Alfred Torvik (02.06.1877–22.09.1949) var ein lokalpolitikar, gardbrukar, postopnar og dampskipsekspeditør frå Ervika i tidlegare Naustdal kommune. Alfred utvandra til Amerika tidleg på 1900-tallet, men kom attende til Noreg i 1920 og deltok seinare i lokalpolitikken i Naustdal fram til sin død.
Tidleg liv
Alfred Torvik vart fødd på garden Ner-Torvika i Eid i Romsdalen den 2. juni 1877. Foreldra hans var Ole Ellingson Reme Torvik (1838–1900) frå Stryn og Magnhild Valdemarsdotter Svarstad Torvik (1848–1911) frå Innvik. Dei flytta til Ner-Torvika i 1873, og hadde då allereie med seg to born på flyttelasset. I laupet av dei 23 åra som familien budde i Ner-Torvika fekk dei ti born til. Av dei 12 borna var det ti av dei som seinare utvandra til Amerika.
I 1894 kjøpte Ole E. Torvik garden Ervika i Naustdal kommune, og familien flytte då dit. På flyttelasset skal familien hatt med seg husa frå setra ved Skarvatnet, men miste dei ved forlis på Stadhavet. Det seiast at stabbursklokka sokk og.
Ervika i Sunnfjord
Datering
1935-1940
Fotograf
Olai Fauske
Eigar
Vestland Fylkeskommune
I Ervika var det berre eitt bruk. Dette var prega av at det låg i eit brattlendt terreng, der innmarka gjekk bratt opp frå sjøen med tunet litt oppi bakken. Like ved tunet rann det ei stor fossande elv, som Alfred Torvik sjølv beskriver i eit brev til venen Olai Fauske: «Du naar det lider ut i juni trur eg det var ikkje dumt aa friste for eit prosp av Erviki daa er alle lidar gröne, fossen kanskje noko stor, eg likte bedst det». I omlandet kring Ervika låg Bjørkedalen, Fauske og Solheimsdalen.
Ervika var på Alfred sin tid ei viktig møteplass for folk på sørsida av Førdefjorden. Nokre av grunnane var at det var dampskipsstoppestad, sagbrukdrift, butikk og postkontor der. På denne tida var også fjorden den viktigaste ferdselsåra og amtsskipa hadde stoppestad i her, noko som gjorde at Ervika vart eit naturlig knutepunkt for folk som reiste til og frå dampskipskaia. Dampskipsstoppestaden i Ervika var den nest viktigaste stoppestaden i tidlegare Naustdal kommune, etter Naustdal sjølv.
I 1901 tok Alfred over gardsbruket i Ervika, men det tok ikkje mange år før det baud på økonomiske utfordringar. Kvelden den 6. mars 1905 var det dramatikk i Ervika. Medan folket på garden sat og åt kveldsmat i bustadhuset byrja det å brenne i sagbruket nede ved sjøen. Den einaste bygninga som sto att på bruket etter brannen var bustadhuset. Dei store øydeleggingane førte med seg store økonomiske utgifter på om lag 10–15 000 kronar. På denne tida var dette ein god sum med pengar.
Den 17. juni 1907 gifta Alfred seg med Inga Andreasdotter Erdal (1885–1961). Bryllaupet stod i Naustdal kyrkje, og vart godt dokumentert av fotografen og venen Olai Fauske. Alfred og Inga fekk seinare fire born saman.
Bryllaupet til Inga og Alfred Torvik 17. juni 1907 i Naustdal. Biletet er teke på dampskipskaia i Naustdal. Dei er ferdig i kyrkja og ventar på båt som går til Ervika, der bryllaupsfesten var.
Datering
1907
Fotograf
Olai Fauske
Eigar
Vestland Fylkeskommune
Bryllaup i Ervika i 1907. Alfred Torvik gifte seg med Inga Erdal.
Datering
1907
Fotograf
Olai Fauske
Eigar
Vestland Fylkeskommune
Fotograf Fauske i arbeid. 17. juni 1907. Brudeparet Inga Henrikke Andersdotter Erdal (1885-1961) og Alfred Olsen Torvik (1877-1949).
Datering
1907
Fotograf
Olai Fauske
Eigar
Vestland Fylkeskommune
Brureparet Inga Henrikke Andreasdotter Erdal (1885-1961) og Alfred Olsen Torvik (1877-1949).
Datering
1907
Fotograf
Olai Fauske
Eigar
Vestland Fylkeskommune
Amerika
Den 26. juni 1908 utvandrar Alfred Torvik frå Bergen med Cunard-linja til Amerika. Han utvandra åleine utan kona og dottera, som vart fødd under ein månad tidlegare. Årsaka Alfred gav for utvandringa var «manglende adgang til at faa lönnede virksomhed i Norge». Planen hans var å reise til Sisseton i Sør-Dakota for å arbeide som farmar eller gruvearbeidar.
To veker etter at Alfred var komen til Sisseton, sende han sitt fyrste brev heim til Noreg. Han skreiv då til sin ven fotograf Olai Fauske, som heldt til i Førde med fotografverksemda si i mange tiår. Etter Olai Fauske er det bevart ein del arkivmateriale i tillegg til fotoarkivet, som amerikabreva frå Alfred Torvik:
«Eg hev no vore her i 14 dagar. Kor eg likar meg (…) Eg arbeide fyrst nokre dagar i sjölve byen paa eit smedværksted. So byrja eg med Valdemar i höingi den er snart forbi. Eg kan og faa arbeid i Sisseton kva dag eg vil til ein betaling ale 2 ½ dollar om dag og det er nokonlunde bra, so tiderne vil eg ikkje klage paa for eg vært fyre at det er daarlegt.»
I laupet av tida Alfred var i Amerika sende han fleire brev til Olai Fauske i Noreg. I desse breva skildra han korleis han opplevde Amerika i forhold til Noreg:
«Nyt fraa landet her veit eg ikkje stort av endaa kan du skyna; men eg trur derso gardbrukarne i Noreg var so onnuge som farmarne her so var dei komne lenger mange. Det er og som eg tænkte för eg reiste det er ikkje lætt for ein som er mykje doven og lite huga aa gjere noko til at tene mange pengar her, ein maa arbeide for pengane. Her er no arbeid aa faa paa disse kantar for alle som vil, men endaa klagst det for at dei ingenting fær aa gjere».
Image
Amerikansk farming med hest.
Datering
1910-1920
Fotograf
Ukjend
Eigar
Vestland Fylkeskommune
«Eg var nokre vikor i S. Dakk, det var i höving harvist og træsking – det gjekk fyre seg paa ægte Amerikavis kand du vita. Det var korkje ljaaar rivor elder sigar aa sjaa, hestarne gjorde umlag alt arbeidet».
«Du nemner lidt um Amerika for deg sjölv, men eg trur du kan leve i Noreg; mi meining er den, ein mann som kan klare seg rimelegt i Noreg skulde ikkje reist til America det er betre aa gjere sit yrkje heime i Noreg. Eg trur det er ikkje ein mann fraa Noreg som ikkje minnast sit heimland».
«Du veit ein maa noko gjere naar ein er kommen hit til landet for aa tene pengar aa so gaa heim att. Eg hev snart tænkt nu kunne reist heim at paa ei tid; men det er langt dit serdu og kan mangt forandre seg; eit er vist fær eg hava helsa nokre aar so skal me finnast i Ervik att. Eg reiste ikkje som mange uslingar tur for at forlate alt».
Alfred var ikkje lenge i Sisseton før han reiste vidare til Wardner i Idaho. Her fekk han seg jobb som gruvearbeidar. Slik skildrar Alfred den nye arbeidsplassen sin i eit brev til Olai Fauske den 18. september 1908:
«Ja, Olai no er eg komen langt vest berre eit lite stykkje att til Stillehavet, eg er paa vestre grensa aa Idaho, eg er tænkst værte her nokre aar derso eg fær hava helsa. Eg er no i ei blygrupe det skal være Americas störste av den slags, her arbeider millom 4 og 500 mann. Paa det djupaste er ho 2 200 fot og det er ikkje lite stykkje ned gjennom gjordi. Det fell meg lett aa arbeide saman med andre her, eg er ikkje trögtare um kvelden enn um morgonen. Betalingi er god; men her er og svina dyr naar ein skal kjöpe noko».
Etter ei stund i Wardner gjekk ferda vidare til Kellogg i Idaho. I eit brev frå 07. april 1909 skreiv Alfred at han hadde slutta å jobbe i gruva, og fått seg jobb på ein smedverkstad. Her var løna dårlegare, men det var betre arbeidsforhold:
«Eg er no slutta i mina aa byrja paa eit smedværksted – du veit eg likar meg lidt beire paa utsida, det er sunnare; men eg kunne haft ½ dollar meir for dagen um eg var i mina no, so det kan hende eg var dum som ikkje var der, - um ei tid fær eg vonleg det same her og, daa er det beire um eg kastar burt nokre maanar for lidt mindre pengar; men du skynar eg hev hug aa tene pengar fortaste eg kan, for med tidi aa sjaa Noreg att».
«I vinter hev eg arbeid paa ein sovoren plads, naar eg gjekk um morgonen vidste eg ikkje um eg kom ut att med liv um kvelden. – Eg skal segje dykk sant. – Eg hev ikkje kjent kjent rædsle».
Etter 1909 finn ein ikkje fleire brev frå Alfred i arkivet etter Olai Fauske. I folketeljinga frå 01. desember 1910 vart det oppgitt at Alfred var i Amerika. Utifrå emigrantprotokollane var ikkje Alfred heime i Noreg før i 1914. Det står då at Alfred har «været hjemme paa besök fra maj 1914». Alfred reiste då tilbake til Amerika den 31. august 1914. Denne gongen reiste han til til Central Ontario i Canada. Etter at Alfred sende det siste brevet til Olai Fauske i 1909 hadde han då reist frå Kellogg i Idaho til Central Ontario i Canada. Her hadde han fått seg jobb som mekanikar.
Etter at Alfred reiste til Canada i 1914 var han ikkje attende i Noreg før i 1919. I emigrantprotokollen frå 1919 står det at han hadde «været hjemme på besök». Han returnerte til Canada, men no var det Montreal som var målet. Det tok ikkje lang tid før han reiste attende til Noreg. Ved folketeljinga 01. desember 1920 vart det oppgitt at Alfred var heimkommen til Noreg i 1920.
Lokalpolitikar i Naustdal heradsstyre
Etter at Alfred var heimkomen til Noreg i 1920 tok det ikkje lang tid før han tok del i lokalstyret i Naustdal kommune. I 1922 vart Alfred vald inn som varamann i heradsstyret. Han var oppført som nummer 20 under varamenn med 36 røyster. Kanskje hadde erfaringane og opplevingane i Amerika påverka Alfred til å ta del i lokalstyret i Naustdal?
Ved dei neste vala i Naustdal stilte Alfred som varamann ved fleire høve. I 1925 vart han nummer 13 med 143 røyster og i 1928 vart han nummer ein med 279 røyster. I 1931 er ikkje Alfred å finne over dei som vart vald inn i heradsstyret, men han står oppført under lagrettermenn og domsmenn. Ved valet i 1934 vart Alfred igjen vald inn som varamann og no som nummer 19 med 39 røyster.
Valet i 1937 var det fyrste i Naustdal kommune med partilister. Her stilte Alfred til val for partiet Venstre. Han vart då vald igjen som varamann med 211 røyster.
Hausten 1940 skulle det eigentleg ha vore nytt kommuneval, men etter den tyske invasjonen oppløyste rikskommissær Josef Terboven alle politiske parti. No skulle det ikkje lenger vere dei folkevalde som skulle styre lokalpolitikken. I staden skulle Innanriksdepartementet utnemne ordførar, varaordførar og formenn som ordføraren kunne rådføre seg med. Det var berre NS-medlemer som skulle utnemnast i desse posisjonane så langt det var mogleg. I Naustdal kommune var det ikkje nok NS-medlemmar til at dette var mogleg. Heradsstyret som vart vald i 1937 fungerte difor ut 1940. Frå 1941 tok den nye ordninga over, og Alfreds partikollega, distriktslege Anders Øye, vart vald som ny ordførar i Naustdal kommune.
Den 9. januar 1942 mottok fylkeskontoret til NS i Bergen ei melding frå ein av formennene i Naustdal heradsting, Harald Mulen. Denne meldinga gjekk ut på at Alfred Torvik skal ha vore fiendtleg innstilt mot NS, og at han dreiv med politisk forfylging av Mulen og NS. Mulen la her med ei liste over dei verste fiendane NS hadde i Naustdal, og på denne lista stod Alfred. Ikkje lenge etter at denne meldinga var sendt, vart det utarbeida ei jøssingliste av Mulen og Øye. På denne lista var Alfred oppført som nummer to. «Dei som er nemnde fyrst, har ein litt framskoten plass av ein eller annen grunn» står det i Firda etter at lista vart publisert i avisa 11.05.1946. Jøssinglista var ei liste med namn på personar som var motstandarar av den tyske okkupasjonsmakta og partiet Nasjonal Samling. Ei jøssingliste skulle vere hemmeleg, då dei var til bruk for tyskarane om dei ville straffe bygdefolket. I mange tilfelle kunne det bety anten konsentrasjonsleir eller avretting. I januar 1943 vart Alfred meld til Statspolitiet for tilsvining av NS-plakatar. Denne saka vart overteke av Sipo, som var det tyske sikkerheitspolitiet i Noreg under krigen.
Etter krigens slutt i 1945 var det dei som var medlemer av heradsstyret frå 1937 som vart oppnemnde til det mellombelse heradsstyret. Einaste unntaket var Anders Øye som hadde vore medlem av NS. Alfred vart då fast medlem av heradsstyret: «I staden for hr. A. Øye som går ut av di han var medlem av N. S. rykker varamann Alfred Torvik op som fast lem». Dette heradsstyret sat ut 1945, då eit nyvald heradsstyret tok over styringa.
Ved det fyrste ordinære kommunevalet i 1946 vart Alfred vald inn som fast medlem av heradsstyret for Venstre som nummer 4 med 480 røyster. Dette var den siste perioden som Alfred sat i heradsstyret. Han døydde den 22. september 1949. I laupet av dei periodane som Alfred sat i heradsstyret som varamann og som fast medlem vart han vald inn i ei rekke forskjellige nemnder, til dømes formannskapet, kommunal alderstrygdnemnd, branntakstmann og vegnemnd. Han engasjerte seg også i en rekke saker som til døme vegsaker og byggjing av skulehus:
«Alfred Torvik hev sendt uppmoding um at det snarast vert gjort noko med umvøling paa dei livsfaarlege svingane paa vegen millom Fengestad og Ervik».
«Eg må endå ein gong beda om plass for nokre ord om denne veglina for å overtyda N. B. med fleire um mi «uskynelege stoda» og «private spekulasjonar» i denne sak. Eg har tidlegare upplyst her i bladet at då saki om ymse veglinor etter innstilling frå ei sevald nemnd var lese i heradstyret var eg, og fleire med meg, ikkje merksam på at vegen Bjørkedal-Ervik (som alltid har vore med på vegplanen) ikkje var medteken på instillingi og at vegen Bjørkedal-Solheimsdalen var oppførd i staden. Dette brigade vart soleis gjort utan ordskifte».
«Vil røysta for samanslåing av krinsane Heilevang, Karstad og Bjørkedal til byggjing av skulehus i Ervik etter tilråding av den valde nemnd, då ein meiner skyssutlogone vert minst med byggjing i Ervik, når vegane vert ferdige».
Utforsk og lytt til livet til Alfred Torvik
Arkivmateriale:
Fylkesarkivet i Vestland, Alfred Torvik, Fauske Olai, Amerikabrev 1, 1908.
Fylkesarkivet i Vestland, Alfred Torvik, Fauske Olai, Amerikabrev 2, 1908.
Fylkesarkivet i Vestland, Alfred Torvik, Fauske Olai, Amerikabrev 3, 1908.
Fylkesarkivet i Vestland, Alfred Torvik, Fauske Olai, Amerikabrev 4, 1908.
Fylkesarkivet i Vestland, Alfred Torvik, Fauske Olai, Amerikabrev 5, 1909.
Fylkesarkivet i Vestland, Alfred Torvik, Fauske Olai, Amerikabrev 6, 1909.
Fylkesarkivet i Vestland, Alfred Torvik, Fauske Olai, Amerikabrev 7, 1909.
Fylkesarkivet i Vestland, Kommunale verv I, Naustdal kommune formannskapet, ombod,verv. 1924-1966.
Fylkesarkivet i Vestland, Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Naustdal kommune III, Naustdal kommune formannskapet, møtebok. 1915-1924.
Fylkesarkivet i Vestland, Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Naustdal kommune IV, Naustdal kommune formannskapet, møtebok. 1924-1930.
Fylkesarkivet i Vestland, Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Naustdal kommune V, Naustdal kommune formannskapet, møtebok. 1931-1936.
Fylkesarkivet i Vestland, Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Naustdal kommune VI, Naustdal kommune formannskapet, møtebok. 1936-1940.
Fylkesarkivet i Vestland, Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Naustdal kommune VII, Naustdal kommune formannskapet, møtebok. 1940-1947.
Statsarkivet i Bergen, Emigranter til Amerika IV, Bergen politikammer/politidistrikt, emigrantprotokoll. 1908-1909.
Statsarkivet i Bergen, Emigrantprotokoll XIV, Bergen politikammer/politidistrikt, emigrantprotokoll. 1914.
Statsarkivet i Bergen, Emigrantprotokoll XVI, Bergen politikammer/politidistrikt, emigrantprotokoll. 1915-1919.
Statsarkivet i Bergen, Naustdal herred, Statlig folketelling. 1900.
Statsarkivet i Bergen, Herred nr. 352. Naustdal. Nordre Bergenhus amt, statlig folketelling. 1910
Statsarkivet i Bergen, Folketelling 1920 for 1433 Naustdal herred, statlig folketelling. 1920.