Oppstryn kyrkje ligg på garden Fosnes på sørsida av Strynevatnet.

Oppstryn church is situated on the farm of Fosnes on the southern side of the lake of Strynevatnet.

Datering
2003.
Fotograf
Svein F. Rønne.
Eigar
Stryn fellesråd.

Oppstryn kyrkje

Oppstryn kyrkje er ei langkyrkje i tre på garden Fosnes i Stryn kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 1. november 1863 av prost Wilhelm Frimann Koren. Kaptein Ludolph Rolfsen laga teikningane, basert på arkitekt Linstow sine typeteikningar. Oppstryn kyrkje er soknekyrkje for Oppstryn sokn i Stryn prestegjeld.

Ulik nabokyrkja

Berre fire år etter at nabokyrkja i Nedstryn stod ferdig, var det tid for å vigsle den nye kyrkja ved Strynevatnet. Det vitnar ikkje berre om den sterke byggjeånda som rådde i denne perioden, det fortel også om eit stort løft som samtlege husstandar i området deltok i.

Oppstryn kyrkje ligg fint til på ei slette nede ved vatnet, godt synleg like attmed vegen. Kyrkja hadde same byggmeister som nabokyrkja, men bygningane er likevel ulike. Innvendig har Oppstryn kyrkje lyse vegger og varme fargar; oransje, grønt og ein slags gråoker. Kyrkja har eit alminneleg våpenhus, plassert i nedste delen av tårnfoten. Utvendig er denne nokså ruvande og reiser seg over gavlen på kyrkjetaket. Over er der tårnhals med takmøne på sidene.

Image
Kyrkja har eit tårn som ruvar. Grunnen under kyrkja tolte ikkje tyngda av tårnet, og tidleg på 1900-talet måtte det byggjast ny grunnmur.

The church has a towering steeple. The ground under the church started to sink because of the weight of the steeple and in the early 20th century, a new foundation wall had to be built.

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gravlagde under golvet

Tidleg på 1900-talet vart det flate taket måla kvitt både i skipet og koret. Galleriet var lysfiolett med kvitmåla ruter. Desse fargane gjekk òg att i interiøret elles. Til 100-årsjubileet i 1963 vart kyrkja pussa opp att, og fekk då gule tak med oransjeraude bjelkar. Veggene vart måla gråkvite, og benkene og alterringen i nyansane grønt, grått og kvitt. Galleriet fekk etter oppussinga nyansane raudt, grønt, grått og gult. Det same har preikestolen. Til 100-årsjubileet vart det også bygt nye sakristi i forlenginga av koret, og i samband med det grave ut kjellar til bårerom, reiskapsrom og toalett. I samband med utgravinga av kjellaren vart det funne ei mengd menneskebein, og det er tydeleg at skikken med å gravleggje folk under golvet i koret, og elles i kyrkja, har vore vanleg. Her som i Nedstryn har gravene eller kistene fått vere i fred.

Til jubileet vart kyrkja også utvendig pussa og måla opp att i kvitt. Kven som kan skuldast for at muren ikkje var godt nok fundamentert er ikkje kjend, men i 1908 vart det oppdaga at grunnen under tårnfoten var i ferd med å sige unna. Delar av kyrkja vart heva ved hjelp av jekteskruar, og det var bygt ny grunnmur under tårnet.

Interiør

Til liks med Nedstryn kyrkje er galleriet bygt fram langs veggene i skipet, men her er hjørna kanta i staden for avrunda. Galleriet vert halde oppe av seks kraftige søyler. I skipet er der inngangsdør berre på nordsida, med to store vindauge på kvar side. På sørsida er der tre vindauge. Det mest spesielle vindauget er det som står over inngangdøra på sideveggen. Det vert fortalt at dette vindauget skal vere frå den aller fyrste kyrkja i bygda, den gamle stavkyrkja på Nesi.

Det er gjort små endringar i interiøret. Stolbenken til prestefrua står framme på nordsida i koret slik han alltid har gjort. Stolbenkene som tilhøyrde klokkaren og medhjelparen til presten står på sørsida. I dag er det berre klokkarstolen som er i bruk.

Image
Frå interiøret i kyrkja, skipet sett mot koret. I 1963 vart kyrkja pussa opp til 100-årsjubileet, og fekk då gule tak med oransjeraude bjelkar. Veggene vart måla gråkvite, og benkene og alterringen i nyansane grønt, grått og kvitt. Preikestolen er femkanta og står på ein åttekanta fot.

From the interior of the nave seen towards the chancel. For the centenary celebration in 1963, the church was renovated, and the ceilings were then painted in yellow with orange-red beams. The walls were painted in a greyish-white colour, and the pews and the altar rail in shades of green, grey, and white. The pulpit is pentagonal on an octagonal base.

Datering
2003.
Fotograf
Svein F. Rønne.
Eigar
Stryn fellesråd.

Image
Frå interiøret i kyrkja, skipet sett mot galleriet og våpenhuset. Galleriet fekk etter oppussinga i 1963 nyansane raudt, grønt, grått og gult. Orgelet frå 1913, som har fem stemmer og er bygt av Olsen og Jørgensen, er ei gåve frå utflytta oppstryningar i Amerika. Under galleriet heng to måleri frå tidleg på 1700-talet.

From the interior of the nave seen towards the gallery and the porch. After the 1963 renovation, the gallery was painted in shades of red, green, grey and yellow. The organ dates from 1913 and has five registers. It was built by 'Olsen & Jørgensen', and is a gift from emigrated people from this village to America. Under the gallery hang two paintings from the early 18th century.

Datering
2003.
Fotograf
Svein F. Rønne.
Eigar
Stryn fellesråd.

Kunst og inventar

Altertavla kom på plass i 1910. Ho er måla av Ferdinand Kierulf Tranaas og motivet er "Jesus i Getsemane".
På alteret står fire lysestakar i messing, to udaterte frå ei eldre kyrkje og to frå 1975.

Image
Altertavla har motivet "Jesus i Getsemane". Ho er måla av Ferdinand Kierulf Tranaas og kom på plass i 1910. På alteret står fire lysestakar i messing, to store og to små. Den åttekanta døypefonten og dåpsfatet i messing er begge frå 1863. Heilt til venstre heng måleriet frå 1622 som ei tid var altertavle.

The altarpiece has the motif 'Jesus in the garden of Gethsemane'. It was painted by Ferdinand Kierulf Tranaas and was installed in 1910. On the altar there are four brass candlesticks, two big and two small ones. The octagonal font and the brass baptismal bowl both date from 1862. To the far left is the painting from 1622 which for some time served as an altarpiece.

Datering
2003.
Fotograf
Svein F. Rønne.
Eigar
Stryn fellesråd.

Nattverdsutstyret i sølv, som er i bruk, er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, truleg frå 1863. Ein kalk og ein disk i sølv frå 1600-talet i seingotisk stil, er ikkje lenger i bruk. Kalken er eit sjeldant prydverk og er vurdert som den største og vakraste på våre kantar. Han er svært høg, 27,5 cm, sekskanta og påsett eit støypt krusifiks. På alteret ligg også eit eksemplar av Fredrik IIs Bibel, utgjeven i København 1589, og åtte salmebøker frå før 1600.

Ein kvit messehakel med svart kross, er truleg frå kring 1600.
Den femkanta preikestolen på åttekanta fot og den åttekanta døypefonten er begge frå 1863. Dåpsfatet i messing frå før 1600 er ikkje i vanleg bruk. Dåpsfatet i messing frå 1863 og dåpsmugga i sølvplett er i bruk.

Måleriet frå 1622 var tidlegare brukt som altertavle. Det vart vurdert som eit mindre vellukka måleri, sjølv om det følgde med inn i nye kyrkja. Biletet var ein kopi av eit måleri av Carlo Doliez "Kristus signar brødet". På baksida står det skrive Olaus Petri Hjolstrensis 1622.
Benken frå før 1600, kan vere del av eit alter frå stavkyrkja som stod her til 1662. Almissepungen på stang med bjølle er frå ei eldre kyrkje. Døra frå før 1600, er utstilt på veggen i våpenhuset.
Måleriet frå 1704 som framstiller "Jesus i Getsemane", og måleriet frå 1714 som framstiller "Dei ti brurmøyane" (Matt. 25,1-13), er måla av Jørgen Clausen Berge.

Her er to kyrkjeklokker. Den eine er frå 1702, men kan vere omstøypt av ei eldre klokke. Ho har innskrifta "Soli Deo Gloria" (Åleine Gud skal ha Æra) og "F4" (Fredrik 4). Den andre er truleg frå 1863.

Image
Oppstryn kyrkje ligg fint til på ei slette nede ved vatnet.


Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.