Soknepresten i Solund: Merknad i innførsle i ministerialprotokoll, «døde og begravede», april 1891.

Skonnert «Iris» forliste ved Solund 1891

«Langfredag Morgen», 27. mars 1891, blei det funne eit ilanddrive lik i Solund. Den omkomne hadde på seg redningsvest der det stod «Iris» og «Egersund», og på underkleda hans stod påsydd bokstavane «A.J». Kven var den omkomne, og kva hadde skjedd?

Notis i aviser

Ti dagar etter likfunnet hadde Aftenposten notis om eit sannsynleg forlis «i Sognefjordens Indløb». Notisen byggjer på melding (telegram) frå Egersund, og har soknepresten i Solund som kjelde. Det går fram at «Iris» tidlegare hadde vore heimehøyrande i Egersund, men ikkje no. Alt tyder på at båten hadde fått ny heimehamn, at «Iris» nyleg har blitt seld.

«Sogneprest til Sulen beretter: at det her [i Egersund] tidligere hjemmehørende Fartøi «Iris» sandsynligvis er forlist med Mand og Mus i Sognefjordens Indløb Nat til Langfredag [27. april] i Snetykke. En Mand, hvis Underklæder var merket A. J., fandtes ilanddrevet i en Redningsbøie, merket «Iris» Egersund»

I dagane etter hadde fleire aviser notis med omtrent same innhald som notisen i Aftenposten, men ei avis, Norges Sjøfartstidende, tysdag 7. april, hadde andre opplysningar. Her går det fram at «Iris» var heimehøyrande i Stavanger, og var på reise frå Sandnes til Kristiansund. Heile besetningen på 4 mann og ein kjentmann (los) var omkomne. Fartøyet var assurert i «Hundvaag Skibsassurance». 

Image
Notis i Aftenposten, 6. april 1891, om «sandsynlig» forlis «i Mundingen af Sognefjorden».

Innførsle i kyrkjebok

Avisnotisene melde om ei hending som var under etterforsking. Kommunikasjon mellom Rogaland og Sogn og Fjordane tok tid. Pr 1890 var dei næraste telegrafstasjonane i Florø og Bergen. Nordre Bergenhus Amts Dampskibe hadde rutefart mellom amtet og Bergen. Etterforskinga tok tid. Først etter at hendinga var ferdig etterforska – så langt det let seg gjera –, kunne soknepresten i Solund notera fakta om ilanddrivne «A.J.» i Ministerialbok for Solund sokneprestembete, «døde og begravede» 1888 – 1893, Husøy sokn. (innførsle nr. 3, 1891):

Andreas Johnsen, var gift «Skibstømmermand», fødd 1837, frå Buøy i Stavanger. Dødsdato 26. mars, er notert med spørsmålsteikn. Den døde vart gravlagd, tysdag, 1.april på kyrkjegarden ved Husøy kapell på Husøy. I ein merknad, som ikkje er heilt lett å lesa, ser det ut til å stå: «Kom paaland på …øen Langfredag Morgen. (…) ilandskyllet ved Skonnert «Iris» Forlis.»

Image
Matros Andreas Johnsen, funnen omkomen i Solund 26.mars 1891, vart gravlagd 1. april s.å. på kyrkjegarden ved Husøy kapell. Kapellet på Husøy vart rive i 1897 etter at det var komen ny kyrkje i Straumen.
Eigar
Selja forlag. I På kyrkjeferd, 78 ulukker og skipsforlis i Sogn og Fjordane.

Den 54 år gamle Andreas Johnsen som omkom i ytre Solund våren 1891, og som fekk si grav på kyrkjegarden på Husøy, var «kjær ektefelle» og «familiefar som kom bort for alltid» (jfr. Havet tok, sjå lenger nede). Folketeljinga 1891, for Stavanger kjøpstad, er ei kjelde til meir kunnskap om mannen. Det går fram at «matros» Andreas Johnsen og huslyden hans pr. 1.1.1891, – tre månader før han omkom -, hadde bustadadresse Buøy, Stavanger,  og budde oppe på «kvist» i eit hus der det i første etasje budde ein jekteførar. I husværet budde 8 personar;  mann og kone med 5 born, og ei eldre kvinne. Huslyden hadde 10 høns.

Noteringar i folketeljinga 1891, 31. desember, Stavanger, om huslyden Andreas Johnsen, busett på Buøy:

1 Andreas Johnsen, fødd 1837
2 Karoline Johnsen, kone, fødd 1847

Born:
3 Peder Bertoll, fødd 1875
4 Berthe Andrea, fødd 1876
5 Inger Karoline, fødd 1881
6 Ragnhild, fødd 1881
7 Antonette K.L., fødd 1889, juli

Losjerande, som høyrde til familien:
8. Sevrine Monsen, enkje, fødd 1826

Om skonnert «Iris»

Kvart skip har eit «livsløp», frå «fødsel» til «grav»; byggjing, eigarskap, mannskap, frakting og fart, særlege hendingar, sluttstrek. Årbok for Dalane 1982/1983/vol. 5 har eit lite avsnitt om skonnert «Iris» i Egersund-perioden. Avsnittet er ordrett det same som i avisa Dalane Tidende 12.12.1934. Det går fram at skonnert «Iris» var bygd i Norge, og var ein liten skonnert på ca 65 tonn. Skipsreiar var Lars Samuelsen og kaptein A. Endresen. Skuta gjekk for det meste i fart med kol og leir (Egersund Fayanse) på Egersund. Avsnittet sluttar med opplysningen «Senere solgt»; - til Stavanger, kan det leggjast til.

Eitt av dei mange forlisa

Boka Havet tok(…), Selja forlag 2003, omtalar 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane. – «Det er berre ein ørliten del av alle forlisa på kysten av Sogn og Fjordane», skriv forfattaren, Malvin Toft i føreordet. «Diverre hende det altfor mange gonger at skip forliste, og at ein kjær ektefelle eller familiefar kom bort for alltid.»
Det står ikkje noko i boka om eit forlis i Solund våren 1891. «Iris»-forliset ser heller ikkje ut til å vera skrive om i annan lokalhistorisk litteratur. Denne artikkelen er eit tilskot til kunnskap om forliset. Artikkelen byggjer berre på nokre få kjelder. Mange spørsmål står utan svar. Kven var dei fire andre? Vart det funne vrakrestar? Kva kan etterkomarar eventuelt fortelja?

Toft, Malvin: Havet tok. 78 skipsulukker og forlis i Sogn og Fjordane. Selja forlag 2003.
Aftenposten 06.04.1891 (Digital utgave)
Norges Sjøfarstidende 07.04.1891 (Digital utgave)
Dalane Tidende 12.12.1934 (Digital utgave)
SAB, Solund Sokneprestembete, Ministerialbok nr. C 1, 1881-1896, s. 48 (Digital utgave)
 RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 23772 (Digital utgave)
RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 4068 (Digital utgave)