrste gongen ordet gamalost vart nytta, var av biskop Johan Gunnerus i 1774. Hanna Winsnes si kokebok frå 1848 omtalar og gamalosten.
Tidlegare framstilling
Tidlegare vart gamalost tilverka kringom på gardane, og då helst på stølane. Der kokte dei ost i store koparkjelar som tok 100-200 l mjølk. Ein spesiell type myrgras, storr, vart slege og turka, og dette graset sveipa dei rundt gamalosten. Ein hadde ikkje muggkulturar som ein kunne tilsetja, difor tok det fleire veker før osten var klar.
Mange typar
Det var mange variantar av gamalosten, og mange måtar å framstilla han på. Mest vanleg var hardangermetoden eller sognemetoden. Skilnaden på dei ulike variantane var kor sur mjølk ein nytta og kor mykje ein varma ostemassen.
Osten har hatt ulike namn som gamalost, skjørost og ramost. Felles for all framstilling er at osten vert laga av pasteurisert skumma mjølk med ein temperatur på 20 grader. Osten vert tilsett ein muggkultur, og etter nokre dagar på lager ser osten heilt lodden ut. Muggen skal då strykast inn i osten, slik at muggveksten går innover. Normalt er osten salsmoden 12-13 døgn etter ysting. Gamalosten vert lagra nedfrosen ved -18 grader.
Mysa vert skilt ut ved gamalostproduksjonen. Mjølkeprodusentane hentar mysa og brukar ho til dyrefor.
Vik Meieri
Vik Meieri starta i 1897. Ved meieriet har det vore produsert ost og smør. I 2000 er gamalost det einaste produktet. Vik Meieri vart ein del av Sognemeieriet i 1972 og Sogn og Fjordane Meieri i 1985, som gjekk med i Tine Meierier Vest i 1999.
Sal
I 1992 vart det selt 274 tonn gamalost. Salet har seinare gått nedover og ligg no mellom 150 og 200 tonn for året. Norsk Gamalostlag er skipa for å få opp att salet og interessa for denne osten. Laget har ca. 5000 medlemer. Kong Harald er æresmedlem. Kvart år vert det skipa til Norsk Gamalostfestival i Vik, der det bl.a. har vore konkurranse i bruk av gamalost.