Tidleg på våren 1933. Bygningsfolka og dugnadsgjengen jobba intenst med å få huset såpass ferdig at dei kunne feire grunnlovsdagen her. Eit inngangsparti i enden av huset måtte vente til etterpå. Å få huset opp, utan kledning men med skifer på, tok 17 dagar. Støypesanden kom frå Gjertsen i Salbu, forskalingsmaterialane frå Florvaag Bruk i Bergen og frå Skjerjehamn Trelast, medan bygningsplanken vart kjøpt frå Namsos-traktene sidan han skulle vere billegast der.

Early spring of 1933. The carpenters and the voluntary work force worked very hard to complete the house, at least enough so that the Day of Independence could be celebrated there. An entrance section at the short end of the house had to wait. It took 17 days to build the house, without wood panelling, but with slate on the roof. The sand for the concrete came from Gjertsen in Salbu, the scaffolding materials from Florvaag Bruk in Bergen og from Skjerjehamn Trelast, while the weatherboarding was bought from the Namsos area, where they offered the best price.

Datering
1933.
Fotograf
Lovise Pollen.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-89082.0007.

Det gamle ungdomshuset på Hardbakke

Etter år på vandring mellom skulehus, privathus og prestelåve var det ufatteleg stort for Hardbakke ungdomslag å flytte inn i eige hus i 1933. Ungdomshuset vart ein nyttig og kjær samlingsstad for Solund-samfunnet i dei nær 35 åra fram til brannen la det øyde.

Møte i skulehuset, dans på prestelåven

Hardbakke ungdomslag, seinare Solund ungdomslag, kunne feire 75-årsjubileum i 2001. Men laget hadde sett dagslys og med visse avbrot eksistert endå ein 10-årsbolk før.
Som i dei fleste tilsvarande lag måtte ungdommane også her låne hus dei første åra. Ungdomslagsmøte og julefestar kunne dei halde i det gamle skulehuset. Større tilskipingar med skodespel og dans avvikla dei på prestelåven. Jamvel om prestane var heller romslege, måtte ein ta omsyn og fare varleg. Draumen om eige hus voks seg stadig sterkare. Men med ein kapital på berre godt tre og eit halvt tusen kroner var det berre ungdommar som kunne tenkje så dristig.

Splitterny oselvar som loddgevinst

Kring 1930 vart laget omskipa med nytt styre og Sverre Takle som formann (faktaboks). Frå no av vart det arbeidd meir målretta med å skaffe pengar til nytt hus, med basarar, pakkefestar og utloddingar. Ein ny grammofon innkjøpt til 90 kroner var spinndyr. Då gav det meir av seg med den nybygde oselvaren frå sjølvaste Henrik Askvik, koparklinka og lakkert, pris 185 kroner. Den tente laget 117 kroner på! Ein gut i Folkestadbygda var den heldige vinnaren. Tomta, som det var brei semje om, låg litt opp for busetnaden på Hardbakke, like ved "ridevegen" Hop-Hardbakke.

Hausten 1932 er endeleg grunnarbeidet på Hardbakke ungdomshus i gang. Åtte modige karar og ei uforferda kokke såg ikkje nett mørkt på det. Ein stor dugnadsgjeng var i drift med å realisere draumen, å få bygt eige ungdomshus, og sanneleg stod dei også nær til i alle år huset var i funksjon. På biletet ser me Bernt Hopsdal, Paul Lien, Odd Pollen, Johannes Nesøy, Sigrid Leirvåg, Thomas Hopsdal, Andreas Årøy, Olav O. Lien og Gjert Lien.

In the autumn of 1932, the foundation work on the Hardbakke youth association house started, at long last. Eight courageous young men and a brave cook were optimistic. A numerous voluntary work force were realizing their dream, a house of their own, and they were willing to give a hand later as well, as long as the house was in use. In the picture: Bernt Hopsdal, Paul Lien, Odd Pollen, Johannes Nesøy, Sigrid Leirvåg, Thomas Hopsdal, Andreas Årøy, Olav O. Lien, and Gjert Lien.

Datering
1932.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-89082.0006.

Fire og eit halvt tusen i startkapital

Hausten 1932 hadde kapitalen vakse med eitt tusen kroner og grunnarbeidet vart sett i gang. Med hakke, spade, spett og trillebåre arbeidde dugnadsgjengen med liv og lyst. Noko sprenging måtte til. Ein dugande gardssmed kvesste borar for til saman kr 7,50!
Under vintersildfisket var sjølvsagt alle mannfolk vekkreiste, men truleg var grunnmuren ferdigstøypt før dei fór.
Trematerialane til huset vart kjøpt frå Trøndelag og kom på kr 1638,80. Skiferen var heller dyr, kr 501,95. Dei tre bygningsmennene som reiste huset, fekk utbetalt til saman 285 kroner, men lagsmedlemmer hadde hjelpt til. Jentene i laget skiftest om matlaginga.

Opningsfest på grunnlovsdagen

17. mai 1933 stod opningsfesten. Programmet var rikhaldig, gleda overveldande og dei unge, viljefaste eldsjelene fekk velfortent ros. Under springpolkaen dissa golvbjelkane så livleg at folk måtte ta full pause og stive av bjelkelaget før dei kunne halde fram. Huset hadde gang og festsal med scene. På kvar side av scenen var eit lite kammers. I kjellaren gang, matsal, kjøken og eit par andre mindre rom. 

Då pipa var ferdigpussa og alt pussearbeidet inn- og utvendig på grunnmuren var pent og solid utført, hadde huset ei lånegjeld på 700 kroner. Huset vart bygt etter ei skisse formannen gjorde av ungdomshuset i Vadheim.

Uforståeleg flammehav 29. juli 1967

Frå hausten 1935 var det skipa til folkebad i kjellaren, med vedfyrt badekjel. Det var to baderom med dusj og badekar på kvart. To dagar i veka kunne folk få bade.
Utanom laget sine samkomer, med programmøte, festar, skodespel og dans, stod huset til disposisjon for det meste av tilskipingar i lokalsamfunnet.
Sårt var å sjå at huset gjekk opp i flammar olsokaftan 1967. Mange strøymde til, men ingenting kunne bergast. Først på olsokaftan 5 år seinare vart det innviingsfest for det nye Solund Grendahus på Hardbakke, men det var reist på ein annan stad.

Biletet frå sist på 1950-talet viser kvar ungdomshuset (t.v. m. flaggstong) låg plassert, litt i utkanten av kommunesenteret Hardbakke. Me ser ein bit av vegen Hop- Hardbakke, som vart bygd like etter 1860 og var klassifisert som "ridevei". Området her er i dag del av byggefeltet Brattelia. På tomta der ungdomshuset stod, der unge og eldre møttest til samvær og fest, ligg no ein vakker og velstelt einebustad.

The picture from the late 1950s shows where the youth clubhouse was located (to the left with the flagstaff), on the outskirts of the municipal centre of Hardbakke. A little of the road Hop-Hardbakke can be seen, built in the early 1860s and classified as a "riding path". The area is today a part of the housing estate of Brattelia. On the site where the youth association house stood, and where young and old met for companionship and celebrations, there is now a beautiful and well-kept detached house.

Datering
Ca. 1958.
Fotograf
Johannes Mathiesen.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-88169.0019.

Etter ei omskiping av ungdomslaget kring 1930 overtok Sverre Takle som formann. Han hadde seinare mange kommunale verv og var ordførar i Solund i to periodar.

  • Steinsund, Hans H.: Ungdomshus og lagsliv i havkanten. I Årbok for Sogn. 1993.