Bilar, lasteruter- og personruter vart etter kvart ein viktig del av kommunikasjonen i fylket, og synet på vegtrafikken tok så smått til å endra seg. På 1930-talet vart stamvegruter prioriterte. Gaularfjellsvegen og Rørvikfjellet vart ein del av riksvegsambandet (rv. 13) frå Kaupanger til Florø. Men det var så ymse med brøytinga over fjellet. Her ser vi ein Volvo 1955-modell som må leggja på kjettingar. Vi ser Haukedalsvatnet i bakgrunnen.
Datering
1955-1970
Fotograf
Ukjend
Eigar
Firda Sjåførforeining, Førde

Haukedalen og vegutløysing til fjorden

Haukedalen var rekna som ei svært lovande jordbruksbygd med store område dyrkbar jord. Men dalen var nærmast avstengd frå omverda. Alt på 1800-talet kom kravet om ein god kjerreveg til Førde som var kortaste vegen til fjorden. Det var særleg dei bratte bakkane opp Rørvikfjellet som var ei hindring.

Vegutløysing viktig for innlandsbygdene

Haukedølene kunne ikkje køyra ned til sjøen anna enn når vatnet var tilfrose. Det vart rydda ein smal, krokete veg frå 1840-åra over Rørvikfjellet gjennom Holsen til Førde. Vegen hadde fleire strekningar med stigning 1:3 (33 1/3%). Eit lass på eit par mjølsekker var hardt nok sjølv med ein sprek fjording. Vinters tid var det stort sett berre postmannen som tok seg over til fots.

Julekort frå Firda Billag i 1949 med motiv frå Rørvikfjellet.
Datering
1949.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Firda Sjåførforeining, Førde.

Planar for omlegging og utviding

I november 1850 vart det oppnemnt ein komite for å forhandla med grunneigarane på strekninga Viskedal-Grøneng om å avstå grunn til ei påtenkt omleggjing og utviding av vegen. I 1855 vart det løyvt 100 spesidalar til minering og krut, mot at bøndene forplikta seg til å arbeida på vegen. Seinare same året, vart det løyvd nye 200 spesidalar. I 1865 vedtok kommunen å utbetala 100 spd til oppsitjarane i Haukedalen fordelt på fire år dersom dei opparbeidde vegen mellom Rørvik-Grøneng i ein breid på 2 - 3,5 m. Kommunen ville lønna ein oppsynsmann under arbeidet.

Framleis ein dårleg veg

Men vegen var framleis ikkje god nok. Stykket frå Holsen kyrkje til Rørvik kunne framleis ikkje klassifiserast som køyreveg, "da bakkerne især paa østsiden af Rørvikfjeldet er saa svære, at det er nødvendigt at læsse om de tyngre", skriv geografen Amund Helland i 1900. I 1892 bad oppsitjarane i Holsen sokn om at ei ny vegline vart stukken og kalkulert frå hovudvegen på Moskog til Gaular grense (Indre Holmedal). Først 19. januar 1898 kom saka til vegsjefen. Førde kommunestyret vedtok 18. februar 1904 einstemmig å ta på seg 1/5 av overslaget fordelt på sju år frå arbeidet vart påbyrja, under føresetnad av at også fylket gav 1/5, staten det halve og dei interesserte resten. Men anlegget måtte ikkje fortrenga anlegget Førde-Naustdal.

Frå bygdeveg til hovudveg

I vegplanen av 1906 vart strekninga Moskog-Rørvik sett opp til byggjing i 1919-1925 og strekninga Viken-Haukedalsvatnet i 1912-1918. Begge vegstrekningane var førde opp som bygdevegar. Men lite skjedde. I trafikkplankomitéen si innstilling av 1919 heiter det: "I Gaulars nordlige naboherred, Førde, venter baade Haukedalen og Angedalen paa, at deres sjøvei - maksimum henholdsvis 36 og 20 km - skal bli farbargjort for automobilkjørsel. For tiden er begge disse dalfører absolut avskaaret fra at benytte bilen. Haukedalsveien er saa bakket, at det er vanskelig at kjøre mer end 100-200 kg i lasset."

Haukedalen - ei gullgruve

I 1918 skreiv Sivert Haaland, styrar på Mo jordbruksskule i Førde: "Haukedalen kan daa [med ny bilveg] verta ei gullgruva som det av naturen er etla til - ikkje berre for bygdi, men fyr land og by. Tenk berre paa alt det kjøt og smør ein kunde avla her!" I 1925 hadde Bergens Tidende ein artikkel om Haukedalen i samband med Fylkestinget i Førde. Dei poengterte at dalen hadde store og velstelte gardar og framifrå dyrkingsfelt som kunne brødfø mange gongar så mange som budde i dalen. Vegen var bygd av soknet mest utan tilskot, "Men enhver vil lettelig forstaa, at en Vei bygget paa den Maade, om end et stort Fremskridt i sin Tid, umuligt kan tilfredsstille Nutidens Behov. Den er da ogsaa umulig som nogen Bygdevei kan være."

Samband Haukedalen-Viksdalen

I 1920-åra fekk Haukedalen vegsamband gjennom Råheimsdalen til Gaular, og fekk såleis samband med riksvegnettet Vadheim-Førde-Sandane. Det var eit bygdeveganlegg med statsbidrag. I 1916 forskotterte oppsitjarane i Haukedalen bygdevegen frå Rørvik til Gaular grense med hjelp frå kommunane og Førde Sparebank. Haukedølene fekk dermed veg til fjorden, men den var over 20 km lenger enn veg over Rørvik til Førde.

Haukedalsvegen opna

Strekninga Gaular grense-Moskog var rundt 19 km og vart teken opp som hovudveg på vegbudsjettet i 1922. Stigninga var 1:3 opp på Rørvikfjellet, og såleis var det ei stor oppgåve å gjera vegen framkommeleg for biltrafikken. I perioden 1913-16 hadde distriktet forskottert fleire parsellar. Men ikkje før i juni 1936 kunne ein lesa i avisa Firda, at Haukedalsvegen var opna. På det tidspunktet var det enno delar av vegen som så vidt var farbar for bil sommars tid (gjennom Holsendalen). Vegen var endeleg ferdig ut på 1940-talet. Men med aukande biltrafikk, vart sambandet over Rørvikfjellet ikkje berre ei lokal vegutløysingssak, men også ein viktig del av tverrsambandet mellom Sogn og Sunnfjord.

Vegkrysset ved Flåten i Haukedalen med Haukedalsvatnet i bakgrunnen.
Fotograf
Ukjend
Eigar
Firda Sjåførforeining, Førde
Den første rutebussen på ruta Førde-Haukedalen. Sjåføren er Johannes Råheim som sit til venstre. Også vegen inn til Haukedalen trengde omleggjing før dei kunne få rutegåande trafikk dit. I 1930 låg det føre eit brev frå oppsitjarane til kommunen om at vegen inn til Haukedalen måtte vølast for at den kunne tola bilkøyring. Vegnemnda i kommunen drog på synfaring, og etter ein del drøftingar tok sju gardbrukarar på seg arbeidet med vegen gratis. Dei byrja våren 1932, med spade, hakke, spett og bor. Kommunen sytte for midlar til sprengstoff. I 1934 stod 250 m veg ferdig. Eit bratt og vanskeleg parti var fjerna.
Datering
1932-1934.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Firda Sjåførforeining, Førde.

"Ei drusteleg opning"

Vegdirektør Baalsrud heldt opningstalen. Han kom rett frå opninga av den såkalla Singervegen (Olden-Innvik), der kong Haakon var tilstades. Opninga hadde der føregått på turisthotellet. Kontrasten til vegopninga i Haukedalen var stor. Her var opninga i ein låve, og den første som helsa autoritetane velkomne, var (i følgje avisa Firda) ei høne som flaksa og skreik mellom låveveggene. Men elles mangla det lite på gjestfridom og servering. Her var det beste av mat og drikkevarer, og den ekte gleda som folket i dalen viste for vegen dei hadde fått, var kanskje den største opplevinga for vegdirektøren.

Haukedølene protesterte

Men vegspørsmålet hadde og sine mørke sider. I 1929 hadde det vore usemje mellom haukedølene og Førde kommune om korleis løyvingane til vegen vart nytta. Haukedølene gjekk til sak mot Førde kommune og nekta å betala sin del. Det vart slutta forlik på vetle julaftan 1929, men ei ny sak kom opp etter at vegen var opna: Skulle dei leggja om Holsabakkane eller Høgsetbakken? Haukedølene ville ha den første omvølt, slik at dei om vinteren kunne komma seg til Holsen. Folk i Holsen ville ha Høgsetbakken omgjort slik at Firda Billag, som ikkje greidde denne bakken om vinteren, kunne køyre rute om vinteren. Både vegvesenet og Førde kommune var samd i at Høgsetbakken vart teken først. Og slik vart det, trass i iherdige protestar.

  • Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del II, Kristiania 1901.
  • Indstilling fra Trafikplankomitéen av 1919. Bergen 1921.
  • Firda, 1936.
  • Kommunalsoga for Førde Herad 1837-1937. Førde 1937.
  • Nagell, Otto: Det norske vegvesenes historie med oversikt over statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd. III, Olso 1950.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
  • Schei, Nikolai: Haukedalen. I Sogeblad frå Førde kommune, s. 41-46, hefte 2, 1984.
  • Haaland, Sivert: Haukedalen. I Sogeblad frå Førde kommune, s. 19-22, hefte 6, 1988.
  • Frøysland, Johannes: Dugnadsarbeid i Haukedalen. I Sogeblad frå Førde kommune, s. 24, hefte 12, 1994.
  • Haukedølene vil ha bilveg. I Sogeblad frå Førde kommune, s.72, hefte 18, 2000.