Frå avdukinga av minnesteinen over Jon J. Hop, søndag 11. juli 1943.

From the unveiling ceremony of the memorial for Jon J. Hop.

Datering
1945-1950.
Fotograf
Tom Vassdal.
Eigar
Leif Hop / Fylkesarkivet, SFFf-88160.0011.

Minnestein over Jon J. Hop

Jon J. Hop var den første frå Solund som miste livet i krigen 1940-1945. Han var mannskap på ein båt på veg for å henta mjøl i Vaksdal. Båten vart kapra av tyskarane og kom under eld av norske styrkar. Jon og fleire andre ombord vart drepne. Etter krigen vart det reist minnestein over Jon J. Hop.

Om Jon Hop i bokverket Våre Falne

Image
Jon J. Hop, fall 20. april 1940, 18 år gamal.

Jon J. Hop, fallen on 20 April, 1940, 18 years old.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Våre Falne

HOP, JON OLAI, fiskar og gardbrukar, Solund. Fødd 15. april 1922 i Solund, s. til Jacob Johan Hop, f. 1898 i Solund, d. 1935, og Astrid Sofie, f. Brosvik, f. 1895 i Gulen. Den 20. april 1940 reiste han med ein motorkutter til Vaksdal for å henta mjøllast til Solund forsyningsnemnd, men vart kapra i Osterfjorden av tyskarar som ville nytta båten. Tyskarane kom i kamp med norske vakter på land, og Jon Hop vart drepen av ei kule. Gravlagd i Solund.

Meir om den tragiske hendinga

Kort tid etter krigsutbrotet 9. april 1940 vart fire farty frå Solund dirigerte til Vaksdal Mølle for å henta mjøl. Ein av båtane var Fremad 2 med eit mannskap på tre, mellom dei den 18 år gamle Jon Hop. Truleg gjekk dei ved ei mistyding 20. april inn Sørfjorden, i staden for den vanlege ruta inn Osterfjorden. Ved Trengereid vart dei stogga av tyskarane som kapra båten og ga ordre om å føra eit tysk kompani lenger innover, for å koma i ryggen på dei norske styrkane. Kutteren vart teken under eld av norske styrkar og mange fall, også Jon Hop. Dei to andre vart ikkje såra endå kulene gjekk gjennom kleda deira.

Image
Fremad II vart ikkje alvorleg skadd under skytinga 20. april. Seinare kom båten til England med ungdommar som ville over for å ta del i frigjeringskampen. Biletet er teke då Fremad II kom att etter krigen.

<i>Fremad II</i> was not seriously damaged during the shooting on 20 April. Later the boat was taken to England by young people who wanted to do their part in the struggle for liberty. The picture was taken when <i>Fremad II</i> came back after the war.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Minnesteinen

Minnesteinen som står på kyrkjegarden på Hardbakke på sørsida av kyrkja, er obeliskforma, grovt tilhoggen, 180 cm høg og 57 cm x 36 cm nede. Både innskrifta og symbolet kraftig kross med ring er hogd inn. På framsida står: Jon J. Hop * F 15-4 1922 * Fall 20 - 4 1940. På baksida: Bygdefolket * reiste steinen * i takksemd.

Minnesteinen vart avduka søndag, 11. juli 1943. Domprost Haugsøen og prestane Storeide og Vatne var tilstades under seremonien.

Image
Minnesteinen på grava til Jon J. Hop. Grava er pent stelt heile året og det vert lagt ned blomar kvart år til 17. mai.

The memorial stone on the grave of Jon J. Hop. The grave is nicely tended all year, and flowers are put on it every year for 17 May.

Datering
2001.
Fotograf
Ole Stian Hovland.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Våre Falne. Bind 2. Oslo 1948.
Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten.
Opplysningar frå:
Hans H. Steinsund, Solund.