Frå avdukinga i Vik, 10. juni 2001. Frå venstre John Moberg, president i Norsk Gamalostlag, og fylkeskultursjef Lidvin Osland.
Datering
2001.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Jon Moberg.

Gamalost-bautaen i Vik

Folk som kjem køyrande ned frå Vikafjellet mot Vik, treffer øvst i bygda på eit skilt som ynskjer velkomen til, "-heimstaden til det einaste gamalost-ysteriet i verda". Dette unike produksjonsanlegget ligg heilt nede i sentrum. Rett utanfor står ein bautastein over ein ost, -kan henda den einaste i sitt slag i heile verda den òg.

Gamalost-bautaen

Gamalost-bautaen er ein nær 2 meter høg stein med ei innfelt messingplate oppsett til heider for gamalosten og ysteriet i Vik - det einaste ysteriet i verda som produserer denne eldgamle, norske ostespesialiteten. Bautaen er laga av ein mørk bergart. Dei fann emnet ved Kvilesteinvatnet på Vikafjellet, ein stad Statkraft dreiv på med sprenging sommaren 2000. Plata har innskrift og ei teikning signert Ludvik Eikaas. Det står: DEN GAMLE OST (og) VIK - GAMALOSTEN SI VOGGA * 16.06.2001. Teikninga syner ei budeie som passar på ostekjelen.

Image
DEN GAMLE OST har kunstnaren Ludvik Eikaas sett som tittel på dette gamalost-kunstverket som syner ei budeie som passar på ein ystekjel. Teikninga vart opphavleg laga på oppdrag frå Gamalostlaget til bruk i marknadsføringa. Ein gullsmed i Vik førde teikninga over til plata. Elles står: VIK - GAMALOSTEN SI VOGGA - 16.06.2001.
Datering
2001.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Jon Moberg.

Avdukinga

Norsk Gamalostlag skipar årleg til ein Gamalost-festival i Vik med glade gamalost-etarar frå heile landet. Kvar festival har ei særleg hending på programmet. I år 2000 vart gamalost-skiltet "avduka", året etter samla festival-folket seg kring ein eigen gamalost-bauta. Det er presidenten i gamalostlaget, John Moberg, som avlar idear til topp-attraksjonar og driv dei fram til røyndom, - vegskilt år 2000 og bautastein året etter.
Gamalost-bautaen vart avduka 16. juni 2001, og det var fylkeskultursjef Lidvin Osland som hadde det ærefulle oppdraget å stå føre sjølve avdukinga. Han utførde handlinga ved å skjera over ei snor i nasjonalfargane med ein kniv frå Helle Fabrikker i Fjaler.

Gamalost

Gamalost er ein heilnorsk ost som bli laga av sur skumma mjølk. Osten vart gjennom fleire hundre år laga på gardar og stølar. Utover på 1900-talet vart det òg laga gamalost på mange meieri, særleg på Vestlandet, men ved århundreskiftet, 2000, var meieriet i Vik einaste staden som hadde produksjon i noko større omfang.
Gamalosten vert laga i sylinderform, teksturen er tett og konsistensen fast, men saftig. Gamalosten har rein, skarp smak og lukt. Skorpa er brun. I det indre er osten gulbrun med ein større eller mindre grønfarga sentral del. Fargane skriv seg frå dei mange muggsoppane som mognar osten.

Image
Ikkje alle tykkjer like godt om gamalost-aromaen. Her har to av dei tre ved bordet sperra av lukteorgana sine, medan den tredje ser ut til å finna pålegget velgjerande på fleire vis.
Datering
Kring århundreskiftet 1900.
Fotograf
Namnet på teiknaren er ukjent.
Eigar
I eit tidsskrift, tittelen ukjend.

Image
Avisa "Firda" hadde 20.02.1962 ei notis om ei gamalostsending frå Tromsø til Amerika. Lukta vart i sterkaste laget for tollarane, reine gassåtaket, meinte sjefstollaren. Men mottakaren let vel, "gammelosten var fin den."
Datering
1962.
Eigar
I Firda. 20.02.1962.

"-- får blodet til å brusa -- "

John Moberg arbeider heilhuga for gamalosten, for at stadig fleire skal få gane for, denne "norske nasjonal-heilagdomen", som han kallar osten det finst historiske vitnemål om heilt frå 900-talet.
"Når me høyrer på folketradisjonen om verknadane av gamalosten", seier han, "må det vera ei folkeoppgåve å auka forbruket. Gamalosten inneheld stoff som hemmar bakterievekst, gir mindre kolestorol og får blodet til å brusa i årene våre."

Kong Harald æresmedlem

Norsk Gamalostlag, skipa 1983, arbeider for å fremja kjennskap til gamalosten og for auka forbruk. Knapt noko lag i landet har ein meir eksklusiv æresmedlemskapsorden. Det synlege teiknet er ein innvigd ostekniv kandidaten skjer seg til medlemskap med i ein særleg utvald ost.


Bondevennen. Nr 33/34.2001. Stavanger.
Opplysningar frå:
Jon Moberg, Leikanger.

Nettstader:
Gamalosten si eiga heimeside:
http://www.tine.no/gamalost