Kulissene frå gamle Bygdetun i glasmonter i nye Bygdetun på Bryggja.

The scenes from the old Bygdetun in a showcase in the new Bygdetun at Bryggja.

Datering
Ca. 1996.
Fotograf
Rigmor Navekvien.
Eigar
Rigmor Navekvien.

Kulissene i Bygdetun

Då gamle Bygdetun vart opna på Bryggja i 1935, kunne folk også gleda seg over vakre kulisser måla av nordfjordkunstnaren Erling Solheim. Då nytt Bygdetun vart opna i 1996, fekk kulissene plass i glasmonter. Erling Solheim var fødd på Bryggja i 1911 og døydde i 1973. Arbeida hans finst i mange heimar i Nordfjord.

Kulissene i Bygdetun på Bryggja

Då gamle Bygdetun på Bryggja vart innvigd i 1935, gav kunstmålar Erling Solheim eit vakkert arbeid til bygget. Han hadde måla kulisser som syner utsynet frå Bryggja med fjellet Hornelen i bakgrunnen. Dei lyse bjørkene skulle symbolisera håpet, ungdommen og våren. Gjennom åra vart kulissene slitne, lerretet morkna og stadig fleire rifter kom til syne. Dette var ein av bygdefolket sine kulturskattar, og gleda var stor då kunstverket vart restaurert og plassert i glasmonter i det nye Bygdetun. 31. juni 1996 var det høgtideleg opning av utstillinga i monteren. I det høvet var det òg laga ei utstilling av målarstykke og teikningar laga av Erling Solheim.

Image
Utsnitt av kulissene med fjellet Hornelen i bakgrunnen.

Detail of the scenes with the mountain of Hornelen forming the backdrop.

Datering
ca. 1996.
Fotograf
Rigmor Navekvien.
Eigar
Rigmor Navekvien.

Image
Biletet syner det gamle Bygdetunet på Bryggja. Ungdomshuset vart bygd i 1935 og stod fram til det vart rive i 1993.

The picture shows the old village hall of Bygdetunet at Bryggja. The village hall was built in 1935 and was torn down in 1993.

Datering
1935-1940.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet, SFFf-96139.0020.

Kunstnaren Erling Solheim

Erling Solheim var fødd på Bryggja i 1911 og døydde i 1973. Han har sett mange spor etter seg i bygdene i Nordfjord. Erling var son til lærar Anders Solheim og Anne Brobakke. Etter folkeskulen drog Erling Solheim til Ålesund på middelskulen, og seinare til gymnaset på Eid. I gymnastida måla han fleire bilete som hang på veggene i skulen. Som teiknar var Solheim sjølvlært. Han fekk aldri høve til å ta utdanning i den retninga han hadde slik givnad. Eitt av dei første større arbeida hans var sceneteppet i ungdomshuset på Blakset. Det er 4 x 3 meter og viser utsyn mot Hildeneset og Innvikfjorden. Det måla han då han var 17-18 år gammal. Solheim laga mange hundre teikningar med motiv frå nordfjordbygdene. Dei fleste nordfjordingar har sett ei Solheim-teikning. Stilen er særprega og lett å kjenna att. Dei vanlegaste motiva er Nordfjordmiljø, ofte med dyr som er naturtru og livfullt attgjevne. Mange har tykt vel om teikningane hans, og dei finst i mange stover i Nordfjord.

Image
Kunstnaren Erling Solheim (1911-1973) vert rekna som nordfjordteiknaren framfor alle andre. Det er han som har laga dei flotte kulissane i Bygdetunet på Bryggja.

The artist Erling Solheim (1911-1973) is held to be the Nordfjord artist par excellence. It is he who has painted the fine scenes in Bygdetunet at Bryggja.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Jul i Nordfjord 1987.


Jul i Nordfjord 1987.
Brev frå Rigmor Navekvien.