Minnestein over Anna Cathrine Schreuder

Minnesteinen på grava til Anna Cathrine Schreuder, mor til misjonær Hans Schreuder, står ved Stedje kyrkje. Ideen til å få sett opp denne minnesteinen vart lansert i 1917 på 100-årsdagen for Schreuders fødselsdag. Då var det eit minnestemne på Kjørnes som samla mykje folk. Men det skulle gå meir enn 10 år før ideen vart realisert.

Innskrifta på minnesteinen

På minnesteinen står det innskrive:

ANNA CATHRINE SCHREUDER * født SMITH * født i Larvik 10/11 1782 * død i Sogndal 25/6 1832.
Hun var mor til den første norske * missionær i Zululand. Biskop * HANS PALUDAN SMITH SCHREUDER * født paa Kjørnes i Sogndal 18/6 1817 * død 1882 i Natal.
Missionsvenner reiste * fru SCHREUDER dette minde i 1927.

Avdukinga

Det var sokneprest Johannes Brochmann i Sogndal som gjekk i brodden for å få reist ein minnestein på grava til Anna Cathrine Schreuder. Han ynskte å heidra minnet om misjonær Schreuder ved også å ta vare på minnet om mora.

Minnesteinen vart avduka under ei misjonshøgtid søndag 1. mai 1927. Sokneprest Brochmann tala varmt og vakkert om misjonsbiskop Schreuder sitt store og grunnleggjande misjonsarbeid i Zululand. Minst like varmhjarta tala han om fru Schreuder, mor til misjonæren, som hadde tent kjærleiken til misjonen i hjarta hans.

Av tysk slekt

Anna Cathrine Schreuder var dotter til godsforvaltar Hans Paludan Smith i grevskapet Larvik. Han var av ei flensburgsk slekt. Ho vart gift med overrettssprokurator (-sakførar), seinare fut, Otto Schreuder. Familien kom til Sogndal og busette seg på Kjørnes. Dei fekk fem born. Anna Cathrine døydde i Sogndal 25. juni 1832 etter lang tids sjukdom, og vart gravlagd 2. juli.

Image
Huset på Kjørnes der familien Schreuder budde i åra til 1832. Biletet er teke i 1992, same året som misjonsfolket sette opp ei minneplate om misjonær Schreuder på framsida av huset.

The house at Kjørnes where the Schreuder family lived in the years up to 1832. The picture was taken in 1992, the same year as mission friends placed a plaque commemorating the missionary at the front of the house.

Datering
1992.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nært forhold mellom mor og son

Liv Bergsholm fortel noko om forholdet mellom Hans og mora i skriftet Hans P.S. Schreuder. Mannen som ingen kunne stanse., utgjeven til skulebruk i 1970. Ho byggjer på skriftlege kjelder etter Hans Schreuder.

"Faren var ofte ute på reiser. Når han var hjemme, satt han for det meste travelt opptatt på kontoret. Derfor var det lite Hans så til faren. Det ble moren, Anna Cathrine, som ble det faste samlingspunkt for barna. Hun var mye syk og lå mye til sengs. Men nettopp derfor hadde hun så god tid. Hans fant ofte veien inn til sykesenga, for moren kunne lytte og gi gode råd. Hun hadde ofte svar på de mange spørsmål som tumlet rundt i et kvikt guttehode. Det var også hun som lærte ham å lese. Når Hans hadde vært i kirken, sprang han inn til moren. Han leste for henne og gjenfortalte prekenen. Det Hans hadde hørt, det husket han."


Norsk Biografisk Leksikon. Bd 12. Oslo 1954.
Norsk Misjonstidende. Nr. 24, 18. juni. Stavanger 1927.
Bergsholm, Liv: Hans P. S. Schreuder Mannen som ingen kunne stanse. Stavanger 1976.