Astridstova i Feios, slik stova såg ut i 1997. Her budde folk fram til 1989.
Datering
1997.
Fotograf
Arne Inge Sæbø.
Eigar
Arne Inge Sæbø.

Astridstova i Feios

I bakkane ovanfor butikken i Osen i Feios står det ei gamal stove som vert kalla Astridstova. I denne stova har det budd folk som vart kalla strandsitjarar.

Namnet

Astridstova står på bygdealmenningen og er svært gamal. Me veit ikkje når stova vart bygd, men truleg kan ho vera frå tidleg på 1700-talet. Det finst fleire liknande stover i Osen i Feios.
Stova vert kalla Astridstova etter Astrid Monsdotter Osen (1896-1981) som budde der. Seinare har dotter hennar, Gerd Osen f. 1926, budd der fram til 1989. Gerd vart fødd i denne stova, og her voks ho og hennar fire sysken opp.

 

Image
Astridstova er ikkje lenger i bruk, og busker og tre veks fritt og gjer tilkomsten vanskeleg. Stova har som me ser fått nytt bylgjeblekk på taket.
Datering
1997.
Fotograf
Arne Inge Sæbø.
Eigar
Arne Inge Sæbø.

Andre namn

Stova har og vore kalla Havmanns-Gjertrudstova og Barbrastova. Gjertrud var gift med ein som var på fiske. Difor vart ho kalla Havmanns-Gjertrud. Namnet Barbrastova er etter Barbra Helgesdotter Eri (1815-1905) som var gift med Jens Ingebrigtson Borlaug (1810-1863).

Verneverdig

Denne gamle strandsitjarstova er ei tømmerstove som er verd å ta vare på. Huset har fått bylgjeblekk på taket, elles er det gjort lite med huset utvendig. Innvendig er stova vorten panelt.

 

Image
Planteikning av Astridstova. Huset er 7.80 x 4 m og inneheld tre rom. Ei stor stove og to mindre rom. Eit skur er bygt inntil eine langveggen.
Datering
2000.
Fotograf
Teiknar: Arvid Tveit, Vik kommune.

 

  • Sæbø, Arne Inge: Barbrastova-Astridstova. I Pridlao, nr. 3, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

Munnleg informasjon frå:

  • Gerd Osen, f. 1926, Vik i Sogn.