Sparebanken Sogn og Fjordane - Leikanger på Hermansverk. Leikanger Sparebank bygde huset og flytte inn med hovudkontoret sitt her i 1992.
Datering
2002.
Fotograf
hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane på Hermansverk

Leikanger Sparebank, skipa 1864, gjekk 1. april 1988 med i den fylkesomfattande Sparebanken Sogn og Fjordane. I 1992 flytte banken inn i næringsbygget sitt på Hermansverk. Det var den fjerde flyttesjauen i løpet av 54 år.

Sparebanken på Hermansverk

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt hus på Hermansverk var planlagt for eiga verksemd og utleige, og stod ferdig hausten 1985. Banken oppretta i fyrste omgang ny filial i det nye bygget, men flytte inn med hovudkontoret sitt i 1992. Lensmannen i Leikanger, Distriktstannlegen i Leikanger og Sogn Politikammer var mellom dei fyrste leigetakarane. Seinare har nokre verksemder flytta ut, medan andre er komne inn. I 2003 er Leikanger Næringshage AS den største leigetakaren.

Kort historisk oversyn

Sparebanken på Leikanger vart skipa som Leikanger Sparebank i 1864 og dreiv som sjølvstendig bank fram til 1. april 1988 då banken gjekk med i den fylkesomfattande Sparebanken Sogn og Fjordane. Før 1864 nytta folk Tjugum Sparebank (Balestrand Sparebank) skipa i 1847. Bygdene Feios og Fresvik på sørsida av fjorden, som høyrde til Leikangar kommune til 1992 fekk kontordagar før 1970 og seinare faste filialar. Då hovudkontoret i 1992 flytte til Hermansverk, vart det samstundest oppretta filial på Hanehaug. Denne vart nedlagd då Samvirkelaget på Hanehaug stengde dørene ved årsskiftet 2000/2001.

Image
Det fyrste bankhuset på Leikanger, bygd av eit eldre skulehus flytta frå Halland i 1878. Huset låg i nærleiken tinghusa. Det vart rive då riksvegen vart utvida på slutten av 1930-talet.
Datering
1962.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Leikanger Sparebank 100 år.

Bankhuset ved Tinghuset

Eit kort stykke opp frå tinghusa og kyrkja ligg huset banken bygde og tok i bruk i 1962. Huset er eit typisk 1960-tals bygg. Utanom banklokala var her husvære og utleigelokale. Banken selde huset til Slinde Transport i 1996 som seinare selde til arkitektfirmaet Lokus, Leikanger.

Image
Leikanger Sparebank sitt hus frå 1962 til 1992. Huset ligg på oppsida av riksvegen ved tinghusa og kyrkja. I 2003 held arkitektfirmet Lokus til her.
Datering
1962.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Leikanger Sparebank 100 år.

Det fyrste bankhuset

I åra 1939 – 1962 heldt banken til i kommunen sitt tinghus, bygd 1939. Banken måtte flytta frå eige banklokale då riksvegen gjennom bygda vart utvida. Huset hadde då tent som banklokale i om lag femti år. Det var i 1878 banken kjøpte eit skulehus som stod på Halland, reiv huset og sette det opp tett attmed bygdevegen om lag halvveges mellom Hanehaug og Hermansverk. I 1906 vart det mykje påkosta og mellom anna sett opp sval over troppa i den søre enden.

Dei fyrste 15 åra etter skipinga i 1864 heldt banken skiftesvis til hjå fleire av banktenestemennene.

Bankran

Sparebanken i Leikanger er den einaste banken i Sogn og Fjordane som har vorte rana. Det skjedde natt til 28. desember 1889. To ungdommar braut seg inn i banklokalet og tok med seg heile pengeskåpet. Det vart seinare funne att nedsøkt i sjøen.

Banken tok etterpå kontakt med forleggjaren og systrendingen Olaf Huseby i Oslo for å få han til å skaffa dei eit nytt skåp. Han skriv:"Det vækker lidt mundterhed her, at nogle tyveknegte skulde kunne ta et helt jernskab, praktisere det ned til sjøen og sågar ind i en båd -".


Leikanger Sparebank 100 år. Leikanger 1964.
Kjelda. Nr. 3. 1997.
Opplysningar frå:
Banksjef Arnstein Hauståker, Sparebanken Sogn og Fjordane, Leikanger.