Storeloga og Vesleloga
Storeloga og Vesleloga, /vilkjelO:ja/ ligg langt til fjells over Innvik i Nordfjord, like ved sida av kvarandre vest for Vikadalen. På Nordsida av fjorden festar dei mest augene på Storeloga, som dei oftast kallar berre Loga, uttala /'lO:ja/, (i Indre Nordfjord ein lyd mellom «ø» og «å»). Den liknar ei stor skål med skarpe kantar og evig is i botnen, nederst eit lite vatn (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det er nok dette vatnet som opphavleg har namnet Loga. Namnet kunne kanskje skrivast Logja.
Mange elvar heiter Lågen
Stadnamn med «log» eller «låg» finst mange stader: Loget (Selje), Loga (Naustdal), Låga (Fjaler). Skrivemåten varierer mellom /-O-/ og /-å-/, avhengig av dialekten på staden. Og går vi til Austlandet, finst det fleire elvar og vatn som heiter Lågen, Gudbrandsdalslågen, Numedalslågen, Nordmannslågen eller Laugen. I Luster var det for lang tid tilbake ein gard med namnet Laug, nemnt i Bergens Kalvskinn ca.1350. I Buskerud finst også gardsnamnet Laugen. Førsteleddet i Lagareidet, «lagar-» er genitivsforma av «log». Denne genitiven finn vi og i bynamnet Larvik i Vestfold, som opprinneleg heitte Lagarvik. Substantivet «log» fanst både som hankjønn, hokjønn og inkjekjønn.
Historia om Bjørnalogen er truleg oppdikta
Ved Hogden i Stryn finn vi Bjørnalogen, der eit fortal seier at ein bjørn velte seg nedi eit myrhol for å sløkkje varmen i pelsen. Det vert fortalt at ei budeie på støylen vart angripen av ein bjørn, men at ho greidde å berge seg ved å sette fyr på pelsen hans, slik at han stakk av. Men det same namnet, Bjørnalogen, finn vi på 7 stader i Indre Nordfjord, dessutan i Bremanger og Jølster. Om denne hendinga kanskje skjedde i Stryn, kan det ikkje vere forklaring på namnet dei fire andre stadene. Historia er vel truleg oppdikta, eit døme på folkeetymologi.
Det er lett å blande ordet «loge» = eld, saman med «ei lege» (der ein ligg), som også kan heite «ei loge/låge». I Utvik var Bjørnalogane kanskje eit bjørnehi. Loga på garden Folven i Oppstryn var eit gammalt bjørnehi.
Eineloga er ei innloge = innlegd
Ei «innlege/innlegd» heiter fleire stader i fylket Innloga eller Innlogene. Eineloga i Fjaler er namn på 2 kvier, som vart lagt inn til innmarka. Lågene i Aurland er åker- og sletteland, truleg liggeplass for dyra. Området Lambelogen i Stryn var vel også ein liggeplass.
Log kan vere lake, utkok av plantar
Ordet er framleis mykje brukt: einelog, briskelog, tjørelog, humlelog, barkelog. Brukt i tydinga «utkok av plantar». «Jarnlå» var namn på vatn med raud farge, der det var jarn i myra. Elles brukar vi ofte det beslekta ordet «lake», mest om saltlake, på nederlandsk: «laak», men og om sumpvatn og stilleståande vatn. Ordet «løk» = utviding i elv eller bekk, er ei avleiing: Grøneløkane, Løkja i Stryn. På tysk heiter det Lache.
Finst over heile det indoeuropeiske området
Desse orda er felleseuropeiske: indoeuropeisk: «laku», germansk: «lagu», latin: «lacus», italiensk: «lago» t.d. Lago Maggiore og Lago di Garda, engelsk: «lake» som i Lake Ontario, irsk/gælisk: «loch» som Loch Ness, sørslavisk: «lokva», gresk: «lakkos». Ordet «lagune» har same opphav. Det er ein grunn kystsjø som er skilt frå havet ved ei landtunge. Lagunen er nok ikkje mykje brukt i stadnamn, anna enn som namn på kjøpesenter både i Norge (Bergen) og Sverige (Strömstad), men Lagunen i Venezia står på verdsarvlista.
Laurdagen er vaskedagen
Vekedagane våre har namn etter sol, måne og nordiske gudar. Men etter ei lang veke kom dagen for å vaske seg, lauge. Det vart til laurdag = norrønt «laugardagr», eigentleg «vaskedag». Og dei som har vore på Island, har kanskje besøkt Snorrelaug, der Snorre Sturlason budde.
Kanskje kan innvikarane ein laurdag ta eit felles «islaug» i Loga?