Leikny Aasen og Vidar Underseth spelar Brureslått etter Edvard Staumen, Solund, i Den norske sjømannskyrkja i New York. Det var i august 2000 i samband med gudsteneste.

Leikny Aasen and Vidar Underseth performing a wedding dance after Edvard Staumen, Solund, in the Norwegian Seamen's Church in New York, in August, 2000, in connection with a church service.

Datering
2000.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Vidar Underseth.

Med sulespringar på dansefoten

Ein variant av springdansen er sulespringaren. Denne dansen, og feleslåttar oppteikna etter spelemenn i ytre Solund, gjer stor lukke anten sulingen Vidar Underseth slår til på landskappleikar eller på tilskipingar i utlandet.

Springaren stod seg i tevlinga

Like attende på 1700-talet var dansen framom andre i kyststroka springar, som springdansen vart kalla i Solund. Halling vart òg brukt. Utanom desse kom nokre gamle bryllaupsdansar, som t.d. langedansen eller endeløysa, der spelemannen sprang føre med dansarane i ei lang rekkje etter seg. Runddansar som reinlendar, springpolka og vals kom utpå 1800-talet og vart fort populære. Desse slåttetypane høvde også godt for trekkspel, som kom i bruk kring 1900. Springaren stod seg best av dei gamle dansane og var vanleg i bryllaup og samkomer med dans, mykje av di han har tilknyting til fela, som hadde sterk tradisjon i bryllaup.

Gode speletradisjonar i ytre Solund

Særleg i vestre Solund var det fleire habile felespelarar. Den mest kjende var Peder i Straumen (1854-1944). Han er beste kjelda for slåttesamlaren og spelemannen Arne Bjørndal. Bjørndal hadde kone frå Straumen og skreiv ned mange slåttar etter Peder, også ein langedans. Bjørndalsarkivet i Bergen har dessutan opptak og nedskrivne slåttar etter Herman Straumen, sonen til Peder. Bånsullar og slåttestev er òg med.
Spelemenn i Solund var på Lærdalsmarknaden, der storspelarar også kom, og der det var vanleg å byte slåttar. Bergen var ein viktig møte- og handelsplass. Fleire spelemenn i Solund nytta hardingfeler laga av felemakar Anders Heldal (1811-1897) i Bergen.

Sulespringaren lokal variant

Springaren har dialekt-preg som språket. Det finst filmopptak på kring 13 variantar frå ytst til inst langs Sognefjorden. Skilnaden kan vere tak og vendingar.
I 1975-1976 vart det gjort filmopptak med eldre sulingar som hadde dansa springar og kjende dansen godt. Ei gruppe yngre dansarar, med Vidar Underseth i spissen, var i Trondheim 1987 (Rådet for folkemusikk og folkedans) der dei skreiv ned og lærte sulespringaren, og brukte dansen vidare. Underseth hadde dessutan eit innsamlingsprosjekt i 1990-1991, med intervju og filmopptak. Dermed vart sulespringaren godt dokumentert.
Underseth har dansa sulespringar på tevlingar sidan 1988. Dansepartnar på kappleikar har vore Leikny Aasen, og i andre samanhengar Hilde Bjørkum.

Elitedansarar i ørkensand

På landskappleiken på Nordfjordeid i 1990 fekk Vidar Underseth 1. premie i B-klassen og var dermed kvalifisert for opprykk. I A-klassen har han hevda seg godt. Han fekk 3. plass i 2000 under landskappleiken på Voss.
Som distriktsmusikar (hardingfele) i Sogn og Fjordane og medlem i Ålesund spelmannslag har han hatt godt høve til å bruke suleslåttar og sullar både i innland og utland. I Frankrike har han vore fleire gonger, m.a. på 1000-årsjubiletet for Gange-Rolf. Som fylkesmusikarar var Vidar Underseth og Hilde Bjørkum i Botswana der dei bl.a. dansa sulespringar i eit telt langt ute i Kalahari-ørkenen! Med ærverdige hovdingar blant publikum.

Image
Vestlandskappleik på Sandane i 1993. Leikny Aasen og Vidar Underseth dansar Springar frå Solund (sulespringar). Vidar er òg hallingdansar, det er jamvel yrkestittelen hans i telefonkatalogen! Halling dansar han i A-klassen både som pardans og solodans. Han har vunne landskappleiken 3 gonger med parhalling saman med Hilde Bjørkum, og i 1989 fekk dei kongepokal. Dessutan har han vore nr. 2 med halling (laus) to gonger på landskappleik.

Competition at Sandane in 1993, Leikny Aasen and Vidar Underseth performing the Solund "springar". Vidar is also a "halling" dancer which is actually the title he uses in the telephone directory! He dances the "halling" in class A both with a partner and solo. He has won the national competition three times with Hilde Bjørkum, in 1989 they received the King's Cup. Twice he has won second place in solo "halling" dancing at the national competition.

Datering
1993.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Vidar Underseth.

Image
Blant stradivariusar og ei mengd ulike instrument frå all verdas kantar har Leikny Aasen og Vidar Underseth konsert på Metropolitan Museum of Art i New York.

Among Stradivariuses and a large collection of different instruments from around the world, Leikny Aasen and Vidar Underseth give a concert at the Metropolitan Museum of Art in New York.

Datering
2000.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Vidar Underseth.

Formidlar tradisjonen vidare

Sulespringar har Underseth dansa både i Polen og USA. Fleire vender har han vore på vitjing i USA der han har spelt og dansa både vest- og austpå. I Midtvesten hadde Vidar Underseth og Leikny Aasen år 2000 kurs i sulespringar. Same året var han i Sablé i Frankrike på eit instruksjonsoppdrag i dans og felespel. I Paris vart det plateinnspeling på hardingfele i Radio France. Her tok han med fleire slåttar frå Solund.
Både i kappleiksamanheng og under konsertoppdrag er det naturleg for Underseth å leggje inn slåttar han har frå Solund. Stadig er han rundt og lærer unge å spele hardingfele, og då lærer han gjerne bort nokre suleslåttar i same snuen.


Vidar Underseth på lydband til Hans H. Steinsund.

Aktuelle nettstader: